Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud.

Festivalleiar Gry Hoel uttrykte stor glede over at festivalen no er i gang etter to år med planlegging:
– Etter to år med iherdig planlegging står vi endeleg her og skal gjennomføre denne festivalen. Eg er glad for at alle dykk har tatt turen. Vi er veldig stolt av at vi har rekordpåmelding i Oppdal – vi har no 853 unike deltakarar på Landsfestivalen, sa ho frå scenen.

Festivalsjef Gry Hoel kunne ynskje velkomen til Oppdal saman med resten av Oppdal spelmannslag.

Ho ynskte òg velkomen ti studentar frå Erasmus-programmet, som skal delta på festivalen og få ei innføring i norsk kultur.

Opninga blei musikalsk sett i gang av Oppdal spelmannslag, som spelte reinlenderen Gunvor etter Olav I. Rise.

Kulturkryss på Dovrefjell

Nestleiar i FolkOrg, Margrete Nordmoen, uttrykte stor takksemd overfor lokal arrangør og for å vere del av eit generasjonsmangfaldig miljø.

Nestleiar i FolkOrg, Margrete Nordmoen, la i si helsing vekt på både historie og samtid:
– Her møtest tre vegar. Vegen sørover over Dovrefjell, vegen vestover til Nordmøre og vegen nordover til Trondheim. Dette er ein kommune med kommunikasjonsmessig betydning i fortid og notid.

Nordmoen understreka kor unikt det er med generasjonsmøta i det norske folkemusikkmiljøet:
– For mange er dette eit årleg høgdepunkt, og det er særskilt gledeleg at vi når ut til nye miljø. Noko av det spesielle med Landsfestivalen er at vi alle er deltakarar. Dansen med musikken lever som ein skapande einskap, sal og scene eit pulserande fellesskap. Den sosiale dansen står sterkt, og det er viktig å hegne om denne.

Ho roste også det lokale tilskiparlaget:
– For eit program de leverer! Særleg satsinga på barn og unge – barnas festival. Landsfestivalen juniorspelemannslag gler eg meg til å høyre – og det nye ungdomsprogrammet som Erasmus har gjeve oss moglegheit til.

Med glimt i auget nytta ho høvet til å gratulere staten med auka løyvingar til kappleik og festival – eit bidrag til å ta vare på den immaterielle kulturarven.

«Fokstugu»: Nytt bestillingsverk for gammaldans og rap

Hovudinnslaget i opningsprogrammet var ein smakebit frå bestillingsverket Fokstugu, signert spelemann og komponist Erlend Viken frå Oppdal – i tett samarbeid med rapperen Kjell Marius Snipen frå Dombås. Verket er det første av sitt slag, og kombinerer tradisjonell gammaldans med rap på dombåsdialekt.

«Fokstugu» hentar inspirasjon frå fjellområda rundt Dovrefjell og bygdehistoriar frå Oppdal og omegn. Tittelen viser både til ein historisk skysstasjon og til eit imaginært landskap rikt på forteljingar. Tekstene til Snipen formidlar desse forteljingane med både humor og alvor.

Musikalsk tek verket utgangspunkt i tradisjonelle former frå fele- og trekkspeltradisjonen, og eksperimenterer med nye uttrykk. På scena sto i tillegg til Viken og Snipen ei rekkje utøvarar: Øyvind Sandum, Andreas Bjørkås, Rikke van Ommeren, Sverre Stenløkk, Knut Sneve, Gaute Kalseth-Iversen og fleire lokale musikarar og dansarar.

Lokal forankring

Oppdal-ordførar Elisabeth Hals og varaordførar Tor Snøve stilte som programleiarar for det vidare programmet med klassa Samspel og påfølgjande trekkspelklasse. Hals nytta høvet til å ynskje publikum velkomne til bygda:
– Oppdal har godt og vel 7000 innbyggarar, men talet tredoblar seg lett i sesong. Her er det eit yrande kulturliv.

Ho kunne òg røpe at ho, trass i å ikkje vere utøvar sjølv, har folkemusikk i slekta – med ein oldefar frå Hardanger som både bygde og spelte fele.

Festivalen held fram med tevlingar og konsertar gjennom heile veka, og arrangørane lovar eit variert og inkluderande program for både deltakarar og publikum.

Ordførar i Oppdal, Elisabeth Hals, saman med Oppdal spelmannslag under opninga av Landsfestivalen 2025.