Tekst: Johanne Flottorp.
Veslemøy Fjerdingstad blei førre helg utnemnd til ny heidersmedlem i Kongsberg spel- og dansarlag. Ho var i full gang med å assistere mange elevar under sjokoladekappleiken, då leiaren i laget Ann Mari Lofthus, plutseleg avbraut programmet og kom opp på scena med blomar og las opp grunngjevinga.
Fjerdingstad har gjennom alle år arbeidd særskilt for barn og unge i Kongsberg og resten av Buskerud, og sjølv om ho fyller 75 år til hausten har ho framleis over 25 elevar i kulturskulen, både på kveding og i songgrupper. Ho arbeider også med ulike skuleprosjekt for å få ungane til å synge. I tillegg er ho leiar i Buskerud folkemusikklag og styremedlem i Norsk kvedarforum. Gjennom ei årrekke har ho også drive plateselskapet Etnisk musikklubb saman med mannen Arne Fredriksen, og dei gjev stadig ut nye plater med musikk frå Noreg og utlandet.
Fakta:
Namn: Veslemøy Fjerdingstad
Fødd: 29.09.50
Yrke: Barnehagelærar/Kulturskulelærar
Kjem frå: Kongsberg
Bur på: Kongsberg
Kvifor og kor ofte syng du?
Mor mi sa at eg byrja å synge då eg var eitt år. Sidan då har eg fortsett. Det er ein viktig del av livet mitt. Eg syng kvar dag, sjølvsagt gjer eg det. Så eg har den kvardagslege songen, og ein gong i månaden har eg song til lunsj på biblioteket, og annankvar torsdag har eg ei vaksen kvedargruppe. I tillegg kjem kulturskulen, og øvingar til diverse ting. Så i kvardagen syng eg mykje.
Kven er dei fremste læremeistrane dine?
Den viktigaste læraren min, var mor mi, Åsta Fjerdingstad. Eg har fått mykje stoff frå henne. Eg song også i Kongsberg pikekor frå eg var 8 år. Når det gjeld folkesong, så har nok Agnes Buen Garnås vore ein av dei viktigaste lærarane for meg og Frode Nyvold, då eg studerte i Rauland.
Høyr Veslemøy Fjerdingstad med “Reven sat på såte” etter mora, Åsta Fjerdingstad.
Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?
I det siste har eg høyrt innmari mykje på CDar med Frode Nyvold, Gabriel Fliflet og Triakel. Den siste plata eg var med på å produsere var «Budeia i Åkroken», med Ingrid Brekke. Så den har eg jo høyrd mykje på. Elles er Five Men in a Boat ein av mine store favorittar. Men eg høyrer på mykje forskjellig, mykje hardingfele og mykje kveding.
Five Men in a Boat, her frå NRK-serien FolkLab, er ein av dei store favorittane til Veslemøy Fjerdingstad.
Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?
Visebøker bruker eg jamleg. Folkemusikksenteret i Buskerud har gitt ut boka «Ord og tonar» saman med Numedal spel- og dansarlag med Anne Svånaug Blengsdalen som redaktør, med stoff innsamla av Åsne Bergset. Den er eg stadig vekk borti.
Kva var den siste folkemusikkonserten du var på?
Det var nå under Markenskappleiken, med Mattis Kleppen og Thov Wetterhus om fredagskvelden.
Kva for folkemusikkarrangement kan du tenkje deg å reise på i år?
Ja, eg har jo tenkt å vere med på det meste, eg. Landskappleiken er noko eg heilt sikkert skal på. Men elles er eg med og arrangerer mykje forskjellig. Eg synest det er moro å få til ting.
Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
Det er gull overalt i arkiva. Bakgrunnen for plata «Budeia i Åkroken» var at eg fekk ein elev på 16 år som ville lære å kvede. Ho hugsa at eg hadde vore inne i eit prosjekt på skulen hennar då ho gjekk i tredjeklasse, og det syntest ho var så moro. Då ho kom på time, fortalde ho at ho visste at bestemora hennar frå Gransherad kveda, men jenta hadde aldri høyrt henne sjølv. Så eg sa ho måtte ta kontakt med Kari Lønnestad på Folkemusikkarkivet i Telemark. Det viste seg at det var blitt gjort opptak i fleire rundar med bestemora. Det første var gjort då ho var 33 år, og det siste då ho var 72. Det ho fann var så verdifullt, så det ville me gje ut på Etnisk musikklubb.
Men hadde ho ikkje byrja på kveding, så hadde ingen i familien visst om dette. Norsk folkemusikksamling hadde også tatt opp oldemora hennar, Åste Wiik, så plutseleg fekk ho ein familiearv ho ikkje visste om. Dette viser kor mykje fantastisk som er i arkiva som folk ikkje er klar over. Eg er redd for at folk skal tenke at det berre er det som er gitt ut på CD som er ålreit. Men du kan faktisk grave og finne ein god del ting som ingen har gripe fatt i før.
Høyr plata med Åste Wiik og Maja og Ingrid Brekke her.
Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk?
Det er alltid veldig stas å vere på Førdefestivalen. Der er det så mykje som eg aldri har høyrt før – gull frå heile verda, med mange utrulege formidlarar. Elles var eg også på ein kjempemessig konsert i Sogn med Tom Karlsrud og Håkon Høgemo. Dei hadde me også med oss då me arrangerte ein konsert i ei lita skulestoge i Dyrdal, saman med blant anna Britt Pernille Frøholm og Elfi Sverdrup. Så mange flinke folk!
Kva er den største kappleiksopplevinga di?
Noko av det største eg har opplevd var ikkje på ei scene, men i hotellbaren på Voss på Landskappleiken i 1991. Då sat Olav Øyaland og spelte omtrent heile natta. Det var så nært, så ekte. Han var i musikken heile tida, og det var me som sat der halve natta og høyrde på også.
Olav Øyaland stod for ei av dei største kappleiksopplevingane til Veslemøy Fjerdingstad.
Kva for ynskje har du for folkemusikken og -dansen i 2025?
Eg har eit ynskje om at me skal ha moglegheit til å fortsette å dyrke alt det fine som er. Det har eg tenkt mykje på nå, for det siste året er det mange store grunnpilarar som har døydd. Så me er nøydd til å ta vare på arven frå dei, og jobbe med å få fleire til å bli aktive innanfor dette miljøet. Folk har alltid leika seg med musikken og blanda ting, men me må vere stolte av dei gamle tradisjonane me har. Musikken kan fint stå for seg sjølv også.
I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?
Det viktigaste er at det stadig blir dratt nye menneske inn i miljøet, så fleire får oppleve det. Då blir det rekruttering, på eit breitt plan. Ein må ikkje berre rekruttere barn, men heile familiar. Ein får ikkje toppkandidatane om det ikkje er gjort noko på botnen. Ein må inkludere folk gjennom lokallaga. Regionslaga har også eit ansvar for å følgje opp dette. No har me akkurat vedteke på årsmøtet i Norsk kvedarforum at me skal bli eit faglag i FolkOrg. Så det blir fint å jobbe vidare med det. Eg trur det er viktig at det blir fleire faglag som jobbar aktivt inn mot organisasjonen.