Hallgrim Berg var primus motor for NRK-sendinga frå Landskappleiken på Geilo i 1969. Sjå fjernsynsprogrammet frå Landskappleiken på Geilo i 1969 ved å trykke på biletet.

Ta ein kikk på kappleiken på Lillehammer i 1968 her.

Landskappleiken på Geilo 1969 vart ei vellukka mønstring 

Konservator Leif Løchen Lillehammer vart attvald til formann i L.F.S. 

Geilo spelemannslag og deires medhjelparar hadde gjort eit stort arbeid for å få denne landsstemna vel i hamn. Det var kanhende litt dårlig ver, men det skremde ikkje verken deltakara eller publikum frå å møte opp. Det var stort frammøte ved alle deler av kappleiken og alt gikk et ter programmet. 

Landskappleiken vart opna med årsmøte fredag formiddag i samfunnshuset, der form. i Geilo spelemannslag ynskte alle velkomen til Geilo og til eit godt årsmøte. Så gikk ein over til årsmøtesaker som det var mange av og det var mange friske innlegg og ordskifte. 

Og eit stort frammøte av utsendingar frå dei ymse lag. Viser til ref. ei annan stad i bladet. Etter årsmøte var alle deltakarane Hols kommunes gjester til en festmiddag, der ordf. Osv. Melhus ynskte alle velkomen til bords, med ekte hallingkost, småmat og riskrem. Det var fleire som hadde ordet, m.a. form. i landslaget Leif Løchen, som sa seg glad for at landsstemna vart lagt på Geilo, der han hadde vore mykje som ung, og likte seg godt på Geilo. 

Etter årsmøte og festmiddagen vart landskappleiken opna for sjølve kappleiken av ordf. Medhus og form. i hovudnemnda Ulf Kløve, som helsa velkomen til rike og hyggelege stemnedagar på Geilo, samstundes som dei kom inn på den store verdi folkemusikken og folkedansen har. 12 spelemenn frå dalen opna denne delen av programmet med ein slått. «Reiseslåtten»  av Grimsgard, frå Nes. 

Deretter tok tevlinga til. Klasse C og D i dans og klasse C og D i spel. Det var moro å sjå kor mange unge som deltok og kor flinke dei var, som ikkje minst dei gode læremeistrane må ha ære for. Olav Skogheim, Geilo, leidde denne delen av programmet, på ein grei måte, endå det er ikkje så lett mang ei gong når spelemenn og dansara som regel er rundt om alle stader med øvingar og finpussing før dei skal fram på sena. Det vert nok ofte og hoppe att og fram i programmet. 

Om kvelden var det fest med stort kulturprogram og høgdepungtet var no som alltid utnemningar. To vart utnemnt til æresmedlemmer i L. F. S. Form. i L. F. S. i mange år, Tor Myre Nes og den kjende spelemann Olav Sataslåtten Torpo, som begge fekk stor applaus frå salen. 

To andre kjende felekunstnarar. Sigbj. B. Osa og Kjetil Løndal, fekk Haugerudprisen som er ei stor ære å få. Det var form. i Haugerud-fondet, Olav Fjalestad som overrekte denne prisen, med medalje, diplom og kr. 1000 til kvar av desse to og som han sa, hadde fortjent denne høge pris. Denne prisen vart fyrste gongen delt ut i 1966. Då var det Olav Moe, Valdres, Halldor Meland, Hardanger, Johannes Dahle og Eivind Groven, Telemark, som vart denne tildelt, som nok heng høgt hjå dei som har gjort seg fortent til ä få han. 

Det var ellers lagspel, kvedning, munnharpe, og nyskaping med i programmet. Eit tussefløytelag frå Trondheim gjorde og stor lukke med sitt fine spel, det same gjorde Aslak Høgetveit og dottera Maria Høgetveit Berg med ein fint framført telegangar. Så var det litt av kvart utover kvelden. 

Agnes Buen var ein av fleire fleire framstormande unge kvedarar på slutten av 1960-talet.

Laurdag var det tevling i klasse B. vanleg fele og kappdans i klasse B. og kappspel i kl. A, som var mykje godt spel og god deltaking av landets beste spelemenn pluss ein norsk-amerikaner, telemarkingen Anund Roheim som var her ein snøggtur. Hallgrin Berg, Ål, styrde denne delen av programmet på ein god og festleg måte. Etter tevlinga var det folkefest utover kvelden med spel og dans i kvar ei krå. 

Sundag var det høgmesse i Geilo Kyrkje og Hans W. Brimi Garmo, spela i kyrkja både føre og etter messa. Etter messa var det så folketog med mange fine bunader i vakre farger frå alle landsdeler på veg til samfunnshuset der slutten på tevlingar skulle avviklast. 

Kappdans i klasse A. Der var det og stor og god deltaking, så det var ikkje lett å vera dommar, som det vel aldri er på ein landskappleik med så mange dugande deltakarar frå alle landsdeler. Det vart delt ut ca. 360 premiar. Formannen i domsnemnda, Odd Bakkerud, sa seg svert nøgd med av dei unge spelemenn og dansara og han oppmoda alle som kunne, om å gjera sitt til at dei leidde dei unge inn på denne vegen. Det er trass alt dette som blir framtida for folkemusikken. 

Om prestasjon elles sa han, at det var både godt spel og mindre godt. Dei som ikkje no gjorde det godt nok, måtte tøye seg lenger neste gong. Når det gjalt dette med slåtteformene, hadde domarane vore svert nøye. Som kommentar til kl. A, sa han at fyrste premien her heng svert høgt, og skal gjera det, og dommarane hadde i år funne fram til at to måtte dele fyrste plassen, Ola Bøe og Einar Løndal. 

Så var det fest om kvelden med premieutdeling. Då er det altid stor spenning og høgdepunktet ved ein landskappleik, med kommentarer og gissing om kven som fer den og den premie. Ein heil del har sine private premielister og dei fleste er vel meir og mindre patriotar i kvart sitt fylke og distrikt og dommalauget er som regel utsatt for både ros og ris. 

Resultat frå kappleiken finn ein på Indre Sunnfjord spelemannslag sine sider. Lenkje her.

Kringkastinga var tilstades alle dagane og gjorde opptak, ved Liv Greni. Neste landskappleik skal vera på Røros i 1970. Dermed er landskappleiken 1969 gått over i historia. Og det vesle Geilo Spelemannsag kan vera svært nøgd med alt sitt arbeid, som vi vil minnast med glede og takk.

Einar Løndal, Tuddal, vann Spel hardingfele klasse A saman med Ola Bøe frå Valdres.