Tekst: Redaksjonen/pressemelding

Prisen er på 25 000 kroner og vert delt ut under Høgfjellskonserten Grieg ved Rondane laurdag 9. august. Der vil Tronrud sjølv stå på scena og spele med Rondane som mektig bakteppe.

Juryen: – Ein av landets fremste unge utøvarar

Prisjuryen skriv i si grunngjeving:

Årets vinner av Øivind Berghs Minnepris, Sindre Tronrud (25), kommer fra Fagernes i Valdres, og er en ung og fremadstormende folkemusiker. Han spiller både hardingfele og vanlig fele, men hardingfela har hatt mest fokus de siste årene.
Under Landskappleiken 2024 vant han 2.plass i den gjeve «Hardingfele klasse A», og viste med det at han, trass sin unge alder, er en av landets aller fremste utøvere på hardingfele.

I vår fullførte han bachelorutdanninga i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og er allerede en aktiv musiker, både som solist og i ulike band.

Han har mottatt en rekke priser og stipend, blant annet Fureprisen og Torleiv Bolstad minnestipend, og er en utøver vi garantert kommer til å se og høre mye fra i årene som kommer!

Juryen har i år bestått av Trude Bergh (familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt AS).

– Ei stor ære og inspirasjonskjelde

Sindre Tronrud seier han er både rørt og takksam for utmerkinga:

– Det er ei stor ære og ei kjelde til inspirasjon å bli tildelt denne prisen. Eg kjenner meg utruleg takksam for å bli ein del av ei lang rekkje med personar som både har vore inspirasjonskjelder og førebiletar for meg. Tusen takk til alle som har bidrege til at dette vart mogleg!

Høyr Tronrud frå finalespelet under Hardingfele klasse A på Landskappleiken på Gol i 2024 her.

Spektakulær prisutdeling i høgfjellet

Frå høgfjellskonsert under kulturfestivalen Peer Gynt.

Prisutdelinga skjer laurdag 9. august kl. 13.00 under Grieg ved Rondane, ein av dei mest spektakulære klassiske utandørskonsertane i landet. Her vil Tronrud kvittere for prisen ved å spele frå scena, med fjellheimen som kulissar. Trude Bergh står for sjølve overrekkinga.

Årets konsert byr på eit rekordstort ungdomssymfoniorkester med 75 musikarar, leia av stjernedirigent Eivind Gullberg Jensen. Programmet inneheld musikk av Edvard Grieg og Beethovens Skjebnesymfoni, og konsertregien er ved Svein Tindberg – som også er konferansier saman med skodespelarane Maria Kristine Hildonen og Heidi Ruud Ellingsen.

Les meir om konserten og bestill billettar her.

Om Øivind Berghs minnepris

Øivind Berghs minnepris vart oppretta i 1989 og har sidan vore delt ut årleg under kulturfestivalen Peer Gynt. Prisen blirdelt ut i samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt AS, etterkomarane etter Øivind Bergh og SpareBank 1 Gudbrandsdal.

Øivind Bergh fekk sjølv Peer Gynt-prisen i 1976, og fekk eit nært forhold til Gudbrandsdalen og tradisjonsmusikken der. Minneprisen er ei vidareføring av hans engasjement for unge talent og fiolinkunsten.

Tidlegare prisvinnarar

Tidlegare vinnarar inkluderer namn som  og fleire andre framståande utøvarar innan klassisk og tradisjonsmusikk. Her finn me fleire kjente folkemusikarar: 

Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset, Mari Eggen, Egil Syversbråten, Per Sæmund Bjørkum, Åshild Breie Nyhus, Christian Borlaug, Åse Teigland, Per Anders Buen Garnås, Øystein O Rudi, Andreas Skeie Ljones, Øyvind Flaarønning Smidt, Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Gjermund Larsen, Jan Beitohaugen Granli, Ragnhild Hemsing, Ragnhild Furebotten, Alexander Aga Røynstrand, Bjørn Kåre Odde, Erlend Apneseth, Hans P. Kjorstad, Sivert Andreas Holmen, Helga Myhr, Rasmus Kjorstad, Selma French Bolstad og Trygve Liahagen. 

Årets prisvinnar, Sindre Tronrud, føyer seg dermed inn i ei sterk rekkje av musikarar som har prega det norske musikklandskapet.