Det nye arkivet er basert på samlingar frå Noregs tre største tradisjonsarkiv Norsk FolkeminnesamlingNorsk etnologisk gransking og Etno-folkloristisk arkiv.  

Det kan vere av interesse for både forfattarar, musikarar, dansarar og andre interesserte som no får høve til å dykke ned i eit spennande univers av folkedikting, magi og førestillingar om underjordiske vesen. 

Ikkje minst vil studentar og forskarar ha nytte av arkivet for å kunne avdekke kulturelle mønster og variasjonar over store område. 

Ein kan til dømes gjere geografiske søk. 

Ein kan også søkje på emneord. Til dømes gjev emneordet “fele” 59 treff.

Ein kan søke på personar. Nokre raske søk viser til dømes at kjente innsamlarar som Knut Liestøl, Arne Bjørndal, Gullik Kirkevoll og Knut Hermundstad er representerte. 

Sjå til dømes nokre av nedskriftene etter Bjørndal her.

Arne Bjørndal er blant innsamlarane som er representerte i det nye oversiktsarkivet SAMLA.no. Foto: Peterson UBB-BS-Q-00135-108

 

Ein kan også bla seg gjennom kategorien «Song og musikk».

Lanseringa skjer i Universitetsaulaen i Bergen 26. september klokka 15.00 og er ope for alle interesserte. Berit Opheim og Anne Hytta deltek blant andre i eit rikhaldig program.

Universitetet i Bergen har leia arbeidet med å utvikle SAMLA. Universitetet i Oslo, Stiftelsen Norsk Folkemuseum og Institutet för språk och folkminnen (Sverige) er partnarar. Prosjektet er finansiert gjennom Norges forskingsråd. Les meir om prosjektet i denne pressemeldinga.