Tekst: Pressemelding/Redaksjonen.
– Det kunstnariske nivået på søknadene var særs høgt i år, seier jurymedlem Kajsa Balto. – Juryen er glade for at årets program er vorte rikt og variert. Dei valde bidraga representerer spennande og aktuelle tendensar i feltet.
Nær 200 søknader – berre 24 fekk plass
Folkelarm mottok også i år nærare 200 søknader frå artistar som ønskte å spele for eit breitt spekter av nasjonale og internasjonale bransjefolk. Juryen, som i tillegg til Balto bestod av Øystein Rudi, Ida Dyrkorn Heierdal og Øystein Sandbukt, har valt ut artistar som til saman gjev eit breitt bilete av folkemusikken i Norden anno 2025.
I tillegg til dei juryerte namna, deltek tre artistar gjennom det nordiske arrangørsamarbeidet Global North, to artistar frå partnarregionen Flandern i Belgia, samt vinnaren av Gruppespel på Landsfestivalen 2025 – som òg får eigen showcase.
Dette er artistane på Folkelarm 2025:
Alvina og Gard (NO/SV)
Anders Lillebo (NO)
Hålien/Holmen-ÓME (NO)
Hått (NO), Britt Elise Skram (NO), Polenta (FI), Qvam/Plassen (NO), Sletten/Hansen (NO), Diket (SV/NO), Dina Konradsen (NO), Fromseier Hockings (DK), Georg Buljo (Sápmi), Jörgen Stenberg (Sápmi), Malmin Vetrhus (NO), Mamelukk-Livmødre (NO), Martin Steinum Brun (NO), Nortopia (NO), Spöket köket (SV), Stringflip (DK), Marvara (BE), Alterne (BE), Tilibo (ML/SN/NO), Berrin Sahin Kvartett (TR/SV), Tipp Tipp, Tátara, Ur! (NO/PE) er blant dei andre artistane som kjem.
Nytt nordisk bestillingsverk
Eit av høgdepunkta under opninga torsdag 13. november blir urframføringa av bestillingsverket Purppuri, med ei nordisk supergruppe beståande av Jorun Marie Kvernberg (NO), Esko Järvelä (FI), Johan Hedin (SE) og Mads Kjøller Henningsen (DK).
– Dette er første gong vi bestiller eit felles nordisk bestillingsverk med fire fantastiske musikarar frå fire ulike nordiske land, seier prosjektleiar Ann Helen Erichsen. – Vi gler oss til å høyre kva desse fire framifrå musikarane har skapt i lag.
Fire dagar med konsertar, dans og fagprogram
Folkelarm 2025 blir arrangert på Riksscenen i Oslo 13.–16. november, og markerer samstundes 20-årsjubileet for festivalen. Det omfattande programmet byr på seminar, showcasar, dansefestar, familiearrangement og utdeling av Folkelarmprisen. Intimkonsertane i lavvoen på Schouskvartalet er òg tilbake.
Søndag er sett av til FolkelarmUng, ein familiedag med barneførestillingar og aktivitetar i samarbeid med Riksscenen, Samspill, OsloFOLK og Unge Folkemusikarar i Oslo (UFO).
Internasjonale samarbeid
Festivalen har i år eit offisielt samarbeid med Flandern, gjennom organisasjonane BeRoots og Dranouter Festival. Global North-samarbeidet med Transform – Trondheim World Music Festival og Samspill International Network sikrar dessutan tre internasjonale showcaseartistar.
– Både publikum, delegatar og musikkbransje skal få oppleve eit breidt spekter av norsk, samisk, internasjonal og nordisk tradisjonsmusikk - frå heilt lovande debutantar til meir etablerte grupper og artistar, seier Erichsen.