Tekst: Pressemelding.
Onsdag 14. mai kl. 18 er det klart for ein historisk konsert i Levinsalen ved Norges Musikkhøgskule når Gro Marie Svidal inviterer til avsluttande ph.d-konsert. Svidal er den første på hardingfele i Noreg til å gjennomfører ein doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid.
Svidal har over lang tid vore nyfiken på improvisasjon som metode, og har ønskt undersøke korleis ho kan og vil bruke hardingfela og bakgrunnen sin som tradisjonsutøvar, i andre improvisasjonssituasjonar enn det tradisjonelle slåttespelet. Det har ført ho til eit doktorgradsprosjektet som undersøker, sporar av frå og spinn vidare på dei tradisjonelle førespela på hardingfele
- Førespela på hardingfele var både komponerte og improviserte. Vi kjenner i dag godt til dei improviserte førespela vi høyrer når utøvararar stemmer og testar instrumentet sitt. Denne tilnærminga til instrumentet, måten vi søkjer etter overtonar, klangfargar, resonans i fela, denne estetikken, måten å nytte musikkspråket tek eg med meg inn i improvisasjonane mine anten det er soloimprovisasjon eller improvisasjon i samspel, seier Svidal.
På konserten vil Svidal presentere delar av det kunstnarlege resultatet frå prosjektet. Ho har med seg eit stjernelag av utøvarar.
- Eg er heldig som har fått arbeide over tid saman med dansar Silje Onstad Hålien. Vi har sett på korleis vi i møte med improvisasjon, kan ta utgangspunkt i bakgrunnane våre og skape eit uttrykk som speglar dei. Når vi stiller oss heilt opne til det som skjer, kan improvisasjonen føre oss i uendeleg mange retningar. Det er spennande, seier Svidal.

På konserten får vi også høyre Svidal i samspel med Hilde Marie Holsen på trumpet og live elektronikk.
- I samspel med Hilde Marie møtest ulike estetikkar, ulike musikkspråk. Det utfordrar meg til å klare finne inngangar der språka kan fungere saman. Når improvisasjonen også i dette samspelet er open og kan ta overraskande vendingar, prøvar eg å finne måtar der eg opplever å vere forankra i bakgrunnen min.
Konserten vil også innehalde ei urframføring av eit heilt nytt verk.
- Saman med komponist og hardingfelekjennar Ole-Henrik Moe og fiolinist og pedagog Kari Rønnekleiv har eg laga verket «Lende». Det er ein hyllest til førespela på hardingfele der vi spinn vidare på ideane og det konkrete materiale i førespela. Det er eit verk som løftar førespela på hardingfele fram i lyset, avsluttar Svidal.
Til sommaren vert resterande kunstnarleg resultat frå prosjektet lansert som dobbel solo CD på plateselskapet Melovitten, og med plateslepp på Førdefestivalen.
Billett til konserten 14. mai kl. 18 kan du kjøpe her: https://nmh.ticketco.events/no/nb/e/tryllespel
Les meir om prosjektet til Gro Marie Svidal her: https://nmh.no/forskning/prosjekter/gro-marie-svidal-phdprosjet-ku