Tekst: Kjellbjørn Karsrud i Messenger-samtale med Alexander Røynstrand
Me fekk fatt i den travle kurshelgsjefen Alexander Røynstrand, som også skal vera general for Landskappleiken i Eidfjord til sumaren.
– Det begynner å bli ein årleg tradisjon med kurshelg i Granvin i mars. Kor mange år er det gått no sidan fyrste gongen?
– Ja, eg veit faktisk ikkje kor lenge det har halde på, men det er i alle fall over 20 år.
– De har mange spennande programpostar i år. Kva kan du seia til lesarane av folkemusikk.no om årets konsert med Knut Buen?
– Me har lenge hatt lyst å invitere Knut, no passa det endeleg slik. Det er alltid spanande å lytte til Knut, både når han spelar og fortel. Denne gongen vert det nok fokus på relasjonane som har vore mellom Telemark og Hardanger i høve folkemusikken.
Sjå møte med Knut Buen i to delar i podkast laga av Norsk Industriarbeidermuseum her. Den andre delen finn du i lenkja.
– Det er lagt opp til både dans og kurs ser me på programmet. Kva for kurs kan ein melde seg på?
– Ein kan melde seg på song, toradar, hardingfele, dans for vaksne, dans for born og eiga hallinggruppe. I tillegg er det alltid ei lite stund med Miniharding midt på dagen, for dei aller yngste som kanskje ikkje er heilt klare for ein heil dag med kurs endå. Her får dei oppleve ei lett blanding av både dans, spel og song. Etter kurset er det felles middag, og deretter dans for born i ungdomshuset. Frå kl. 21.00 er det ulike konstellasjonar av lokale krefter som spelar opp til dans for dei vaksne.
– Korleis er miljøet i Hardanger om dagen? Er det bra med rekruttering?
– Det vil eg seie. Ein kan, og må kanskje alltid ynskje seg fleire, men me er veldig heldige som har ein god gjeng med ungdomar som spelar toradar, hardingfele, dansar og syng om kvarandre på jamna. Nokre er meir ivrige enn andre, men eg opplever at dei ser til dømes dette kurset som ein godkjent sosial møteplass, uansett kor ivrige dei er elles, og det har vore målet vårt over tid. Rett og slett normalisere folkemusikken og folkedansen litt, alle må ikkje drive med det heile tida, men det er heilt topp om alle kan drive med det i ny og ned.
– Utfordringa no er å spe på denne gjengen jamnt og trutt framover, men me er også heldige som har særs mange flinke utøvarar både innan toradar, hardingfele og dans, som på kvar sine vis jobbar hardt for rekrutteringa, så eg vonar det held fram.

– Folkemusikk-Noreg er skikkeleg klare for landskappleik i Eidfjord att, 21 år sidan sist. Er alt under kontroll?
Haha! Kan alt nokon gong vera under kontroll når ein skal arrangere Landskappleik? Nei, det trur eg ikkje.
Utfordringa vår er overnattingskapasitet. Men i løpet av mars vert det lagt ut sal av plassar på kappleikscampingen, som jo ligg berre eit par hundre meter frå hovudarenaen, matteltet og dei to andre arenaene, så eg vonar at DÅ kan kanskje det meste vera under kontroll.
Oversiktsbilete over Landskappleiken i Eidfjord. Sjå elles førebels tevlingsplan her.
