Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Spelemannslaget Fjelljom har i år lagt den årlege Fjelljomfestivalen til Hotel Videseter med fullt fokus på Per Bolstad. Der vert tre konsertar og fire inspirasjonskurs i fele, trekkspel, kontrabass og dans.
- Mange tenkjer på Per Bolstad som komponist av kjende melodiar som Fagre Stryn, Sommarkveld på Videseter, En aften på Erdal og ikkje minst tonen til Nordfjordsongen. Alt dette vert godt presentert laurdags kvelden, fortel leiar i Spelemannslaget Fjelljom, Arne Sølvberg.
Kristina Farstad Bjørdal og Jorun Marie Kvernberg spelar Bolstad-komposisjonen “Fagre Stryn”.
Det er for høvet kalla saman Bolstadensemblet som spelte inn CD med Bolstadslåttar for 25 år sidan. Oldebarnet til Per Bolstad med same namnet kjem oppover frå Bergen med trekkspelet for å spele både i Bolstadensemblet og i Fjelljom. Programleiarane Svein Nesje og Arne M. Sølvberg vil og gje smakebitar på Per Bolstad sr. sin diktarkunst.
- Men Per Bolstad komponerte og krevjande klassiske stykke, og dei einaste som har fått den sida av han fram i lyset er trioen Håvard Svendsrud, Arvid Engegård og Svein Haugen. Dei kjem både for å vere kurslærarar og å halde konsert på laurdag ettermiddag, kan Sølvberg informere om.
Det som derimot få er klar over, er Per Bolstad si sterke rolle som formidlar av feletradisjonen etter faren og andre eldre spelemenn. Han berga mange slåttar frå gløymsla både ved å spele dei inn for NRK sitt arkiv og ved å skrive dei opp på notar etter at faren si store notesamling vart øydelagd då Ålesund brann i 1904.
Spelemannslaget Fjelljom heidra Per Bolstad på Landsfestivalen i sumar.
- Vi i Spelemannslaget Fjelljom ser fram til å halde konsert fredagskvelden nettopp med fokus på tradisjonsberaren. Den kvelden vert det og utdeling av Bolstadprisen til ein ung utøvar som fører feletradisjonen vidare, legg Sølvberg til.
Begge kveldane spelar fleire grupper god tradisjonsmusikk til dans.
- Med Per Bolstad sine sterke band til Hjelledalen og slektskap til dei som starta opp hotellet på Videseter, er det gledeleg at vi i godt samarbeid med det nye vertskapet der kan by inn til triveleg 150-års-feiring, seier Sølvberg.