Tekst: Redaksjonen/pressemelding

Bak duoen står Bendik Smedåsgjelten Qvam frå Fåset og Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal – to unge musikarar som har spelt saman sidan dei møttest på musikklinja ved Nord-Østerdal vidaregåande skule i 2012. I over ti år har dei utforska og forma eit felles tonespråk med utgangspunkt i heimstadene sine – eit landskap prega av hardt arbeid, lange vintrar og sterke musikalske tradisjonar.

– Mykje av musikken går i moll og har eit preg av både melankoli, håp og mørke. Livet i Nord-Østerdalen har historisk vore krevjande – det trur vi speglar seg i musikken, seier Synnøve Brøndbo Plassen.

Stråk får vi høyre lyden av bukkehorn, lyre, seljefløyte, gitar og vokal. Dei første singlane, Sven Svane og Springar, vart sleppte i mars og april – no er heile albumet tilgjengeleg både digitalt og på CD, utgitt på Melovitten.

– Gjennom dei siste ti åra har vi opparbeidd oss eit mangfaldig repertoar av arrangert folkemusikk frå begge våre heimtrakter, fortel Bendik Qvam.

Tittelen Stråk siktar til at Nord-Østerdalen og Trøndelag har vore ei gjennomfartsåre, der dei som har fylgd musikk med dei som har kome langs vegen. Musikken formidlar liv, arbeid og kjærleik slik det var i Nord-Østerdalen og Trøndelag.

I samband med albumslippet legg Qvam/Plassen ut på ein omfattande lanseringsturné denne våren og sommaren. 

Turné:

9. mai - Kulturuthuset, Lillehammer

10. mai - Agatunet, Ullensvang

11. mai - Jensbua, Dale/Flekke

12. mai - Columbi Egg, Bergen

15. mai - Tante Gerdas scene, Hamar

16. mai - Vingelen kirke- og skolemuseum

19. mai - Tynset Bygdemuseum

5. juni – Røros Folk Festival

23. juli - Solliaysteriet, Sollia

7. august – Eysteinkirka, Hjerkinn