Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud

Saka det var knytt mest spenning til laurdags ettermiddag på Røde Kors-huset i Oslo, var dei mange vedtektsendringsforslaga. For å få til endringar i vedtektene krevst 2/3 fleirtal. 92 var til stades då saka vart handsama, og dermed måtte eit forslag om vedtektsendring få 62 representantar med seg. Hilde Reitan og Kristian Hanto presenterte styret sine synspunkt. 

I paragraf 3 ynskte styret i hovudsak å gjera tekstlege endringar for å få dei meir presise. Blant anna ville dei få inn arrangørar som medlemmar i FolkOrg i tråd med eit vedtak frå landsmøtet i 2019, der ein opna for at folkemusikkarrangørar kunne melde seg inn i organisasjonen. Dette medførte også ei endring i paragraf 6.

Asbjørn Stensrud tok ordet for å få ei oppklaring i kva styret legg i omgrepet «arrangør». Hilde Reitan svara at det er snakk om heilårsarrangørar som melder seg inn i FolkOrg og jobbar etter formålsparagrafen til FolkOrg, er fullverdige medlemmar. 

Asbjørn Stensrud markerte seg som ein aktiv debattant under landsmøtet i FolkOrg. 

Stensrud tok ordet att og meinte at ein bør presisere kva ein arrangør er, og at det bør understrekast at ein ikkje kan gjera konkurrerande verksemd med FolkOrg sine arrangement. Han signaliserte skepsis mot denne vedtektsendringa. Til dette svara Hanto at ein medlemssøknad må godkjennast, og om nokon jobbar mot formålet til organisasjonen, vil dei ikkje få medlemsskap. Ordstyrar Terje Foshaug argumenterte for at arrangørar bør vere ein sjølvsagt del av FolkOrg. 

Paragraf 3 om å ta arrangørar inn i formuleringa vart vedteken med 75 røyster.

I paragraf 9 ville styret i FolkOrg ha inn ei formulering om at «valnemnda si innstilling til nytt styre bør innehalde forslag til fast styrerepresentant under 26 år». I tillegg ville dei opprette eit fagutval for arbeid med barn og unge på lik linje med fagutval for yrkesutøvarar. I båe desse skal det sitte to styremedlemmar og tre eksterne medlemmar. I fagutvalet for barn og unge skal dei eksterne medlemmane vere under 26 år. 

Ragnhild Bjørkum Vassbotn meinte at det «er det berre barn og unge som er ekspertar på å vere barn og unge». Det blir dermed feil at ein plukkar ut kulturskulelærarar osb. i staden. 

Bjarne Braastad lurte på om han kunne få presisert eit par punkt når det gjeld fagutvalet for barn og unge. Han lurte på om ein må vere under 26 år heile periode ein sit. Han vil endre omgrepet til «barn- og ungdomsutval» i staden for fagutval, noko styret slutta seg til.

Alexander Røynstrand tok ordet og lurte litt på kva tanken har vore om å opprette eit fagutval for barn og unge. Han ville at éin av dei tre eksterne i utvalet burde vera ein person som har spesialkompetanse på barne- og ungdomsarbeid. Reitan svara at det er ein føresetnad frå BUFDIR for å få støtte at ein set ned eit slik utval. 

Til paragraf 6 stilte Roger Slåstuen spørsmål om yrkesutøvarar er rekna som eit lag når ein skal rekne utsendingar til årsmøte. Slik det er i dag, er gruppa av yrkesutøvarar på godt og vel 300 medlemmar, noko som då gjev dei rett på 5 utsendingar til landsmøte. Til dette svara Lene Furuli at desse vedtektene vart laga då NFD og LfS vart slåtte saman, og dette var ein praktisk måte å løyse det på den gongen. Gruppa av yrkesutøvarar vart sidestilte med lokallag når ein skal rekne representantar til landsmøtet. Hanto svara at dette er ein praktisk måte å få inn ei gruppe som organisasjonen føler ansvar for. 

