Tekst: Kjellbjørn Karsrud
FolkOrg er ein organisasjon som går godt. Det er vekst både når det gjeld medlemmar og eigenkapital. Etter eit budsjettert underskot i jubileumsåret 2023, er eigenkapitalen til FolkOrg no oppe i cirka 3,5 millionar etter eit overskot i 2024 på 267 000.
Leigesumordninga skal erstattast
Den omdiskuterte ordninga der lokal arrangør av Landskappleiken og Landsfestivalen betalar FolkOrg ein leigesum på 125 000,- blir det truleg slutt på. FolkOrg-styret har foreslått å byte ut denne med ei solidaritetsbasert ordning der lokal arrangør skyt inn eit bidrag til ei tilskotsordning som alle medlemmar i FolkOrg kan søkje på.
FolkOrg si aktivitetsordning går typisk til prosjekt, aktivitetar og rekrutteringsarbeid i dei lokale laga. Tanken er då at dette er ein moglegheit for lag som ikkje har høve til å ta på seg festival og kappleik til å få nyte litt av eventuelle overskot i framtida, slik at desse også får midlar til lagsarbeid.
Det har vore sett på ulike innretningar, men ein har konkludert med at det er mest rettvist å halde sponsorinntekter og sal av mat og drikke utanfor. Om ordninga blir vedteken, kjem 7,5% av totalinntekta på påmeldingar og inngangsbillettar til å gå til FolkOrg si aktivitetsordning.

Medlemspengar
Som nemnt opplever FolkOrg i motsetnad til mange andre frivillige lag og organisasjonar medlemsvekst. Likevel bruker det å bli ein del debatt om medlemskontingent. Etter mange år utan større justeringar har summen vorte justert opp ein hundrelapp etter koronaen utan at det ser ut til å ha hatt nokon negativ verknad på medlemstalet.
Årstal | Medlemspengar | Tal på medlemmer |
2024 | 370/200/100 | 4720 |
2023 | 320/100 | 4472 |
2022 | 320/100 | 4403 |
2021 | 320/100 | 4101 |
2020 | 290/100 | 4267 |
2019 | 290/100 | 4370 |
2018 | 290/100 | 4446 |
2017 | 290/100 | 4360 |
2016 | 250/100 | 4360 |
2015 | 250/100 | 4430 |
2014 | 250/100 | 4296 |
2013 | 250/100 | 4362 |
2012 | 220/100 | 4574 |
2011 | 220/100 | 4008 |
2010 | 180/70 | 4613 |
Landsmøtet i 2023 fastsette medlemskontingenten til og med 2028. Ein vaksen medlem betalar frå og med neste år kr 400, ein ungdomsmedlem (19-25) kr. 200 og eit barnemedlem (0-18 år) 100 kroner.
Mindre vedtektsendringar
Det er elles på bordet fleire forslag til vedtektsendringar, og landsmøtet må godkjenne desse med 2/3 fleirtal. Mange av forslaga er på detaljnivå utan store praktiske konsekvensar.
Mellom anna vil ein få inn «arrangørar» inn i vedtektene. Som kjent kan folkemusikkarrangørar no vera medlem i FolkOrg. Dette får konsekvensar for to paragrafar, og det vil bli høve for arrangørmedlemmar i framtida å sende ein utsending til landsmøtet, om dette går gjennom.
Korleis bør styret settast saman?
I paragraf 9 ligg det an til større endringar. FolkOrg-styret vil foreslå å utnemne varamedlem til valnemnda. Dei vil også ha inn ei formulering om at «valnemnda si innstilling til nytt styre bør innehalde forslag til fast styrerepresentant under 26 år».
I tillegg vil ein opprette eit fagutval for barn og unge på fem personar etter modell av fagutval for yrkesutøvarar. Det betyr at om ein får dette gjennom, så vil to styremedlemmar samt tre medlemmar under 26 år som blir utpeikte av styret, utgjera dette fagutvalet.
Få oversikt over yrkesutøvardebatten her:
Derimot vil ikkje FolkOrg-styret rå landsmøtet til å fylgje forslaget til Mukampen spel- og dansarlag i yrkesutøvarsaka.

