Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Dei vil at gammaldansen skal vere ein naturleg del av kvardagen og medvitet til folk.
– Det har skjedd før – og det kjem til å skje igjen, seier trekkspelar Pål Bratås.
Den sju personar store gruppa frå Innlandet gjorde seg bemerka med debutplata van danse i 2023. No er dei aktuelle med album nummer to, som med tittel som «Partykongen» ikkje legg skjul på kva dei ønskjer å oppnå.
– Når me spelar konsert, vil me skape ei stemning av glede og musikalsk eufori – både hos oss sjølve og publikum. Då blir det skikkeleg fest, seier Øyvind Sandum, som spelar både torader og trekkspel.
– Scena og dansegolvet blir som ei dynamisk framsyning, føyer bassist Gro Visdal til.
Høyr singelen Lurifox frå plata her.
Gammaldans med trøkk
Madam Jam har spelt for fulle hus sidan oppstarten, og publikumsreaksjonane har gitt dei tru på at gammaldansen kan appellere breitt – også til dei som ikkje vanlegvis oppsøkjer folkemusikk.
– Nokre dansar vanleg gammaldans, andre hoppar framfor scena i takt med musikken. Det viktigaste er at folk har det moro. Det er som betyr noko, seier gjengen samstemt.
Madam Jam har vekt debatt sidan dei inntok gamaldansverda med brask og bram sumaren 2023 på Landsfestivalen i Førde.
– Me skil oss litt ut i sjangeren. Me tek utgangspunkt i eldre runddanstypar, men gjer moderne grep som fungerer godt for dagens festpublikum, forklarar Bratås.
Banjo, piano – og ei visuell ramme
Ein viktig del av lydbiletet er det uvanlege kompet: Banjo og piano.
– Det er eigentleg ikkje nytt, men det er få som har brukt det i dette omfanget i denne sjangeren som me gjer, seier banjospelar og komponist Steinar Odde, som står bak mykje av musikken til bandet.
Men det handlar ikkje berre om lyd. Madam Jam har òg jobba bevisst med det visuelle uttrykket – alt frå sceneklede til grafisk utforming og profil.
– Me har tenkt heilskap frå starten av. Det visuelle uttrykket har mykje å seie, meiner Sandum.

Klar for festivalsommar
Med «Partykongen» vil Madam Jam ut til fleire – og større – scener. Plateselskapet Melovitten håpar fleire arrangørar vil satse på gammaldansen i ny drakt.
– Norsk folkemusikk er i vinden. Me veit at Madam Jam si musikk kan fenge musikk- og danseglade i både by og bygd, seier produsent Solveig Brekke Hauknes.
Lanseringskonsert:
Fredag 30. mai 2025
Folkemusikkveka i Ål, Hallingdal
Utøvarar:
Steinar Odde – banjo
Øyvind Sandum – trekkspel/torader
Pål Bratås – trekkspel/torader
Gro Visdal – kontrabass
Geir Byre – gitar
Kristen Bratås – piano
Bjørn Kåre Odde – fele/bratsj