Tekst: Johanne Flottorp
På laurdag, eit par timar før utdelinga av Årets stjerneskudd fekk Pumpegris beskjed om at det kunne vere lurt at dei møtte opp i Jakobkyrkja. Dei blei fortalt at dei var på ei såkalla kortliste.
– Då byrja det å kile skikkeleg i magen, men eg såg på det som ganske urealistisk at me skulle få ein slik pris på ein slik festival, seier Trygve Liahagen. Men saman med trommeslagar Jon Espelid og bassist Mikkel Bjørnebo møtte han opp.
I kyrkja gjekk juryen igang med å lese grunngjevinga si, og plutseleg byrja bandet å ane at det kanskje var dei juryen prata om. Det var ingen tvil då dei ropte opp Pumpegris – og dei tre frammøtte frå bandet kunne gå og ta imot sjekken til tonane av sin eigen musikk over anlegget.
Astrid Garmo og Vera Sonne var ikkje tilstades den kvelden, men dei snakka med resten av bandet på videosamtale, og dei fekk slik sett ta del i heile avsløringa.
Saman med 11 andre lovande grupper og artistar var dei nominert – i eit felt som var dominert av popen. Tidlegare har artistar som Girl in red, Jonas Benyoub og Metteson vunne denne prisen.
Juryleiar for Årets stjerneskudd, Malin Kulseth, seier i ei pressemelding at juryen frå første minutt på siste møte var 100 prosent einige om kven som skulle få prisen. Det har ho aldri opplevd før. Juryen skriv at bandet utmerkar seg med fele låtar, steinharde slåttar og ærlege tekstar der vokalist Vera Sonne strekkjer seg frå kveding til rap. Debutalbumet Fritids, som er produsert av Tuva Syvertsen, viser eit musikalsk univers der norsk kulturarv møter notidas ungdom: Slåttar møter rap, fuzzgitar møter salmetonar og kontrasten mellom sårbarheit og humor er gjennomgåande.
Ny plate og ein god buffer
Etter ein tur innom pressemølla bak scena, med intervju frå diverse medium, bar det ut i Oslos gater for å feire.
– Det var vanskeleg å skjønne det. Me måtte ut og kjøpe champagne, og så gjekk me på etterfesten til Valkyrien Allstars, fortel Trygve.
For samme kveld spelte Valkyrien Allstars for eit utselt Sentrum Scenen.
Premiepengane på ein halv million kroner kjem bandet til å bruke på neste plate, men dei vil også ha det som ein god buffer, slik at dei kan ha med seg fast lydteknikar, få nokon til å filme litt og slike ting. Dei har også lenge snakka om å lage AS, så det er tida inne for nå, meiner Trygve.
– Det er viktig å ikkje bruke alt på ein gong, me skal bruke dette til å hjelpe oss i lang tid framover, seier han.
Å vinne ein pris som dette på bransjetreffet Bylarm, der popmusikken er det dominerande, synest bandet er veldig kult.
– Det seier noko om at me er populærmusikk, på ein måte. Ein gong i tida var jo folkemusikken det. Det er kult at det kan vere så allment tilgjengeleg nå også. Det merka me etter at plata vår kom og blei så godt tatt imot, ikkje berre i nisjemiljø. Me trudde me hadde spelt inn ei nisjeplate, men den viste seg å ha eit breiare nedslagsfelt. Og det bekrefter også denne prisen, seier Trygve.

Bra for heile sjangeren
Ann Helen Erichsen er prosjektleiar for FolkeLarm, der Pumpegris hadde showcasekonsert i 2023.
– Det har vore så gøy å følge dei frå det til plate, til Bylarm og dette stipendet. Dei er veldig gode forbilde. At dei er så unge og gjer det så bra, det trur eg også er kjempeinspirerande for mange, seier ho og legg til:
– Dei er også eit ekstremt bra liveband. Det er nok ein av grunnane til at dei gjer det så bra på forskjellige typer festivalar, som Øya, Vinjerock, og nå Bylarm. Dei beviser at dei har nedslagsfelt langt utanfor berre éin sjanger.

At Pumpegris, med si stadige utviding av publikum og nå denne prisen, kan vere med på å gjere interessa for sjangeren og for FolkLarm større, er ho ikkje i tvil om.
– Pumpegris, saman med dei andre stjernene våre, har momentum nå. Gjennom dei har folkemusikken fått større plass i media. Og det at dei vinn denne prisen, fører til at fleire arrangørar vil vere interesserte i kva som rører seg på folkemusikkscena. At me har slike ambassadørar som dei, det trur eg kan få fleire til å få augo opp får våre bransjetreff, seier Ann Helen.
Ho understreker at arrangørane på folkemusikkfeltet har god oversikt, og at det difor er viktig at det kjem andre arrangørar til FolkeLarm dersom folkemusikkartistar skal få fleire scener å spele på.
– Nå er folkemusikken likeverdig med andre sjangrar også på Bylarm. Det har vore fleire konsertar med folkemusikkband her. Så det er ei veldig positiv endring, seier ho.