Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Noreg var offisiell partnar med Showcase Scotland i 2024, eit partnarskap som varar i tre år. I 2023 vart partnerskapet annonsert og prosessen med å lyse ut dei seks plassane starta. Etter juryutvalet begynte førebuingane til showcasane. Artistane fekk tilbod om rettleiing av mentorar, hjelp til booking og oppfølging. I 2024 spelte dei seks artistane både konsertar under Celtic Connections for eit vanleg publikum, samtidig som dei fekk vist seg fram for 170 internasjonale bransjedelegatar på ei eiga norsk mottaking. 

- Alexander Røynstrand og Erlend Viken fekk også spelejobb på Cambrigde Folk Festival, i tillegg har Erlend Viken spelt på Warwick Folk Festival og Alexander på Orkeney Folk Festival, fortel Ann Helen Erichsen som jobbar som rådgjevar for yrkesutøvarar i FolkOrg. 

Partnarskapet resulterte også i at to skotske artistar hadde showcase på Folkelarm i 2024: FARA og The Langan Band. 

- I 2025 var vi tilbake for å takke for samarbeidet og for å minne delegatane om de seks artistane som spilte i fjor, og vi fikk høve til å ta med oss ein artist, songgruppa Hekate, som både fekk spele på Celtic Connections og på mottakinga vår på torsdagen, fortel Erichsen.

Ann Helen Erichsen heldt føredrag som prosjektansvarleg for Folkelarm under Showcase Scotland.

 På mottakinga 23. januar viste dei ein film med dei norske artistane frå i fjor som takka for samarbeidet året før. Hekate spelte sin showcase for bransjedelagatar frå 24 forskjellige land. 

- Hekate fikk veldig god mottaking båe stader, fortel ein tilfreds Ann Helen Erichsen.