Tekst: Redaksjonen

Denne veka skal studentane ved Ole Bull Akademiet vise kva dei har arbeidd med det siste året. Studentar frå alle åra på utdanninga skal på scena i løpet av veka. Det heile startar i dag med Semon Harerusten som spelar gitar og mandolin, og så er masterstudent Mathilde Skjæret sist ut av studentane som spelar konsertar på torsdag. Mellom desse to er det 10 andre studentar som skal i aksjon. 

På Noregs musikkhøgskule neste veke skal ni studentar på andre og fjerde år på bachelor, samt dei på master, halde konsertar over tre dagar. Dei har kalla festivalen sin for Sluttspel, og denne inngår i ei lang rekke med andre eksamenskonsertar for alle studentane på huset. 

Mathilde Skjæret skal halde masterkonsert på Ole Bull på torsdag. Foto: Runhild Heggem.

Oversikt over eksamenskonsertar med folkemusikkstudentar i vår

Ole Bull Akademiet 
Tysdag 10. juni
19.30 Semon Harerusten, gitar/mandolin (Osasalen)
 
Onsdag 11. juni
Dansestova:
14.00 Solveig Eide Grønningsæter, fele
14.45 Emma Sandseter-Selen, trekkspel
15.30 Ane Stakston Aasen, fele

Osasalen:
17.30 Ivar Blekastad Haugen, trekkspel
18.45 Siri Nordgård, toradar
20.00 Steinar Odde, trekkspel
 
Torsdag 12. juni
Dansestova:
13.15 Synne Kjøk, fele
14.00 Silja Lid Strysse, toradar

Osasalen:
17.00 Iselin Aukrust, fele/vokal
18.15 Ragna Valde Sletten, fele
19.30 Mathilde Skjæret, hardingfele (master)
 
Ole Nilssen skal spele eksamenskonsert ved Noregs musikkhøgskule på trekkspelet sitt. Foto: Thomas Westling
 
Noregs musikkhøgskule:
Tysdag 17. juni 
Levinsalen: 
15.00 Martin Steinum Brun, folkesong 
16.30 Signe Dorthea Krohn Gjessing, folkesong 
18.15 Ingrid Standal Sørheim, durspel 
19.45 Tirill Eirunn Einarsdotter, fele 
 
Onsdag 18. juni 
Lindemansalen: 
19.00 Nawar Alnaddaf - nyskriven og arrangert arabisk musikk med Oslo kammerorkester
 
Torsdag 19. juni 
Levinsalen:
16.00 Une Lorentze Onarheim, folkesong 
17.00 Sindre Tronrud, hardingfele
18.30 Ole Nilssen, trekkspel
20.00 Åsmund Soldal, trommer
Sindre Tronrud er blant studentane som held avsluttande konsert etter fire år på NMH. Foto: Runhild Heggem.