Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud.
Laura Ellestad avslutta for ei tid sidan ein doktorgrad om norsk-amerikanske folkemusikkmiljø i Midtvesten, og skreiv i si tid masteroppgåve om spelemenn frå Valdres som utvandra til Amerika. Ho gav også for ei ti års tid sidan ut ei plate med låttar etter fem av desse spelemennene. Dei fem fekk publikummarane høyre meir om i eit interessant konsertføredrag på Høyne skule på Valdres Folkemuseum torsdag under Jørn Hilme-stemnet.
Ellestad innleidde med å fortelja litt om bakgrunnen for prosjektet hennar. Det er i år 200 år sidan den fyrste båten med nordmenn som ville søkje lykka i Amerika, reiste av garde. I løpet av dei neste 100 åra tok ein stad mellom 750 000 og 850 000 vegen over «blåmyre» til Nord-Amerika. Hardingfeleområda her til lands var av bygdelaga som eksporterte flest folk, og ho viste til ein forskar som hadde rekna seg fram til at godt og vel 350 norske hardingfelespelarar har hatt tilhald der.
Den fyrste spelemannen Ellestad trekte fram var Arne Steinsrud frå Sør-Aurdal. Han var også innfallsvinkelen hennar til heile forskingsprosjektet. Som ung canadisk felespelar med norske aner, kom Ellestad flyttande til Valdres, der ho møtte Trygve Bolstad. Han fortalde ein del om Steinsrud, og kunne også lære bort ein lått etter han. Steinsrud flytte nokså tidleg – alt på 1850-talet, over saman med kona og ni ungar.
Kjeldene fortel på segnaktig vis at han spelte på dansar og var ein ettertrakta spelemann der borte – heilt til den danseglade dottera hans døydde på dansegolvet, då la han bort fela for godt. Ellestad spelte ein lått etter han som ho hadde i form etter Olaf Leistrud, som ein elles finn i meir utbygde former med namnet Perigarden, i Nord-Valdres.
Ho fortalde også om Knut Sjåheim. Han skal tidleg ha utmerka seg som spelemann, og sjølv om han reiste ut tidleg i 20-åra i 1870, går det enno gjetord i Valdres om kor god han var som spelemann. Sjåheim kom som mange andre av spelemennene, frå fattige kår, og han var fødd utanfor ekteskap. I Amerika levde han eit omflakkande liv og budde i fleire statar i Midtvesten.
Han budde på eit tidspunkt i Red River-dalen, og der møtte han fleire setesdølar, blant anna Eivind Aakhus og Sam Sorenson. Dermed er fleire av låttane etter Sjåheimen bevarte gjennom notenedskrifter etter Aakhus, som kom heimatt etter fleire år i Amerika.
Deretter fekk me høyre soga om Bendik i Nø’n. Han var ein av dei vidgjetne læregutane til Jørn Hilme. Ellestad drøfta årsakene til at han reiste over – visstnok skal fattigkassa ha sponsa billett, samtidig som at religiøst trongsyn førte til at han vart meir eller mindre frosen ut lokalt.
Likevel vart det stelt i stand ein fest for han før han reiste, og der fekk han med seg den segnomsuste trondefela Børka, som seinare vart spora opp av Jøger Quale og donert til Valdres Folkemuseum, der ho på tragisk vis rauk med i museumsbrann på 1960-talet. Ellestad spelte springaren Sissel i form etter Andreas Hauge, som Bendik skal ha laga til eine dottera si med same namn.
Ein av dei andre spelemennene Ellestad har forska på, er Trond Eltun frå Vang. Han jobba lenge som postberar og gjekk éin gong i veka den lange vegen frå Søndre Land og Hadeland til Vang med post i mange år. Han var elles nokså tidleg ute som konsertspelemann, allereie på 1870-talet finn me annonsar for Eltun-konsertar i Oslo-området.
Det er sagt at han hamna i økonomisk uføre, og at dette var ein av grunnane til at han søkte lykka der borte. Eltun turnerte i Midtvesten i mange år før han på tragisk vis omkom då han før ein konsert i ein av præriebyane vart kvelt etter å ha sett ein kjøtbit fast i halsen. Fleire av låttane til Eltun er bevart gjennom sonen Johan-Henrik Eltun i Kvam som lærte låttane vidare til Ola Grihamar, samt at nokre av dei vart nedskrivne på notar av Arne Bjørndal.
Oscar Hamry – i Noreg kjend som Ola i Reishaga, er den einaste Ellestad har låttar direkte etter. I 1939 gjorde den tidlegare nemnte Jøger Quale heimeinnspelingar med han på grammofonplater – og med det eit enormt viktig dokumentasjonsarbeid. Innspelingane med Hamry er gjevne ut av Ta:lik for ein del år sidan, og Ellestad spelte ein grålysing etter han.
Eit engasjert publikum hadde fleire spørsmål etter konserten. Randi Før tok ordet til slutt og sa at oldefar til Ellestad, som i si tid gjekk på Høyne skule før han utvandra til Canada, skulle ha visst at oldebarnet kom til å ha konsert i same bygningen 150 år seinare. Slik vart sirkelen for eit informativ arkivdykk slutta.