Tekst: Styret i FolkOrg

Det blir peika på at samanslåinga av LfS og NFD i 2009 er opphavet til formuleringa om at to av styremedlemmene skal vera yrkesutøvarar. Dette var nok eit kompromiss den gongen, men me meiner erfaringa har vore at yrkesutøvarrepresentasjon i styret har blitt stadig meir verdifull med åra. Verdifull i den forstand at han har sikra ein viktig kompetanse som styret treng for å setta dei landsmøtevedtekne handlingsplanane ut i livet.

Så kan ein sjølvsagt seia at det kan me få til utan at denne formuleringa står i vedtektene, ved at valnemnda må hugse på at yrkesutøvarkompetansen i styret må sikrast. Kva som er klokast, skal ikkje styret meine noko om før det skal ta stilling til landsmøteframlegga.

Både LfS og NFD, og seinare FolkOrg, har arbeidd sterkt for at folkemusikk og folkedans skal kunne vera ein leveveg for folk. Det kan kallast ei profesjonalisering av både sjanger og utøvar, og det har også langt på veg skjedd – særleg i programskaping og presentasjon. Organisasjonane har samstundes arbeidd for at det skal finnast utdanningsvegar også i folkemusikk og -dans, både på vidaregåande-, høgskule- og universitetsnivå. Og kvifor? Fordi dette er sett som ein del av å skape respekt for vår sjanger i samfunnet – og ein del av det å krevje rom for våre uttrykk på scene og i media. Dessutan er det sjeldan at lærdom har vore til skade.

Me meiner at ei frykt for at yrkesutøvarane skal få for mykje å seia i FolkOrg ikkje kan grunngjevast ut frå dei vedtaka styret har gjort gjennom åra. Det er derimot viktig for organisasjonen å sikre ein direktekompetanse frå yrkesutøvarane inn i styret, same korleis det skjer. Og det er like viktig å finne ein rett balanse mellom dei friviljuge og dei yrkesutøvande, både i styresamansetting og i det styret gjer.

Men så er ikkje folk anten-eller, heller. Sjå berre på korleis vedtektene i FolkOrg definerer yrkesutøvarar: «Med yrkesutøvar meiner ein utøvarar som har inntekt av folkemusikk og/eller folkedans.» Etter denne definisjonen er det temmeleg mange som er yrkesutøvarar i FolkOrg. Organisasjonen må sikre seg erfaringane til alle desse, både dei som er fritidsutøvarar, dei som har noko inntekt av utøvinga og dei som har ein god del av inntekta si frå utøvinga osb. I tillegg til dette kjem sjølvsagt omsyn til geografi, alder og kjønn.

Debatten bør ikkje føre til at blir skapt ein kunstig motsetnad mellom meir og mindre yrkesutøvande, ev. ikkje yrkesutøvande. Alle er me avhengige av kvarandre for å få vist fram folkemusikken best råd, og samstundes rekruttere best råd.

Velkomen på landsmøtet til våren!