Tekst: Redaksjonen/pressemelding.
– Vi synest det er utruleg kult at vi har sprengt den gamle rekorden frå 2022 og kan skilte med hele 845 deltakarar, det er 143 fleire deltakarar enn førre rekord, seier Gry Hoel, leiar for hovudkomiteen. Den store deltakinga har gitt arrangøren såkalla luksusproblem – tevlingane må starte allereie klokka 09.00 kvar dag for å få alt til å gå opp.
Her finn du startlister og tevlingsplan.
Fleirdagars tevling – og dans for alle
Frå onsdag til laurdag blir det tevla i 14 klassar innan solospel, gruppespel, lagspel, pardans og lagdans – både for junior og senior. Festivalen har eit unikt preg: Publikum får høve til å danse til alle som deltek i tevlinga. Dette gjer Landsfestivalen til ein familievennleg møteplass der folk i alle aldrar kan danse frå morgon til kveld.
Styreleiar i FolkOrg, Kristian Hanto, er særs nøgd med påmeldinga:
– Gledeleg rekordoppslutning om Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal. Dette lovar godt for rekruttering til runddansmusikken og vidareføring av desse tradisjonane.
Her finn du oversikt over kven som skal dømme i år.
Barn og unge i sentrum

Arrangørlaget har lagt stor vekt på tilbod for born og unge. I tillegg til sjokoladefestivalen – ei uhøgtideleg tevling med sjokoladepremiar – blir det eigne kurs og aktivitetar for dei yngste. Eit av høgdepunkta er Landsfestivalen Juniorspelemannslag, som opptrer laurdag før finalane. Leiar for kulturnemnda, Øyvind Sandum, har tilrettelagt tre slåttar som born og unge kunne øve på i forkant.
– Vi ønsker spesielt velkommen til alle barn og juniorer, som vi meiner det er superviktig å legge best mulig til rette for, seier Gry Hoel.
Festivalen har også fått status som såkalla "Meet-up" for ungdommar som reiser med Erasmus+-programmet. Rundt ti ungdommar frå ulike europeiske land kjem til Oppdal, og i tillegg til å vere publikum, får dei delta på eigne ungdomspostar i festivalprogrammet.
– Vi har lenge hatt eit ønskje om å gjere noko spesielt for ungdomsgruppa som er til stades på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, seier Liv Annette Nygjerdet i FolkOrg.
Nyskriven musikk og gammaldansmesse
I tillegg til tevlingar og dansespel, byr festivalen på fleire konsertar. Hovudkonserten er FOKSTUGU, eit bestillingsverk av spelemannen Erlend Viken og rapparen Kjell Marius Snipen. Viken kjem frå Oppdal, Snipen frå Dombås, og dei har saman laga eit verk som kombinerer gammaldans og rap på Dombås-dialekt – ei djerv og nyskapande blanding.

Sundagen startar med gammaldansmesse i Oppdal kyrkje kl. 10.00, med musikk og dans frå ulike kantar av landet. Messa er gratis og open for alle.
Søndag kl. 12.00 blir det meisterkonsert, der ein får høyre og sjå alle som har kome på pallen i dei 14 tevlingane. Dette markerer slutten på festivalen, som etter alt å døme blir den største i historia.
Kompakt festival midt i fjellbygda
Festivalarenaen er sentrumsnær – kring Oppdal idrettshall og kulturhus – med gode tilbod for både publikum og deltakarar. Det er framleis ledige plassar på festivalcamping og i private husvære. Lokale råvarer står i fokus i festivalteltet, og arrangøren lovar velsmakande rettar til hyggelege prisar.
Her finn ein kart over arenaene i Oppdal.
– Vi gler oss til å kunne ønske store og små hjartleg velkommen til Landsfestivalen i gammeldansmusikk her i Oppdal, seier Gry Hoel med eit smil.
Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2025 opnar offisielt onsdag 30. juli kl. 13.00.