Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud.
Nye Ringnesin har sidan 1984 gledd fleire generasjonar i heile Gudbrandsdalen og omland med dansespel og konsertering. Gruppa som i si tid vart starta av primus motor John Egil Odnes, har også vunne Spelemannsprisen i 1995, gjeve ut tre plater og vore så langt som til USA på låting. Øystein Rudi var både vertskap og ein av kveldens hovudpersonar musikalsk. I låven hans på Sør-Fron med kapasitet til bortimot 300 gjester var det tilnærma fullt.
– ‘N Øystein har nå berre vore med i åtteogtredve år, kommenterte Odnes til kveldens programleiar, Even Lusæter. Det vart ei feiring med mykje godlynt humor, spel og stemning. Den lokale diktaren og humoristen, Håkon Sveen, dukka opp på scena med fleire høvesdikt om medlemmane i Nye Ringnesin til allmenn lått i salen.
I løpet av kvelden fekk vi også sjå fleire ulike konstellasjonar på scenen. Av originalbesetninga er det berre Odnes som er att. Men på eitt nummer kom den fyrste felespelaren i gruppa, Ola Bruøygard, fram saman med trekkspelaren Eivind Bakken, som også var med frå starten av, til stor applaus frå publikum.
Dei som er aktive i gruppa no for tida er nemnte Odnes, som trakterer trekkspel saman med Kjell Grothe. Øystein Rudi spelar fele, Kåre Vennevik er med på gitar og Bjarne Odde spelar bass. Reidar Svare spelar piano og «remjar og syng» litt i blant med, ifylgje han sjølv.
Svare fortalde at han vart rekruttert til gamaldansgruppa ved at nokon plasserte ein gitar i fanget hans og sa: «oss har låting i Li’n på laurdag!». Han kunne like så godt ha spelt på ein eggedelar i starten, meinte han, men det vart truleg betre skikk på det etter kvart.
«Demokratisk diktatur»
Glansperioden på 1980- og 1990-talet var stappfull med låting dei fleste helgene i året. Det kunne gå ei kule varmt i blant, ikkje minst mellom dei to brørne John Egil og Ivar Odnes, sistnemnte var med på fele. Under ein turné vart leiarstilen til John Egil diskutert då det var fleire som ymta frampå om at dei ville ha eit ord med i laget, men denne hadde hevda at det var rom for andre meiningar i god demokratisk ånd. Då kom det tørt frå baksetet der Reidar Svare sat: «Det er demokratisk diktatur!»
Trass denne episoden har stemninga vore god i alle år, ikkje minst denne kvelden. Vemodig vart det likevel å minnast Ivar Odnes som gjekk bort i 2018. Han hadde etter at han vart kreftsjuk oppmoda gruppa med å halde fram med «låtingen».
Kveldens siste nummer var dermed dedikert til han, der gruppa spelte «Ære» som Vegar Vårdal sette seg ned og komponerte etter at Odnes hadde vore innom han og teke farvel for siste gong.
Publikumsfavorittar
I løpet av kvelden fekk publikum høyre fleire gamle publikumsfavorittar som «Fjelljenta» og «Jo Lamo». Applausen var stor etter at eit av tidenes familieorkester, sett saman av etterkomarane til gruppemedlemane, hadde entra scena.
Her var både barn og barnebarn representerte. Dei to døtrene til Kjell Grothe, Lene og Synne, og to av barnebarna Anders Schjølberg og Jertru Skogen, alle på fele. Sønene til Bjarne Odde, Mads Erik og Bjørn Kåre. Sonen til John Egil, Rikard, og barnebarnet Hedda Louise Barhaugen. I tillegg var Even Offerdal Bakken, sonen til det tidlegare medlemmet Eivind Bakken, med.
Konferansier Lusæter kom med små drypp frå bakrommet undervegs. Reidar Svare hadde då han såg familieorkesteret på lydprøva, fått lyst på musikalske arvingar han òg, og gjort framlegg overfor Kjell om å få adoptere Synne. Det humoristiske poenget slo særs godt an hjå publikum.
Etterpå var det mykje godt dansespel utover kvelden før Bjørn Kåre Odde hadde midnattskonsert saman med medmusikantane sine i prosjektet «Folk Chamber II». Dermed vart det ein kveld jubilanten verdig, som nok kjem til å bli hugsa fram til eit eventuelt 50-årsjubileum i 2034.
NB! Det kjem ei lengre sak om «Nye Ringnesin» i neste nummer av Folkemusikk, som dukkar opp i postkassa til abonnentar i desember.