Ordstyrarane Terje Foshaug og Hilde Bjørkum måtte halde tunga rett i munnen då dei mange vedtektsendringsforslaga skulle handsamast.

Yrkesutøvarsaka

Roger Slåstuen førte ordet for Mukampen spel- og dansarlag, som hadde fremja forslag om å fjerne punktet i paragraf 9 som seier at yrkesutøvarane har rett på to styremedlemmar. 

Han viste til at saka tok fart etter at han og fleire profilerte folkemusikarar hadde publisert eit innlegg på folkemusikk.no i februar. Han var skuffa over at FolkOrg-styret hadde skrive eit lesarinnlegg med meininga si i saka, han likte heller ikkje at det har vorte arrangert møte for yrkesutøvarar der styret si meining har vorte predikert, samt at han var såra av enkelte innlegg i debatten på sosiale medium i kjølvatnet av lesarinnlegget deira vart publisert. 

Han stilte også spørsmål ved om det hadde vorte slik at gruppa av yrkesutøvarane har vorte ein fagorganisasjon i organisasjonen. Han ville likevel streke under at han tykkjer at FolkOrg gjer ein god jobb på andre område. 

Slåstuen var også kritisk til at valnemnda etter hans syn berre bestod av yrkesutøvarar. Han kritiserte også omgrepet yrkesutøvar, som han meinte var for vidt. Ein burde i grunn tene meir enn 50% av løna si frå musikken for å kunne definere seg som yrkesutøvar. Likevel ville det vere umogleg å kontrollere dette i praksis, peika han på. Han såg ingen poeng med å ha så låg list for å kunne kalle seg yrkesutøvar, og han meinte at det var misvisande at ein på papiret har over 300 yrkesutøvarar i organisasjonen. Han stilte også spørsmål ved å ha lukka grupper, slik han opplevde at gruppa for yrkesutøvarar er:

- Dette er med å skape splid i staden for samhald i organisasjonen, peika Slåstuen på. 

Roger Slåstuen hadde ei lengre utgreiing om bakgrunnen for forslaget som spel- og dansarlaget Mukampen har kome med. 

Slåstuen understreka likevel at det seier seg sjølv at organisasjonen skal jobbe for yrkesutøvarar. Han signaliserte også skepsis til at barn og unge skal ha ein styreplass, samtidig som han var positiv til fagutvala. Slåstuen meinte at desse føringane signaliserte mistillit til at valnemnda var i stand til å setja saman eit breitt og representativt styre av seg sjølve. 

Ivar Schjølberg tok ordet og signaliserte støtte til Slåstuen. Han ville likevel presisere at det er veldig bra at folkemusikken har yrkesutøvar og takka dei som legg ned tid og arbeid for å tene musikken. Han peika likevel på at medlemmane må vere likeverdige. 

Asbjørn Stensrud føydde seg inn i rekka av meiningsfeller og sa at vedtaket om at yrkesutøvarane skal ha forrang på styreverv var feil i 2009 og at det er feil i 2025. Han viste til at det er viktig at folk har like rettar i organisasjonen. 

– Eg meiner det er feil at nokon blir vald inn i styret fordi dei har ein spesiell posisjon, sa Stensrud.

Nestleiar og yrkesutøvarrepresentant gjennom dei siste ti åra, Camilla Granlien, tok deretter ordet. Ho ville legge vekt på at yrkesutøvarane sit på ein kunnskap som er viktige for miljøet, blant anna når det gjeld kulturpolitikk. 

– Eg meiner den kunnskapen er kjempeviktig å ha. Det arbeidet som blir gjort, gagnar også resten av feltet. 

Ho tok også eit oppgjer med at det er skilnader med at nokon er «innanfor» og «utanfor», det kjente ho seg ikkje igjen i. 

