Tekst: Johanne Flottorp.
Det er FolkOrgs eigne medlemmer som sender inn forslag til prisvinnarar. Første gong prisen blei delt ut, var det Harald Omnes i Nes nasjonale dansarring som fekk den. I helga blei den altså tildelt Sturla Eide under landsmøtet i FolkOrg.
I grunngjevinga for tildelinga, står det at rekruttering og vidarføring ikkje skjer med fine ord og gode intensjonar, men krev iherdig innsats og langsiktig arbeid gjennom mange år. Sturla Eide stifta Spelemannslaget Laust og Fast i 2018, som resultat av endringar i kulturskuleundervisinga. Men arbeidet med dette går tilbake til 2006. I dag tel laget 32 medlemmer, der 19 av desse er under 26 år. I laget er alle instrument velkomne, og også dansen blir inkludert på øvingane.
Besøk Facebook-sida til laget her.
Eide har også utvikla folkemusikkdidaktikken, og har mellom anna gitt ut bøkene «Kattapols» og «Kattalender».
– Det er alltid fint å bli sett pris på, og dette er jo eit tema og ei sak eg brenn for. Sjølv om eg har eit bra utgangspunkt i og med at dette er jobben min, er det eit lagarbeid. Eg kan ikkje kome i denne posisjonen utan støttespelarar i form av ei engasjert foreldregruppe, elevar og dei heime, seier Eide.
Han seier dialogen mellom han og foreldra i styret er aktiv. Dei har jamt møter, og facebookchatten går nesten dagleg. Kona har ansvar for dansen på øvingane. I 2024 møttest Sturla Eide og elevane nesten 50 gonger for å spele saman.

– Me øver saman ein gong i månaden, men har mange oppdrag. Det er alt frå pensjonisttreff og andre lokale oppdrag, til festivalar. Me er også med i TrønderFolk, eit samarbeid mellom åtte kulturskular og fleire folkemusikkorganisasjonar, som har fire samlingar årleg, og så er me på besøk til og får besøk av tilgrensande kulturskular. Så i snitt møtast me jo nesten ein gong i veka, seier han.
I dag jobbar Eide 100 prosent i Skaun kulturskule. Nesten alle medlemmene i spelemannslaget er elevane hans i kulturskulen og får dermed individuell time ein gong i veka. Dermed kan Eide tilpasse undervisinga og legge til rette for at elevane lærer det dei treng til samspelet.
Sjå laget spele til dans på vårfest på Inderøya her.
– Spelemannslaget skaper miljø, og det er viktig å ha tilbod om aktivitet utover dei 20 minutta i veka. Utan at eg tek munnen for full, så trur eg at eg kan sei at dei som går i kulturskulen her og deltek i laget og i TrønderFolk, spelar fire gonger meir enn ein gjennomsnittleg kulturskuleelev i løpet av eit år.
Eide seier han ønsker ein debatt om korleis kulturskuleundervisinga blir organisert.
– Debatten om korleis ein skal organisere undervisinga stoppar ofte i tariffbestemmelsar og arbeidstidsavtaler. Kulturskulen har også gjerne framstått som eit individuelt tilbod. Men samanliknar ein med idrett, viser det jo at det sosiale og tilhøyrsla til ei gruppe også spelar ei viktig rolle, seier Eide.
Eide understrekar at jobben han gjer med spelemannslaget ikkje hadde vore mogleg om han hadde arbeidd frå 14 til 20 kvar kveld med individuelle elevar. Han har to lange undervisingsettermiddagar i veka, men han har også eit par dagar i veka sett av til møtetid og dagjobbing, noko som gjer at han får frigitt ein del tid til å jobbe med desse prosjekta.
– Kulturskulen må tore å tenke langt fram og jobbe for utvikling over tid, seier han.