Tekst: Johanne Flottorp

Det var i samband med tre kræsjkurs som Valdreslaget, Numedalslaget og BLS UNG  arrangerte måndag kveld at Svein Aasen fekk utdelt prisen. Juryen grunngav utdelinga mellom anna med at han kvar veke legg til rette for at ein nye generasjon skal få danse i Nordahl Bruns gate, og at det truleg ikkje er nokon andre som har vore fleire timar på eit dansegolv i 2024. 

– Veldig hyggeleg, men overraskande. Eg liker å danse og dansar veldig mykje, men eg hadde ikkje rekna med at eg skulle få ein pris fordi eg er ivrig, seier Aasen. 

I intervjuet under kan du bli betre kjend med dansaren frå Numedal.

Fakta

Namn: Svein Aasen

Fødd: 22. juli 1947 

Yrke: Pensjonist, tidlegare bygningsingeniør som har jobba mykje med prosjektering av idrettsanslegg. Dei siste åra med kunstgrasbanar for fotball og kunststoffdekke for friidrett.

Kjem frå: Rollag 

Bustad: Haugerud i Oslo

Kvifor og kor ofte dansar du? 

Eg dansar fordi eg er veldig glad i god dansemusikk, særleg bygdedans og gammaldans. Då eg kom i konfirmasjonsalder, likte eg å høyre på Folkemusikkhalvtimen. Det var ikkje så mange andre på min alder som sat og høyrde på det. Eg har også alltid likt å bevege meg til dansemusikk, så då eg blei konfirmert fekk eg lov til å gå på dansefest. Eg ville heller danse enn å drikke øl og sprit, så eg var stort sett på dansegolvet. Då eg flytta til Oslo for å studere budde eg på Heim for Landsungdom i Nordahl Bruns gate 22, og der var alle bygdelaga samla. Så det var dans nesten kvar kveld. 

I dag er eg pensjonist og har god tid til å danse. Eg dansar kvar søndag, måndag, tysdag, annankvar onsdag, kvar torsdag og av og til fredag og laurdag også. Dansen er min form for trim, og det er veldig sosialt. Eg bur aleine, så eg syns det er kjekt å kome ut og danse istaden for å sitje inne og sjå på fjernsyn.

Svein Aasen i full sving med kappdans i lag med dottera Kjersti, spelemann Nils Øyvind Bergset i bakgrunnen. Foto: Runhild Heggem.

Kven har vore dei fremste læremeistrane dine? 

Eg var på kurs i numedalsspringar i Veggli med Borghild og Olaf Bakken som ung, men det var då eg kom til Oslo at eg verkeleg byrja å danse. Kvar måndag var det øving i Numedalslaget, og då var det også øving i Valdreslaget. Dei hadde halve kvelden kvar. Eg var ivrig og dansa heile kvelden. Eg har vore på mange kurs rundt om og har fanga opp litt her og der, så eg blandar nok litt frå ulike lærarar.

Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?  

Stereoanlegget mitt er gåent, så eg høyrer mykje på NRK Folkemusikk på radioen. Men eg vil trekke fram platene til Kenneth de Gala og Leif Åsane. 

Plata til Kenneth de Gala høyrer Svein Aasen mykje på.

Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?

Jubileumsboka til FolkOrg ligg framme. Den blar eg litt i, og der treng ein ikkje lese heile boka med ein gong. I tillegg abonnerer eg på Folkemusikk og er ofte inne på nettsida både til bladet og til FolkOrg. 

Kva var den siste folkemusikkonserten du var på? 

Eg har vore mykje på Riksscenen opp igjennom. I haust var eg mellom anna på Folkelarm og konsert med Kari Svendsen. Det var veldig bra. 

Kva for nokre folkemusikkarrangement kan du tenkje deg å reise på i år? 

Det blir jo dansefestivalen nå i helga, men om ikkje lenge skal eg på Rørosmartnan. Då er me ein gjeng som skal vere der i 10 dagar og gå litt på ski også. Elles blir det Rørosleken i mai, Landskappleiken, Jørn Hilme, Landsfestivalen og Oslokappleiken. Det blir nok kanskje også ein tur på Markenskappleiken og Buskerudkappleiken. Eg har mange faste ting eg bruker å vere med på.

Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk? 

Landskappleiken er bestandig eit høgdepunkt, fordi det er så mykje godt spel av ulike sortar der. Men eg er også veldig glad i Landsfestivalen. Der kan ein danse så mykje ein vil, og det er vel der eg har sett min personlege rekord i antall skritt på eit døgn. 50400. Då var dansen bare avbrutt av litt søvn og nokre matpauser.

Kva er den største kappleiksopplevinga di?

Som deltakar er det nok då eg vann B-klassa på Landskappleiken saman med kona mi Norunn i 1974 og i 1989 i Trysil, då Norunn og eg var eit halvt poeng unna kongepokalen. Vinnarane fekk 145 poeng og me fekk 144,5 poeng. Det var også stort å kome på 5. plass i Vågå i 2019 saman med dotter mi Kjersti. Då var dei fleste over oss på resultatlista på hennar alder, og mykje yngre enn meg. Men elles har eg mange fine opplevingar som tilskodar, og eg må seie hallingen Ola Narverud dansa då han vann kongepokalen, det var ei opplevinga litt utanom det vanlege.

Sjå Kjersti og Svein Aasen danse på Landskappleiken i Vågå i 2019 her.

I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?   

Eg veit ikkje heilt, men eg vil foreslå at kan bli endå meir dans på kveldane på Landskappleiken, samt meir tilrettelagte, gode golv. Eg har av og til opplevd å danse på betonggolv på kveldsdansen på Landskappleiken. Det blir for hardt golv for ein dansar i bunadsko, og slit på kne og hofter. 

Kva for ynskje har du for folkemusikken og folkedansen i 2025?

At dansen skal blomstre slik den gjorde på 1970-talet. Då var det gammaldansen som fekk størst oppsving, så kanskje det er bygdedansen sin tur nå? Eg har ikkje oppskrifta, men det ser ut til at det er på veg nå. På måndag var det 75 personar på kræsjkurs på Riksscenen. Det er også difor eg er med på å arrangere dans i Nordahl Bruns gate kvar søndag. Eg ønsker at stadig fleire skal møte opp. Dans er sosialt og fin trim for folk i alle aldrar. Mange grupper og spelemannslag er villige til å spele til dans, så då bør me dansarar møte opp slik at dei har nokon å spele for.