Den nye styreleiaren Kristian Hanto signaliserte at han synest det er mykje fornuftig i det Slåstuen sa i innlegget sitt. Men han ville likevel peike på at han tykte han har erfart å dra nytte av kunnskapen yrkesutøvarane har. 

Den nye styreleiaren i FolkOrg, Kristian Hanto, meinte Slåstuen hadde mange fornuftige poeng, men argumenterte likevel for å sikre seg yrkesutøvarkompetansen i styret. 

– Er det grunn til at desse instruksjonane til valnemnda skal stå i vedtektene? Styret har landa på at den kunnskapen yrkesutøvarane sit på, er så viktig at me vil ha han. Me treng å sikre at erfaringa til yrkesutøvarane kjem med i styret. 

Arve-Bjørn Røneid tok ordet og signaliserte støtte til Mukampen sitt forslag. 

– Me treng ikkje yte dei fram i posisjonar, me klarer å velja dei på eiga hand, konkluderte han. 

Yrkesutøvar Ingebjørg L. Reinholdt syntest det er synd at det blir opplevd at dei skapar splid og mistru, og at yrkesutøvarane blir opplevd som ei lukka gruppe. Ho peika på at dei også har ofra noko ved å vere medlem i ein stor organisasjon i staden for å organisere seg i ein eigen særinteresseorganisasjon. Ho viste til at det er bra å samle seg, men at ein må syrgje for at også mindretalet blir representert. 

– Eg tenkjer det er viktig å kvotere denne kunnskapen inn i organisasjonen, sa Reinholdt. 

Torfinn Hofstad, yrkesutøvarrepresentant i FolkOrg-styret, sa at dette ikkje er ein kampsak for han, men at han stør styret sitt forslag.

– Det er utfordrande å sette ei grense for når ein er yrkesutøvar og når ein ikkje er det. FolkOrg har kome fram til at det er opptil kvar enkelt å bestemme sjølv om ein er yrkesutøvar eller ikkje, sa Hofstad.

Hanto støtta Hofstad og peika på at ein ikkje er tent med noko kontrollregime om kven som er yrkesutøvar eller ikkje. 

Granlien tok deretter ordet og tok for seg omgrepet demokrati. For at demokratiet skal fungere godt, bør ein syrgje for at breidda i organisasjonen blir representert. 

Camilla Granlien vare oppe fleire gonger og argumenterte for styret sitt syn i saka. 

Slåstuen fremja også eit forslag om å få inn ei rullering på valnemnd. Han ville ha inn eit forslag om at ein maks kan sitje tre periodar i valnemnda. 

Røystinga

Etter ei områdingspause godt på overtid var det tid for røysting. Mukampen sitt forslag skulle røystast over fyrst. Det vart forlangt skriftleg røysting, noko som vart innvilga. Ved røystetidspunktet var det 90 med røysterett i salen. For å få fleirtal måtte dei oppnå 60 røyster. 

Det vart 45 som røysta for Mukampen sitt forslag, medan 44 røysta i mot. Sjølv om Slåstuen og co fekk fleirtal for synet sitt, fall saka då 60 måtte ha røysta for forslaget for å få endra vedtektene. 

Slåstuen sitt forslag om at ingen kan sitja meir enn tre periodar i valnemnda vart derimot einrøystes vedteke. 

Styreforslaget om at styret skal ha ein medlem under 26 år vart vedteke mot 14 røyster. 

I den siste saka vart det ein diskusjon om det skulle vera to eller tre representantar under 26 år i utvalet for barn og unge. Her hadde Røynstrand foreslått å ha to i staden for tre, noko styret slutta seg til. Vassbotn heldt oppe styret sitt forslag, og desse to alternativa vart sette opp mot kvarandre. Vassbotn sitt forslag, fekk sju røyster. Dermed gjekk Røynstrand sitt forslag gjennom. 

Teljekorposet måtte i sving fleire gonger i helga, men fleire av dei store avrøystingane føregjekk skriftleg.