Tekst: Redaksjonen.
Prosjektet tek utgangspunkt i eit enkelt, men ambisiøst spørsmål: Kor fri er ein folkemusikar i skapinga si? Med inspirasjon frå filmen De fem benspænd av Jørgen Leth og Lars von Trier, har Vårdal og dei fire deltakarane utfordra kvarandre med oppgåver som bryt med eigne vanar, preferansar og komfortsoner.
Kva skjer når ein set langeleik og strykarar saman?
Bjørn Kåre Odde var eleven til Vårdal på landslina på Vinstra, og han har mykje erfaring i å arrangere både tradisjonelt og nyskrive materiale. Han fekk i oppgåve å lage eit arrangement for strykarar og langeleik – med ein skeiv skala. Vårdal måtte på si side lage ein runddans med ein gamal skala, hardingfele og vokal i front.
Ingrid Lingaas Fossum var student av Vårdal på Ole Bull Akademiet, og ho er oppteken av å utvide potensialet langeleiken. Ho utfordra Vårdal til å skrive eit stykke med langeleiken i sentrum, medan ho sjølv arrangerte ein tradisjonell slått der strykarar skulle spegle alle langeleikens lydar.
Sigrid Stubsveen har dykka djupt i sin lokale tradisjon i Engerdal, blant anna då ho hadde Vårdal som rettleiar på master på NMH. No har ho henta fram ein spelemann som ikkje finst verken på opptak eller i notar. Ho utfordra Vårdal til å komponere nye slåtter slik denne spelemannen kunne ha spela dei. Til gjengjeld måtte ho sjølv transformere tre springleikar frå Gudbrandsdalen og Oppdal til ei runnomkule.
Sivert Holmen, som i si tid hadde Vårdal som lærar på landslina på Vinstra, har fått ei oppgåve i kryssingspunktet mellom det tradisjonelle og det eksperimentelle. Han rekomponerte slåtten «Nykkjen» med inspirasjon frå samtidsmusikken, medan Vårdal laga ein slått som kunne ha vore tradisjonell – men med eit snev av hans eigen signatur.
Ein plateprosess utan komfortsone
- Det er ikkje nødvendigvis vanskeleg å lage noko nytt, seier Vårdal. - Det vanskelege er å lage noko ein ikkje likar – eller som ein ikkje har lyst til å lage.
Prosjektet handlar ikkje om å vere vill og eksperimentell for hans eigen del, men om å utfordre eigne grenser og lage noko som han faktisk likar, men som han ikkje trudde han nokon gong skulle lage. Prosessen har inkludert fleire samlingar med deltakarane, der idear har blitt delte, diskuterte og forma i fellesskap.
– Noko av det mest lærerike har vore å dele arbeidet undervegs, diskutere og få tilbakemeldingar, seier Vårdal.
Turnépremiere i hovudstaden
Lanseringa av Alumni blir følgd av ein turné med desse konsertane:
Riksscenen, Oslo – laurdag 4. mai kl. 18.00
Voss Ungdomshall – måndag 6. mai kl. 18.00
Inntunet på Vinstra vgs – onsdag 8. mai kl. 12.00
Garmo bygdahus, Lom – onsdag 8. mai kl. 19.30