Tekst: Pressemelding.
Silje har vore i gamet lenge. Ho vart utdanna frå Norges Dansehøyskole i 2007 og har sidan den gongen jobba som dansar og koreograf både nasjonalt og internasjonalt. Folkedansen har vore med Silje sidan oppveksten, med både mor, onkel og bestefar som dansa og spelte. Allereie på vidaregåande starta ho prosessen med å utforske folkedans som scenisk dans og kunstnarisk uttrykk.
Eg er oppteken av det nære, det som forankrar oss, av individualitet i det kollektive – alt dette finn eg i folkedans, seier Hålien

Tradisjon og nyskapning hand i hand
I sitt kunstnariske virke bruker Silje folkedansen og folkemusikken i eit moderne uttrykk, og ho har ei eiga evne til å kombinera tradisjon med fornying. Ho skaper rom der publikum blir drege inn i den leikne og kraftfulle estetikken, samt det slåande samspelet mellom musikk og dans. For Silje står mellommenneskelege kjensler, tilstandar og overgangar sentralt i det skapande arbeidet. Ein kan i stor grad kjenne på spenningsfeltet mellom dansen og den levande musikken i hennes koreografiske verk.
Ein kjerneverdi i hallingen er å finne eit indre trykk i samspel med musikken, kanalisere denne energien ut i små eksplosjonar og utbrot, for så å fange energien og lade opp på ny, fortel Hålien.
I dag er Silje kunstnarisk leiar for Mamelukk dansekompani, eit kompani beståande av kvinnelege hallingdansarar. Å utvikla folkedansen generelt, og hallingen spesielt, for kvinnelege dansarar har vore eit gjennomgåande tema i Siljes kunstnarskap. Korleis uttrykkja seg som kvinne gjennom ein dans som har vore utvikla ut frå menn sine premissar, er eit tema som opptek henne.
Silje har blitt kåra til Årets folkemusikar og er også, som første kvinne i Noreg, kvalifisert til A-klassen i hallingdans.
Som Dansens Dager-ambassadør har Silje koreografert ein dans som er fysisk, leiken og engasjerande! Årets dans skal sleppast 1. februar som del av festivalen DANS, DANS, DANS på Riksscenen.
Danseinformasjonen er nasjonal koordinator for Dansens Dager og dagleg leiar Sigrid Ø. Svendal er veldig glad for at Silje Onstad Hålien er årets Dansens Dager-ambassadør:
Det er en stor glede for oss i Danseinformasjonen at Silje Onstad Hålien er årets Dansens Dager-ambassadør. Silje har en kraft, en energi og en integritet i alt hun gjør. Folkedansen, i samspill med folkemusikken, tar tak inni oss og drar oss med. Vi er klare – og håper på en folkedansbølge med årets Dansens Dager-dans.
Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen har saman skapt suksessførestillinga Óme. Sjå utdrag her.
Dansens Dager 2025 - 25. til 29. april
Dansens Dag vart oppretta av UNESCO i 1982. Målet er å løfte frem og synleggjera dansekunst og betydninga dans kan ha både for eit samfunn og for enkeltindividet. Feiringen føregår i meir enn 60 land og har ei inkluderande og sameinande ramme. Danseinformasjonen er nasjonal koordinator for feiringa, og alle er velkomne til å delta.
Les meir på dansensdager.no
Danseinformasjonen , det nasjonale kompetansesenteret for dansekunst, har koordinert Dansens Dager i Noreg sidan 2001. Danseinformasjonen vart oppretta i 1994, blir finansiert over statsbudsjettet og har ei rekke oppgåver knytt til dansekunsten i Noreg. Dansens Dager er støtta av Oslo kommune.