Tekst: Kjell Bitustøyl
Det var full sal då felespelar Ragnhild Hemsing elegant entra hovudscenen i glitrande kjole, og eit heimleg publikum fekk no ein bit av den ettertrakta verdsmusikaren. Største forskjellen på plata Vetra og konserten i Operaen, var at eigne komposisjonar, seks stykke, fekk større plass, den eine laga saman med to av musikarane. For fyrste gong stod ho på hovudscenen i Operaen med eige orkester. Og musikken fall i smak. Tradisjonsstoffet er henta frå Lindeman, men like spennande var dei nykomponerte innslaga.
Og for eit ensemble! Dei lyfte stoffet mot dei høge tindar i tett og dynamisk samspel med artisten som etter kvart står fram som ei kvinneleg utgåve av Ole Bull. For fiolinistane Hemsing og Bull kan samanliknast, virtuositeten, det at dei bevegar seg mellom folkemusikken og det klassiske idealet. Og hardingfela ut i den store verda. Men til forskjell frå Bull har Hemsing fått folkemusikken inn med morsmjølka, ho meistrar springartakta fullt ut, like mykje som det klassiske. Og hardingfela er i ferd med å bli hennar hovudinstrument, no i haust stod ho som einaste musikar for nylaga musikk på hardingfele til teaterstykket Peer Gynt på Nasjonalteateret, ein avgjort suksess.
Stjernelaget i Operaen var mest improvisasjonsmusikarar: allsidige Mathias Eick på trompet, han fekk vist at hardingfele og trompet kan klinge nydeleg i lag. Så Terje Isungset på perkusjon inkludert eggjande munnharpespel, han har mykje folkemusikkerfaring, bl.a. frå Utla. Steinar Raknes på kontrabass sette det sterkaste avtrykket i ensemblet, han er ein erfaren bassist bl.a. frå duoen Arvvas med joikaren Inga Juuso i rundt 20 år, og etter det i ny utgåve med Sara Marielle Gaup Beaska. Men han er ikkje med på plata, difor fekk konserten eit ekstra improvisasjons-preg med han. Og så to eminente klassiske strykarar: Frida Fredrikke Waaler Wærvågen, cello og Marthe Husum, bratsj. Gjesteartistar på langeleik var Ole og Knut Aastad Bråten, av det fremste Valdres kan by på.
Det blei ein sann svir i møtet mellom klassisk, folkemusikk og jazz, eit nytt brygg. Dei rytmiske elementa i folkemusikken og jazzen finn kvarandre i fritt spelerom og hardingfela står i sentrum. Det litt formelle som ein kan finne i klassiske konsertar, er sterkt tona ned. Den «ordentlege» Ragnhild Hemsing trivst tydeleg i denne settinga. Så har ho sitt klassiske avtrykk i bogeføringa, òg litt i slåttane, det er hennar stil, og briljansen kombinert med det meir uhøvla som ligg i slåttestoffet, ligg trygt innafor, det var såleis dei heftigaste hallingane som slo mest an hjå publikum. Men nemnast bør òg rolege vakre parti med religiøse folketonar eller bånsull.
Det blir spennande å fylgje med artisten vidare. Og ryktet går nok, for framføringa av Vivaldi’s Årstidene med hardingfele har alt fått positiv merksemd i England, og Vetra har vore framført i eit mindre format utanlands. Ragnhild Hemsing har ein musikalitet og ein teknikk som får fram det beste i den gamle Helland-fela frå 1867, som har tilhøyrt Ole Bull. Og ho glitrar i samspelet med desse rytmisk orienterte musikarane. Og sjeldan har eg høyrt ei hardingfele klinge så vakkert og sterkt ved sida av andre instrument! Slik når ho langt ut med spelet sitt, noko som er fordelaktig ikkje minst i dei store konsertsalane.
Avslutningsvis bør nemnast at ein sirkel var slutta denne kvelden i Operaen. Då Ragnhild Hemsing var 22 år, opptredde ho for fyrste gong i Operaen på ein mindre scene i lag med hardingfelespelar Ottar Kåsa i konserten «Bull og Myllaren anno 2010», arrangør var Hardingfeleprosjektet i Bø i Telemark.