Tekst: Kjellbjørn Karsrud

– Vi driv med noko rigging no også er det andre praktiske ting som må på plass. Vi ventar storinnrykk, fortel leiar for festivalen, Gry Hoel.

Estimatet er at det kjem eit par hundre tilreisdande. Alle romma på Oppdal turisthotell er utselde, og 50-60 rom utselde på nabohotellet Skifer’n. I tillegg er det mange som er innlosjerte privat. 

– Det blir full kok på to scener stort sett heile helga, seier den entusiastiske festivalleiaren.

På programmet fredag står det gratis kræsjkurs i runddans, plateslepp med Lendmenn og dansespel resten av helga på to golv. 

Lendmenn skal sleppe den nye plata si, som ein kan lese meir om i denne saka. 

På laurdagen blir det kurs i pols og oppdalsspringleik. For dei minste blir det sjokoladekappleik. Utover dagen blir det dugurddans med Fjordorkesteret. Nonskonserten på ettermiddagen blir ein durspelstafett med Øyvind Sandum, Rikke van Ommeren og Simen Håland i «pøbblege» omgjevnadar. Ein har også lagt opp til festmiddag med 100 stykk til bords og dans, og spel blir det langt utover natta. 

– Vi har lagt opp til ein avskjedskonsert klokka 11 på søndagen før toget går sørover, som skal vera av det nedtona og stemningsfulle slaget, kan Hoel informere om.  

Det er tredje gongen dei arrangerer januartreff. Fyrste gong heitte det berre dansefest på Oppdal. Denne fekk dei så gode tilbakemeldingar på at dei bytte namn til Fjellfolkfestivalen, som då vart arrangert for fyrste gong i fjor.  

– Vi vart einige om at vi er glade i fjell, folk, folkemusikk og festival, dermed vart det Fjellfolkfestivalen, legg Hoel til

Sjå Gjevre, Odde & Vårdal spela konsert under den fyrste Fjellfolkfestivalen her. 

Finland, Vestlandet, Sverige, veldig mange frå Gudbrandsdalen og til og med folk frå området rundt Bodø. Det kjem også mange lokale oppdalingar for å danse til og kose seg med musikken. 

– Vi føler vi har treft godt på tidspunktet. Andre helga i januar er det ikkje så mykje anna som skjer, og det er på tide å koma seg ut etter jula, meiner Hoel.

Festivalen blir som ein liten aperitiff til Landsfestivalen i sommar. Hoel, som er leiar også for dette arrangementet, håpar at dei i same slengen kan reklamere litt for Landsfestivalen og få rekruttert ein god del frivillige. 

– Vi trur det kjem mykje folk også på Landsfestivalen. Vi har laga ein kompakt arena som er sentrumsnær. Det blir festivalcamp og dans og spel i nærleiken av idrettshall. I tillegg har vi eit kulturhus som vi har tenkt å bruke.  

Les meir om overnattingsmoglegheiter under Landsfestivalen her.

Vil du melde deg som frivillig til Landsfestivalen, kan du gjera det her.

Hovudnemnda for Landsfestivalen finn ein her her.