Tekst: Johanne Flottorp

I fredagspraten fortel Lundeng om kvifor ho spelar og kvifor ho meiner at det meste i arkiva kan vere gull for nokon.

Namn: Susanne Lundeng

Fødd: 18. august 1969

Kjem frå: Bodø

Bur på: Fleinvær i Gildeskål kommune

Kvifor og kor ofte spelar du?

Som lita hadde eg alltid lyst til å spele fele, men eg veit ikkje kvifor. Det er eit av mine eigne mysterier. Men eg speler heile tida. Eg sat og spelte då du ringte nå. Det blir mange timar om dagen, dei dagane eg er heime. Då speler eg i alle fall to-tre timar. Det er ei livsnødvendigheit. Og eg har aldri vore så glad i å spele fele som det eg er nå. Etter at eg fylte 40, var det akkurat som at eg vakna. Kva dag tenkjer eg, kva skal eg gjere i dag. Jau, eg skal spele fiolin. Det gjev meg ein lykkefølelse. Far min sa alltid at viss du kan spele eit instrument, så er du aldri aleine. Det har eg tenkt mykje på, og det stemmer ganske bra.

Fiolinen er eit instrument du blir meir og meir glad i. Det er så skjørt om du ikkje spelar. Eg orker ikkje ikkje å vere speleform, det er så deprimerande. Då veit du at det tek fleire veker før du kjem opp att, og det er eg ikkje så glad i. Eg kan ofte kjenne på det når eg har vore ute på ein lang turné og er skikkeleg oppspelt og veit at det er ein månad til neste gong. Då må eg prøve å halde meg oppe, men ein får aldri det samme giret av å øve heime som når ein er ute og speler og musiserer.

Kven er dei fremste læremeistrane dine?

Eg har ikkje hatt nokon spesielle læremeistrar. På musikkskulen i Bodø bytta eg lærar veldig ofte, det var ingen som var der meir enn eit par år. Men eg har alltid hatt ein eigen drive. Eg har ikkje lært å spele fele av gamle spelemenn, eg har berre spelt med dei. Men det som har lært meg mest, er nok då eg spelte til dans i ungdommen. Då fekk eg skikkeleg god mengdetrening.

Eg er nok også ein god systematikar, og har alltid jobba mykje aleine. Så eg er ganske strukturert.

Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?

Når eg ser ting blir omtalt, så går eg ofte inn og høyrer på. Så eg høyrer på veldig mykje som kjem ut, men det er ofte låter og ikkje så ofte heile plater. Den siste heile plata eg høyrde på, var kanskje i jula. Då høyrde eg gjennom Draumkvedet med Agnes Buen Garnås og Knut Buen. Den er fantastisk fin, og då var eg i humør til å setje meg ned og vere med på den reisa.

Susanne Lundeng tilrår Draumkvedet med blant andre Agnes Buen Garnås og Knut Buen. Ein kan også sjå denne i fjernsynsversjon i NRK-arkivet.

Men eg kan ofte sette på heile album og bare danse om kveldane. Då kan eg bevege meg til ei heil plate, men det er litt situasjonsbetinga. Eg er ikkje så glad i å høyre på musikk på headset. Det gjer eg nesten aldri. Men eg har eit hus for meg sjølv i Fleinvær, og der kan eg høyre på musikk høgt i rommet.

Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?

Det er ikkje så lenge sidan eg las doktoravhandlinga til Ove Larsen om estetikken i Drevjapolsen. Eg har lese den før, men når det har gått nokre år og ein sjølv har fått noko nytt inn i hovudet, då kan det vere fint å gå tilbake. Då kan mange ting sjå annleis ut.

Folkemusikklitteratur bruker eg ofte som oppslagsverk.

Dei siste åra nå har eg vore veldig inne i arbeidet med «De salige», og når eg komponerer les eg ikkje. Men etter at eg blei ferdig med i det i månadsskiftet januar/februar, har eg lese mange bøker. Då får eg behov for det. Når eg er på Fleinvær, starter eg gjerne dagen med å lese ein liten time. For meg er folkemusikk livet, så eg treng bare å få livskunnskap og påfyll til nye tankar. Nå kjøpte eg akkurat kjøpt septologien til Jon Fosse, og for tida held eg på med Søsterklokkene-trilogien til Lars Mytting.

Lundeng fortel om arbeidet med “De salige” og fleire av dei gamle spelemennene frå Salten og Lofoten.

Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?

Eg synest alt er gull. Det kjem an på kva du kan frå før. Noko som for meg kan vere «oi, finst dette?», kan vere gråstein for andre. Men eg vil absolutt anbefale folk å gå inn i arkiva.

Sjølv hadde eg akkurat ei oppleving der eg kom over eit opptak der det berre var ei gjennomføring av slåtten. Men så klarte eg å nøste i det, og til slutt fann eg oldebarnet til denne spelemannen, og ho sat på ein kassett i Bodø der slåtten fanst i ein heil versjon og i eit betre opptak. Det var julaften for meg.

Gode ting kan dukke opp på dei raraste stader, og det kan gjerne ligge rett framfor nasen din.

Kva for ynskje har du for folkemusikken og -dansen i 2025?

Eg ønsker at folk skal oppleve at folkemusikken blir musikken deira. Og eg ønsker at ein skal kunne uttrykke seg kusntnarisk, slik ein sjølv er. Det eg ser nå er at det er fint fart i byane, ved å ta i bruk folkemusikken i dei rave-aktige nattelivstinga. Det er litt utanfor det eg held på med, men det spelar inga rolle. Ein må bruke musikken og berøre kvarandre.