Tekst: Pressemelding frå styra i Hyen Bygdekvinnelag og Hyen spelemannslag
Fredrik Hope og Marthe Aa har sidan 2020 halde på med prosjektet Hyemusikk: Dei har forsøkt å samle mest mogleg av folkemusikken frå heimbygda si. Marthe er organist og songar, og Fredrik er felespelar og museumstilsett. Dei har vore i kontakt med og leita i mange arkiv, og har sjølve intervjua og samla inn frå dagens hyarar. Samla sett har dei funne over 240 opptak med song, over 100 opptak av slåttar, nokre titals notar og 12 opptak med dans. Sjølv om ikkje alle opptaka er av folkemusikk, og fleire opptak er av same melodien, viser desse tala at det er dokumentert mykje musikk knytt til bygda.
Konsertføredraget starta med Hyen spelemannslag som spelte tre slåttar frå Hyen. Publikum fekk so ei musikalsk rundreise, der Marthe og Fredrik synte fram songarar, spelemenn og dansarar frå ulike grender. Dei to innsamlarane både spelte og song sjølve, og synte dessutan fram arkivopptak med ulike utøvarar. Dei to har forsøkt å få med musikk får heile bygda, og har funne opptak frå nesten alle grender i Hyen. For mange av dei eldre var det fint og sterkt å både sjå bilete og høyre opptak med personar dei kjende frå tidlegare tider.
Dei to innsamlarane har framleis mange spørsmål. For kvar stein ein snur, dukkar det opp to til. Dei håpar alle som har liggjande opptak, bilete av spelemenn eller andre innspel tek kontakt.
Hyen bygdekvinnelag selde smørbrød og heimelaga kaker, og søgen gjekk godt kring borda både før og etter føredraget. På fredagen før var det eit tilsvarande opplegg på aldersheimen Løkjatunet, der fleire av dei eldre i bygda fekk høyre føredraget, medan bygdekvinnelaget laga til ei kaffistund for bebuarane.
Folkemusikk-kafeen var støtta av Aud og Olav Hjortesets allminnelige stiftelse.