Tekst: Redaksjonen.

Fredag 2. mai slepper Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg albumet Tostemt – ei samling slåttar og danseviser frå Telemark og Valdres, arrangert for to stemmer. Plata inneheld tretten spor, der tralleslåttar og danseviser møter både langeleik og lyre.

– Me er begge djupt fascinerte av det tostemde som ligg i mykje av felespelet, særleg i hardingfelelæte. Det er ofte som om to sjølvstendige melodilinjer spelar saman. Når me arrangerer for tostemt tralling, er hardingfeleuttrykket ei viktig inspirasjonskjelde, seier dei to utøvarane.

Her kan ein høyre ein lått som i si tid kom att frå Amerika i Okshovd-tradisjon.

Slåttane dei har arbeidd med, er overleverte både gjennom felespel og munnleg song – eller «kjaftespel», som det heiter i Hallingdal. Myhren og Karlberg nyttar ulike nemningar for tralling frå fleire distrikt: å «tulle slåttar» i Telemark, å «hulle låttar» i Valdres og å «lète på kjafte» i Hallingdal. I tillegg til reintralling har dei teke med eit knippe viser i bygde- og runddanstakt, nokre med tekst sett til gamle instrumentalmelodiar. Her får me også høyre dei spele på langeleik og lyre.

– Tralleslått-tilfanget har stor eigenverdi, og her er eit hav av melodiske vendingar, former, rytmikk, stemmebruk og tonale uttrykk. Mange av dei gamle trallarane held fast ved eit alderdommeleg lag av slåttemusikken, fortel dei.

To stemmer i same landskap

Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg har lange og solide karrierer bak seg som folkesongarar og trallarar. Dei var begge med i vokalgruppa Dvergmål, som på 1990- og tidleg 2000-tal gjorde seg bemerka med to album – Visor og kvæde frå Blåberglandet og Song i himmelsalar – sistnemnde Spellemann-nominert. I Tostemt tek dei opp att tråden etter Dvergmål, og vidareutviklar samspelsforma i ein ny kontekst.

Groven Myhren er kjent for ei lang rekke prosjekt innanfor både folkemusikk og scenekunst, og mange kjenner ho som medskaparen av Nivelkinn saman med Odd Nordstoga. Marit Karlberg har markert seg sterkt både solo og som den eine halvdelen av duoen Sudan Dudan.

Albumet er spelt inn i Høvik kyrkje, med Tor-Magne Hallibakken som teknikar og Leiv Solberg som produsent.

Konsertturné våren og sommaren 2025:

2. mai – Juret bar, Oslo

3. mai – Tou loftet, Stavanger

31. mai – Sundrehall, Folkemusikkveka på Ål, Hallingdal

6. juli – Bygdin Høifjeldshotel, Jørn Hilme-stemnet, Valdres 

6. juli – Olestølen, Øystre Slidre

8. november – Rollag Folk & Jazzklubb, Numedal

22. november – Riksscenen, Oslo