Tekst: Pressemelding

Dei  som har gravd djupt i norsk musikkhistorie har kanskje høyrt om langeleikspelaren som brast i gråt fordi tonane i instrumentet hadde endra seg. Ein utdanna musikar på gjennomreise i bygda hadde flytta  notane for å få langeleiken like «rein» som eit kyrkjeorgel. Men tonane  hadde ikkje vore tilfeldige, dei hadde vore slik lenge, kanskje i fleire  generasjonar. Det som læt uvant for eit moderne øyre, var eit uttrykk  for personleg fridom og estetikk - og sjølve sjela i musikken til langeleikspelaren.

Malmin og Åshild Vetrhus haustar lovord i den velrennomerte engelske avisa The Guardian. Les meldinga her.

Når  tradisjon blir handsama med fryktlaus kjærleik, kan band som Malmin  oppstå. På det andre albumet til duoen blir gamle melodiar frå eit svært  avgrensa geografisk område tatt varsamt fram i lyset, fôra gjennom  gitarforsterkarar og gjenfødd i ei form som overskrider både kultur og  musikalske grenser.

Duoen,  som har spesialisert seg på tradisjonsmusikk frå Rogaland, har laga  plate i trespann med folkesongar og Suldøl Åshild Vetrhus. Det har blitt  til eit minimalistisk, medrivande album av løynde lokale skattar frå  gamle kjelder og arkivopptak – og ein durande flymotor!

Malmin  sitt prosjekt er å formidle det djupt menneskelege i denne musikken og  opne han opp for den moderne lyttaren. Og vegen dei har tatt går via  hjartet:

Dei  «tapte tonane» til langeleikspelaren – som også finst i mangfaldige  variasjonar i gamle slåttar og viser frå Rogaland – blir tatt godt vare  på i hendene til Malmin og Vetrhus. Og sjølv om dei nyttar eldre tonar  og rytmar, har trespannet tatt seg stor fridom. Fele, langeleik, song og  spesialbygd elgitar og mandolin blir fargelagt av vreng og  forsterkarar. I møtet med moderne teknologi blir slåttane endå  mektigare, og opnare – både for kjennarar av folkemusikk så vel som som  for tilhengjarar av dronete, suggererande musikk i meir elektriske  sjangrar utanfor hovudstraumen.

Rogaland  hadde ingen Myllargut eller Ole Bull. Utan kjende konsertfelespelarar i  regionen, blei slåttane frå området heller ikkje moderniserte og utvida  for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein  råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv.

Derfor  er det kanskje ikkje overraskande at rogalandsmusikken skulle bli  møtepunktet for Anders Hana, som har bakgrunn frå eksperimentell  støyrock (MoHa, Noxagt), og Olav Christer Rossebø, som i årevis har bygd  bruer i terrenget mellom norsk alternativ pop og folkemusikk frå USA,  Hellas og Norge (Frøkedal & Familien).

På  denne utgivinga frå Malmin og Vetrhus finst musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med  driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i  våre dagar.

Albumet  markerer også oppstarten av, og første utgiving på, plateselskapet  KRETS – eit samarbeid med undergrunnsmusikk-knutepunktet Fysisk Format  der Hana/Rossebø skal kuratere innhaldet.

Slagordet til Krets er Or duldo! og er henta fra målmannen og anarko-teosofen Ivar Mortensson-Egnund.

Musikken blir å høyre fleire stader fram til sumaren:

TURNE:

12. Mars: Kulturhuset på jæren, Bryne

13. Mars: Haugesund Folkebibliotek, Haugesund

14. Mars: Kulturhuset i Suldal, Sand

15. Mars: Gorrlaus, Stavanger

21. Mars:  Kampen Bistro, Oslo

11. juli:  Jørn Hilme-stemnet, Fagernes

Hana er også med i gruppa Naaljos ljom som ein kan sjå her i denne NRK-snutten, der også Rossebø dukkar opp.