Vi meiner at FolkOrg ikkje er noko unnatak. Som ein del av fusjonen mellom desse to organisasjonane vart vedtektene til FolkOrg til. Paragraf 9 i Vedtektene, "Valg av tillitsfolk", har eit siste ledd der det står følgjande: "To av styremedlemmene skal tilhøyra gruppa av yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans. Ein av desse skal vera leiar eller nestleiar." Dette punktet/leddet meiner vi må ut av vedtektene, ettersom dette blir feil, på absolutt alle måtar.

Som tillitsvalt i ein organisasjon, attpå til i ein frivillig og ideell organisasjon, skal du representere alle medlemmane du er valt til å arbeide for. At ei spesiell gruppe skal ha forrang på styreplassar og leiarverv i ein organisasjon som FolkOrg skal vera, er uhøyrd, rett og slett. Ei slik forfordeling av styreverv skapar ikkje noko anna enn splid og mistru. Vi greier ikkje å finne eit einaste argument for at denne ordninga skal halde fram, i ein organisasjon som er heilt avhengig av grasrotarbeid og friviljugheit for å overleva. Vi stiller oss og spørsmål om korleis denne praksisen fungerer. Kven er yrkesutøvar? Kva skal til for å vera det? Kva er kriteria? Kven skal godkjenne kven som er innafor og utafor? Er det eit A- og B-lag som driv og veks fram i FolkOrg? Og kvifor skal desse ha eit fortrinn inn i styre i FolkOrg?

Sjølvsagt meiner vi at styret i FolkOrg skal arbeide for yrkesutøvarane på lik linje med andre medlemmer, men det er eit mandat årsmøte gir styre til å gjera. Det har ingenting med samansetninga av styre. Vi er kjend med at det allereie finns eit eige arbeidsutval i FolkOrg som arbeider for yrkesutøvarane. Det er enda eit argument i mot at ei utvald gruppe skal ha fortrinn på plasser i styret.

Gjennom dette innlegget vil vi varsle om at det er meldt inn forslag om vedtektsendring til årsmøtet i FolkOrg, 26-27. april 2025. Ei vedtektsendring krev som kjend 2/3 fleirtal og vi oppmodar flest mogleg til å støtte opp om dette forslaget.

Med vennleg helsing

Sigmund Eikås, Magne Eggen Haugom, Olav Lilleeggen, Randi Rust, Leif Inge Schjølberg, Roger Slåstuen og Asbjørn Stensrud