Tekst: Johanne Flottorp.
I det norske folkemusikken finn ein fleire framifrå familiesamarbeid, og tradisjonen for dette er lang. Det er søsken som syng saman, søsken som spelar saman, og sjølvsagt ein kombinasjon. Prosjekt drive fram og initiert av par, med svigerfamile, fetterar og kusiner involverte. Likevel er det kanskje ein relasjon som er ekstra interessant.
Foreldre og barn. Denne ur-relasjonen alle som har blitt fødd er ein del av, på eitt eller anna nivå. Når ein er liten, er makta skeivt fordelt mellom desse to generasjonane. Det er ingen tvil om kven som har siste ordet, kven som veit best, kven som beskyttar. Men etter kvart blir rollene jamnare og strukturen flatare. Også i musikken.
Det startar kanskje ubevisst. Den vesle leiker med lego på stovegolvet medan senior spelar slåttar i bakgrunnen. Junior har lagt seg og høyrer song og spel frå etasjen under. Først uvitande om kva som heile tida fyller heimen, så kanskje uinteressert og i opposisjon, og så til slutt, kanskje interessert og bevisst på den rikdomen som har lege der rett framfor nasen heile tida.
Etter kvart som rollene blir snudd, kan også ungen kome utanfrå med musikk som stimulerer heimen. Kanskje kan dottera lære far noko? Eller sonen diskutere slåtteformer med mor over middagsbordet?

I helga fekk eg oppleve eit heilt spesielt far-son-forhold i musikken, på nært hald. På Nye Sjodar folkemusikkscene var to blad Øygarden på plass med felene sine. Arne, far. Lars Erik, son. Dei spelte og fortalte så fint om slåttar og kjelder som har vore viktige for dei. Mest solo, men dei opna konserten med å spele to slåttar saman. Dette er noko av det mest kraftfulle eg har høyrt på lenge. Og sjølv om ordet kraft fort kan bli assosiert til høgt volum og noko voldsomt, var det ikkje dette me var vitne til.
Likevel finn eg ingen andre ord som skildrar det betre. For det er den krafta som dreg deg inn i slåttane og får deg til å gløyme alt som har vore og alt som skal kome. Den intense, homogene samklangen, som berre to personar frå same heim kan skape. Eit unisont spel, der ein likevel høyrer dei to individa som nettopp dét. Men der samklangen og den felles forståinga for slåtten, kjelda og tradisjonen er så samanfiltra og så taust overført dei to imellom.
Høyr Arne Øygarden i arkivopptak her.
Å sjå to personar saman på ei scene som har dette forholdet, i dette tilfellet far og son, er som å kome inn i ein annan sfære, utan at ein føler ein går for nære. Men det tilfører noko ekstra, som eit vanleg samarbeid på tvers av generasjonar ikkje klarer i samme grad.
Det er noko spesielt med å oppleve ein son sitje på ei scene og lytte merksamt til far sin som spelar. Men det er like spesielt å oppleve ein far som smilande og med augo igjen lever seg inn i sonens spel.

Historia er full av familiar som har spelt, synge, dansa og musisert saman og kvar for seg. Det er kanskje fort å tenke seg tilbake i tid. Men me har fleire av dei her og no. C-klassa er proppfull av ungdommar med etternamn ein har høyrt om før. Om nokre år er det kanskje deira tur til å kome heim med noko nytt og utvide den heimlege tradisjonen, og kanskje dra med seg mor eller far ut på speling.
Dette er ei oppmoding til arrangørar om å sjå seg rundt i lokalsamfunnet for å finne fram til desse så opplagte, men spesielle møta. Scena treng ikkje vere den største, kanskje tener det konseptet at den er litt mindre. For det kvardagslege over dette er det nok mange som gjerne kunne tenke seg å få ta del i.
Sjekk elles ut YouTube-kanalen til Lars Erik Øygarden her.

For ordens skuld: Johanne Flottorp sit i styret i Nye Sjodar folkemusikkscene.