Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud

Ingen frå valnemnda som denne gongen har bestått av Solveig Brekke Hauknes, Nina Fjeldet og Per Anders Buen Garnås, var til stades, men dei hadde levert inn ei fråsegn om korleis dei har arbeidd. 

– Vi har landa på eit styre som vi meiner er variert og sterkt, kunne dei formidle. 

Kristian Hanto vart vald til ny leiar ved akklamasjon, det same galdt dei nye nestleiarane, Margrete Nordmoen og Lene Furuli. Deretter vart resten av det nye styret, Anders Lunden Herfoss, Thomas Nilssen, Silje Risdal Liahagen, Tormod Kleiveland valde utan at nye kandidatar vart sette opp. 

Asbjørn Stensrud var oppe og foreslo Roger Slåstuen som 1. vara i staden for Kenneth de Gala. Han grunngav dette med at Gudbrandsdalen er for dårleg representert i forslaget frå valnemnda, som han elles tykte var godt. 

– Eg meiner det er viktig å få inn eit grasrotmenneske som Roger Slåstuen med den kunnskapen han har, inn i styret, slo Stensrud fast. 

Det vart skriftleg røysting. Roger Slåstuen vann med 50 røyster mot De Gala sine 37. 

Roger Slåstuen markerte seg under årets landsmøte og vart vald inn som fyrste vara (og fast møtande representant) til styret i FolkOrg etter benkeforslag. 

Frank Rolland inn i valnemnda etter to benkeforslag

Ivar Schjølberg var oppe då valnemnda skulle peikast ut. Her var innstillinga frå styret attval på Per Anders Buen Garnås, Solveig Brekke Hauknes og Nina Fjeldet i tillegg til Hilde Reitan som vara.

– Eg tykkjer ikkje noko om at det er nokså eintydig yrkesutøvarar som sit der, og at ein går for attval på heile valnemnda. 

Han likte heller ikkje praksisen om at det var styret kom med forslag til valnemnd. Schjølberg sette dermed opp Øystein Haugen som motkandidat til Per Anders Buen Garnås.

– Det er ikkje eit sting mot Per Anders, men det er han som har sete lengst i valnemnda, slo Schjølberg fast. 

Hanto var oppe og kommenterte at han trudde det var vanleg i dei fleste organisasjonar at styret kom med forslag til valnemnd. 

– Nokon må koma med forslag til valnemnd. Det er best at valnemnda ikkje er sjølvrekrutterande. 

Knut Erik Jordstøyl var oppe og kom med ei oppmoding om at ein ser på praksisen med at valnemnda skal peikast ut av styret. Tidlegare FolkOrg-leiar Per Øyvind Tveiten meinte det var rett at styret hadde forslagsrett til valnemnd og at det uansett var opp til landsmøtet å vedta kven som skal sitje i denne.  

Granlien var oppe i eit svar til Ivar Schjølberg og presiserte at valnemnda ikkje fyrst og fremst er yrkesutøvarar i og med at dei ikkje var til stades og fekk forsvart seg sjølve. Dei har fleire roller som gjer at dei ikkje berre kan karakteriserast som yrkesutøvarar, peika ho på. 

Mot slutten av debatten kom Alexander Røynstrand opp og foreslo Frank Rolland som ein tredje kandidat til plassen Per Anders Buen Garnås til no har hatt i valnemnda. Det vart forlangt skriftleg avstemming, og etter ti spente minutt vart resultatet: Fem blanke røyster, 16 på Øystein Haugen, 21 på Per Anders Buen Garnås og 47 på Frank Rolland. 

Trampeklapp til Reitan

 – Det er med stort alvor og inspirasjon eg tek i mot tilliten som er vist meg, sa Kristian Hanto etter valet. 

Lene Furuli takka deretter av Torfinn Hofstad. Hanto takka av Camilla Granlien som har sete i styret i ti år, og til slutt avtroppande styreleiar, Hilde Reitan.

– Det er ingen som er i tvil om at dette er eit område du har eit sterkt engasjement for. Du har sete i styret i 12 år, og dei siste åtte som leiar av styret. Du har leidd styret med ei fast hand, du er veldig flink på leiarskap. Samtidig har du leidd det på ein ledig og humoristisk måte. Det har vore ein stor grad av kontinuitet i styret, og det er i stor grad di forteneste. Du er eit menneske som har lagt ned ein stor innsats for den organiserte folkemusikkrørsla, sa Hanto.

Hilde Reitan fekk trampeklapp frå landsmøtet. Ho takka spesielt dei andre styremedlemmane og administrasjonen for samarbeidet. 

– Det har vore ei stor ære å få leie denne organisasjonen, takka ei tydeleg rørt Reitan. – Ein får energi av å gjere noko ein elskar å gjere. Eg har gledd meg til kvart styremøte i 12 år. 

Hilde Reitan fekk stor applaus då ho vart takka av etter åtte som som styreleiar i FolkOrg.