Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Utgangspunktet var arbeidet til ei breitt samansett arbeidsgruppe, leia av Kari Nilssen, som over fleire månader har drøfta kva grep ein kan ta for å styrke rekrutteringa og opplevinga til nye generasjonar deltakarar og publikummarar.

Arbeidsgruppa har bestått av Magnhild Moen Helland, Vilde Westeng, Frode Rolandsgard og Ingvild Kleiveland, i tillegg til Nilssen sjølv. Dei har teke imot innspel frå miljøet undervegs, og konkludert med tre hovudtilrådingar til FolkOrg-styret:

  1. Dansen må ha høg prioritet og vere ein heilt sentral del av kveldsarrangementa.
  2. Det må skapast konkrete møteplassar for rekruttering, inkludering og sosialisering for ulike målgrupper.
  3. FolkOrg bør leggje strammare rammer og føringar på korleis arrangementa skal organiserast.

– Vi set pris på at FolkOrg har utfordra oss på dette. Vi som har sete i gruppa har hatt mange meiningar om dette, fortel Nilssen.

Du kan lese rapporten i sin heilskap her.

Dans som hovudattraksjon

Arbeidsgruppa meiner det er på tide å løfte dansen fram som ein hovudattraksjon på kveldane. I dag opplever mange at konserttilbodet på kveldstid trengjer seg inn på dansespelet og det sosiale livet på golvet. Gruppa føreslår også at det bør vere dans på dagtid, gjerne i kombinasjon med andre arrangement som kurs og sjokoladekappleik.

Eit anna viktig tema er korleis ein kan engasjere foreldre som ikkje sjølve er aktive i folkemusikkmiljøet. For å få fleire familiar til å prioritere kappleik og festival, peikar gruppa på tiltak som «kræsjkurs», familiedans og tilbod for nybegynnarar.

– Mange av oss har varierande opplevingar med sjokoladekappleiken. Det må lagast rammer slik at det blir bra for både ungane som skal delta og dei som skal sjå på. Det bør vere eit program slik at ein har nok informasjon i god tid om kor tid ein skal på, seier Nilssen.

Ho understrekar òg at det er behov for betre marknadsføring mot nye deltakarar – både barn, ungdom og foreldre.

Debatt med engasjement

Etter framlegginga av rapporten vart det arrangert ein paneldebatt med Kari Nilssen, Vilde Westeng, Alexander Røynstrand og Sturla Eide, leia av Lene Furuli. Røynstrand, som er kappleiksarrangør i år, kjende seg att i fleire av punkta frå rapporten.

– Ein del av punkta har vore sentrale i samarbeidet vårt med FolkOrg. Dei har vore opptekne av at dansen bør ha fokus, sa han.

I Eidfjord planlegg dei tre sjokoladekappleikar – ein kvar dag – for å unngå lange økter. Røynstrand opna også for tanken om eit slags dansespelkart som arrangørar kan bruke når dei planlegg programmet sitt.

– Det er utfordrande å programmere dansespel. Ein kan kanskje lage eit dansespelkart som lokal arrangør kan få tildelt kvart år, der ein kjem med ynskjer om kva for dansetypar ein vil ha dei ulike kveldane, meinte han.

Samtidig minna han om at tevlingane framleis må vere hovudfokus på Landskappleiken, og at det kan oppstå motsetningar mellom konkurranse, kulturprogram og dansespel.

Buskspel, lyd og matbong

Sturla Eide snakka om erfaringane frå ungdomsgruppa «Laust og fast» i Trøndelag. Her er det sosiale viktigast – buskspel og dans – ikkje tevling.

– Det vi gjer når vi møtest, er å ha fokus på buskspel og sosial dans. Konkurransen har ikkje vore det store fokuset vårt, sa Eide.

Sturla Eide fekk FolkOrg sin eldsjelpris for arbeidet sitt med folkemusikkgruppa “Laust og fast”. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Vilde Westeng understreka at gode forhold for dei som spelar til dans er avgjerande.

– Det er dumt om det ikkje er ordentleg lyd. Kanskje bør det vere ein introduksjon av artisten, kanskje bør dei få ei belønning i form av ein matbong?

Sofagrupper og eigne buskspelvertar, som enkelte kappleikar og arrangement i Trøndelag har brukt, vart nemnde som gode døme på tiltak som kan bidra til å inkludere fleire.

– Eit vertskap, litt styrt og organisert, det fungerer, peika Eide på.

Alkohol, generasjonar og eigarskap

Lene Furuli reiste spørsmålet om korleis ein kan balansere eit strengt norsk alkohollovverk med ønsket om arrangement på tvers av generasjonar. Ho løfta fram omgrepet «generasjonskontrakten» og understreka kor viktig det er med møteplassar der både unge og eldre kan delta og trivast.

– Samtidig så må miljøet gå litt i seg sjølv og reflektere korleis ein kan legge godt til rette for desse generasjonsmøta, meinte ho.

Nilssen viste til at mange arrangørar har fått til å ha både god tilretting for barn og ungdom, samtidig som ein har alkoholsjenking på den same arenaen for dei over 18. 

– FolkOrg bør ta litt meir tak i dette. Finn dei arrangørane som får til ein god dialog med skjenkemyndigheitene. Korleis får dei dette til?

Ho peika på at Landsfestivalen ofte framstår som meir barnevenleg enn Landskappleiken, blant anna fordi det er dans heile dagen – men at kappleiken til gjengjeld har vore gode på sjokoladekappleik. Her kan ein lære av kvarandre.

– Det bør vere ein arena for buskspel, la Westeng til. Ho etterlyste også ein meir tydeleg mal for sjokoladekappleik, noko fleire støtta.

Alexander Røynstrand ville likevel framheve at utviklinga går rett veg.

– Det blir gjort kjempemykje bra, då eg var 11 år spelte eg på «barn spelar for barn», der det var 12 nummer, medan i fjor var det 70 nummer med barn under 12 år! sa han.

Vidare arbeid og eigarskap

Mot slutten av debatten kom fleire innspel frå salen. Nils Øyvind Bergset føreslo å ha finalar til dans – til dømes i lagspel. Ragnhild Bjørkum Vassbotn tok til orde for å involvere barn og unge meir direkte i planlegginga av arrangementa, for å styrke eigarskap og relevans.

Per Øyvind Tveiten minna om at deltakinga på Landskappleiken og Landsfestivalen er aukande, men spurde korleis ein praktisk skal handtere veksten med tanke på plass og tid. Olav Arne Løstegard foreslo meir integrering av tevling og dans, og Even Tråen etterlyste meir konstruktive kommentarar i sjokoladekappleiken.

Furuli avrunda debatten slik:

– Det er gledeleg å kunne ha denne samtala no, og at ein snakkar om ein finpuss for å gjere arrangementet endå betre.