Tekst: Kjellbjørn Karsrud.
Den nære venen til Lillebjørn Nilsen, folkemusikaren Steinar Ofsdal, har alle dei fire hardingfelene i forvaring heime hjå seg no for å få stemt dei opp. Han fortel at Nilsen hadde ein djup fascinasjon for hardingfele alt i ungdommen. Dei møttest på Hartvig Nissen då Nilsen var 16 og Ofsdal 18, og dei vart fort vener.

– Allereie den gongen hadde Bjørn hardingfele. Han spelte hardingfele i eit tv-program vi var med i 1968. Kvifor Bjørn hadde hardingfele den gongen, er eg ikkje heilt sikker på, men det kan henge saman med at Kjetil Løndal budde i same bygarden, seier Ofsdal.
Sjå Lillebjørn Nilsen og Steinar Ofsdal fortelja om forholdet deira til hardingfele og folkemusikk i dette programmet, og Lillebjørn sitt møte med Kjetil Løndal.

På sykkeltur med spolebandopptakar
Faren til Nilsen spelte også litt fiolin og hadde ein fiolin laga av ein fiolinmakar i Halden i ganske liten storleik. Nilsen fekk i unge år tak i ein bandopptakar. Han sykla rundt omkring og gjorde opptak med ulike folkemusikarar, blant anna var han oppe hjå Lars Bertelrud i Hedalen og gjorde opptak med han.
– Lillebjørn tok initiativ til at vi skulle reise på Landskappleiken på Lillehammer, og ein gjeng frå Dolphins viseklubb reiste. Vi fekk oss rom på eit villahotell litt nedanfor Maihaugen. Der trefte vi blant anna Egil Storbekken som eg kjøpte tussefløyte og seljefløyte av. Vi vart også kjent med nokre av dei unge folkemusikarane den gongen, blant anna Agnes Buen.

Øystein Sunde, som var med i fylgjet, hadde med felekasse, så han kom inn over alt, men oppi var det ei cognacflaske og åtte glas, minnest Ofsdal.
– Eg vart hekta, men Bjørn var hekta frå før. Vi sat på fyrste benk og han tok opp heile kappleiken. Lillebjørn påstod alltid at Odd Bakkerud avslutta Fanitullen med glissando fordi han såg oss frå byen på fyrste rad, flirer Ofsdal.
Året etter reiste dei rett frå Landskappleiken til leiklærarkurs i regi av Noregs Ungdomslag på Elverum folkehøgskole der det vart arrangert felekurs med blant andre Otto Furholt på hardingfele og Erling Evensen på vanleg fele. Det var fire elevar på felekurset – blant desse Lillebjørn Nilsen, Steinar Ofsdal og Knut Kjøk. Der lærte dei blant anna Sordølen som vart ein del av den kjente låta «Valle auto og bensin».
– Elles lærte vi mykje av turdansrepertoaret. Vi sat igjen med mykje rart, men som vi brukte seinare, fortel Ofsdal.
Turnerte med fele i Europa og USA
Seinare vart det både Europa- og USA-turnear på 1970- og 1980-talet. Publikum var alt frå rockepublikum til folk som var meir opptatte av viser og tradisjonsmusikk. Song, gitar, fele og fløyte vart trakterte i duoen Lillebjørn og Steinar.
– Det var folkemusikk vi helst ville spele for folk. Vi spelte blant anna Håvard Hedde. Elles var det slåttar, reinlendarar og tostemte ting. Noko landskappleiknivå var det naturlegvis ikkje på det, men vi var musikarar, så vi greidde å lage musikk ut av det.
Nilsen var aktiv med å spore opp musikarar han gjerne ville treffe, rundt om i landa dei var i. Dette greidde han godt i ei tid utan mobiltelefon og internett, og karane fekk eit breitt kontaktnettverk.
– Det har gått opp og ned med felespelet for oss begge. Når eg høyrer på no, synest eg vi hadde nokre gode år den gongen. Bjørn spelte blant anna hardingfele på ein konsert med Andy Irvine på Telemarkfestivalen i 1994. Den kom ut på plate i 2021, og felespelet der synest eg er overraskande bra, slår Ofsdal fast.
Felene til Nilsen er ei Olaf G. Helland frå 1913. Steinar Andersen i 1976, Sverre Sandvik frå 1986, den fjerde er av ukjent felemakar, men er reparert på 1960-talet. Interesserte kjøparar kan ta kontakt med Mairead Imlach Nilsen.
