Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Landsmøtet vart på sundagen opna av Anders Lunden Herfoss med ein toraderlåtten «Laus etter Eirik Toresgard» før han presenterte leigesumsaka på vegner av styret.
Han orienterte om bakgrunnen for forslaget til endringar. I mange år har lokal arrangør betalt ein leigesum på 125 000,- inn til FolkOrg. Herfoss fortalde at ein hadde sett ei stor prisauke etter koronaen, og ein hadde då bekymra seg for om det ville kunne by på problem å få arrangørar i framtida. Saka var som kjent oppe på sist landsmøte då Herfoss sjølv sende inn forslag om å fjerne heile leigesummen for å hjelpe lokal arrangør til å få overskot.
Sidan den gongen har staten gått inn med 1 million for Landskappleiken og Landsfestivalen. Samtidig gjekk arrangementa i 2024 med rekordoverskot.
Styret vil difor gå inn for å fjerne leigesumordninga, men erstatte ho med ei ordning der lokal arrangør kjem med eit bidrag til aktivitetsstøtta til FolkOrg som alle medlemmar kan søkje på. Denne skal reknast ut ved at ein tek 7,5 % av overskotet frå deltakaravgifta og billettsal.
– Den prinsipielle forskjellen er at før gjekk leigesummen inn til drift, no vil det gå til aktivitetsstøtta, kunne Herfoss fortelja.
– Tanken er at fleire skal få glede av overskotet slik at det går attende til miljøet, la Camilla Granlien til.
Framtidige arrangørar ville ha fast sum
Alexander Røynstrand, årets kappleikssjef i Eidfjord, var fyrste mann ut i debatten. Han fremja forslag om å bestemme ein fast sum på 100 000,- per arrangement. Han såg for seg at dette vil bli ei meir føreseieleg ordning.

Bjarne Braastad var oppe og støtta forslaget til styret sidan dette vil gjera det lettare for arrangørar som er usikre på oppslutninga.
– Det er det mest rettferdige i det lange løp, fordi deltakartalet varierer frå stad til stad, meinte Braastad.
Pål Grev er med som arrangør av LF neste år i Vågå støtta forslaget til Røynstrand.
– Vi ser at det vil slå litt forskjellig ut frå år til år. Dei som er populære arrangørar med stor deltaking blir då belasta med eit høgare beløp, argumentere Grev.
Knut Erik Jordstøyl, kappleiksgeneral i Setesdal 2026, støtta Røynstrand fullt ut.
– Eg er for forenkling, det er mykje lettare for arrangørane å forhalde seg til. Beløpet Alexander har foreslått, er også 25 000 under det me har i dag.
Herfoss var framme og argumenterte for at styret si løysing er eit enkelt reknestykke. Røynstrand var oppe og skrudde opp summen til 125 000,- i forslaget sitt.
– No er det tre av dei komande arrangørane som har vore oppe og argumentert for ein fast sum, så då tenkjer eg landsmøtet bør merke seg dette, sa Røynstrand.
Vil vera til hjelp for dårleg besøkte arrangement
Påtroppande styreleiar, Kristian Hanto, var oppe og viste til at arrangement kan gå dårleg både når det gjeld deltaking og publikumsoppslutnad.
– Med ein fast sum og eit dårleg resultat, vil FolkOrg kunne få spørsmål om å få sleppe å betale summen. Med vårt forslag så har ein større grad automatisk regulert dette, sa Hanto.
Styremedlem Torfinn Hofstad meinte det var positivt at landsmøtet vil støtte forslaget om å gje pengar til aktivitetsstøtta.

– Ved å gå i denne retninga håpar vi det blir lettare å skaffe søkarar frå eit breitt geografisk område. Vi diskuterte fleire løysingar i styret, men kom fram til at den beste mellomtingen er ordninga med 7,5 %. Om det går dårleg ein plass, vil denne arrangøren i mindre grad bli ramma.
Hege Nylund fortalde at ho hadde vore med og arrangert landsfestival med dundrande underskot i Hedmark. Dette har sete i i miljøet der i mange år. Ho ville derfor støtte styret sitt forslag.
– Det er ei meir solidarisk ordning, meinte ho.
Styret sitt forslag vart vedteke med eit stort fleirtal. Fleire uttrykte elles at det var gledeleg at landsmøtet slutta seg til den solidaritetsbaserte støtteordninga og styrkinga av aktivitetstilskotet til FolkOrg.