Dette har dei grunngjeve med ein historisk gjennomgang der dei konkluderer med at ordninga bør oppretthaldast for å sikre at ein har kompetanse i styret i saker som vedrører yrkesutøvarane.
Les heile grunngjevinga her:
I 2009 var det to ulike organisasjonar som slo seg saman. Landslaget for spelemenn (LfS) var ein stor medlemsorganisasjon med mange enkeltmedlemmer, lokallag og områdelag, stod for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og hadde lange tradisjonar med å vere ein organisasjon på heile folkemusikkfeltet.
Norsk folkemusikk- og danselag (NFD) markerte seg sterkt som ein kulturpolitisk organisasjon, og som frå starten av hadde som hovudmål å fremje dei eldste formene og tradisjonane. I møtet med at stadig fleire folkemusikkutøvarar vart yrkesaktive musikarar og dansarar, sikta NFD seg også inn mot å vera ein organisasjon for desse.
NFD hadde mykje færre medlemmer, men var ein veldig viktig aktør for dei som satsa på å leve av og drive med folkemusikk og folkedans. Organisasjonane hadde omtrent like store statlege driftstilskot før samanslutninga, der LfS fekk 1 927 000 kr og NFD fekk 1 793 000 kr (tal for 2008).
I arbeidet med å slå saman desse organisasjonane var det innlysande at det store friviljugfeltet var den store medlemsmassen i ein ny organisasjon. Gruppa av yrkesutøvarar var i stort mindretal. I samanslutninga av dei to organisasjonane, og i utarbeidinga av vedtektene av den nye organisasjonen, vart det difor teke omsyn til denne skeivfordelinga ved å sikre at yrkesutøvarane er godt representert i styret.
Folkemusikk- og folkedans-Noreg er eit konglomerat av friviljugheit i samvevnad med dei som på eitt eller anna nivå lever av å drive med folkemusikk og folkedans. I så måte er miljøet vårt spesielt. Profesjonelle utøvarar stiller gjerne opp som friviljuge dommarar på kappleik, er aktive medlemmer i lokallaga, og er med i fellesskapet. Som yrkesutøvar står ein ofte aleine. Det finst ikkje eit «lokallag for yrkesutøvarar» eller andre yrkesutøvarfellesskap som på same måte som eit lokallag tek vare på deira interesser og synspunkt. Difor er det sikra at det er yrkesutøvarar i styret som har ekstra kompetanse på det å vere yrkesutøvarar når den type saker kjem opp, og det er eit fagutval som har ansvar for å ha eit ekstra fokus på yrkesutøvarane sine interesser. Dei som er yrkesutøvarar i styret har som oftast like stor kompetanse på tevlingsreglement, Frifond-kriterium, rekrutteringsarbeid og kulturmoms som resten av styret, men dei har også ein ekstra og ynskt kompetanse om det å vere yrkesutøvar.
Styret si innstilling til landsmøtet er å ikkje endre avsnittet slik Mukampen spel- og dansarlag foreslår.
Forslag om røynd styreleiar
Kristian Ihle Hanto har sete i FolkOrg-styret i åtte år, seks av dei som nestleiar. No når Hilde Reitan går av, har han takka ja til å ta ein periode som leiar. Med seg i arbeidsutvalet (leiar og to nestleiarar), får han Margrete Nordmoen frå Trysil og Hamar, som er heilt ny i FolkOrg-styret, og er yrkesutøvarrepresentant. Camilla Granlien gjev seg no etter mange år som yrkesutøvarane sin nestleiar. Lene Furuli (Sarpsborg/Oslo) har sete ein periode som vanleg styremedlem, og rykkar om valnemnda får det som dei vil, opp til å bli nestleiar.

Anders Lunden Herfoss(Drangedal/Ål) har vore møtande fyrstevara i inneverande periode, men går no inn som fast styrerepresentant. Thomas Nilssen frå Løten går på ein ny styreperiode, han har fleire periodar bak seg som styremedlem.
Ny er også Silje Risdal Liahagen, som erstattar Torfinn Hofstad som yrkesutøvarrepresentant. Tormod Kleiveland frå Valestrandsfossen tek attval.

Det er vanleg at fyrste vara møter på styremøte i FolkOrg, og ny representant der er Kenneth De Gala frå Kongsberg. Nummer to og tre er høvesvis Gro Skanke Raattama frå Porsanger og Amalie Kinsarvik Tvilde frå Kinsarvik, som er busett i Oslo.
I fagutvalet for yrkesutøvarar sit Mattias Thedens vidare, og han får med seg Tone Ingvaldsen og Camilla Granlien. Tilsynsnemnda blir Torunn Raftevold Rue, Karolina Westling og Nils Øyvind Bergset.
Valnemnda har vore Per Anders Buen Garnås, Nina Fjeldet og Solveig Brekke Hauknes, og dei tek alle attval til neste periode, som då om endringsforslaget går gjennom får med seg Hilde Reitan som varamedlem.