Tekst: Johanne Flottorp
Festivalsjef Olav Luksengård Mjelva har hatt nokre dagar på seg til å fordøye alle inntrykk frå eit vellykka festivalhelg.
Skulekonsertar, utstilling med festivalkusnar, barnekonsertar, kurs, og ikkje minst, fulle konsertar og dansegolv er fasit etter at festivalen er over.
Storsatsinga i år, var verket Cirkumrekvensen, som Alf Hulbækmo hadde ansvar for. Han laga ei forestilling med utgangspunkt i lokal musikk, og med seg på scena i kulturhuset Storstuggu hadde han berre lokale musikarar: Ingvild Blæsterdalen, Synnøve Brøndbo Plassen, Hans Martin Storrøsten, Bendik Smedåsgjelten Qvam og Ellen Brekken. I tillegg hadde festivalen fått Ådne Kolbjørnshus til å koreografere unge, lokale dansarar, så det var totalt 12 dansarar på scenen.

Mange rutinerte dugnadsfolk
Men det var ikkje berre festivalen som kunne jubilere. Glåmos spellmannslag fylte 75 år, så dei overtok scenen etter at jubileumsforestillinga var ferdigspelt. Så blei festkvelden avslutta med dans til Småviltlaget.
Det var festivalsjef Mjelva som hadde ideen om å starte opp ein folkemusikkfestival på Røros. Han fekk tidleg med seg Folkemusikkscena på Røros, som består av Glåmos spellmannslag, Røros folkedanslag og Brekken spell- og danselag.
– Utan dei hadde det vore veldig vanskeleg. Dei stiller med mange rutinerte dugnadsfolk og arrangørar, seier han.
Mjelva fortel at festivalen er underordna styret i folkemusikkscena, men at det finst ein eigen komité som inkluderer han og tre andre som jobbar utelukkande med festivalen.
– Kva er høgdepunktet gjennom 10 år med Røros Folk Festival?
– Eg trur eigentleg det er jubileumsforestillinga fredag. Der fekk me til noko veldig bra, med berre lokale folk. Det har vore veldig mange tilbakemeldingar etterpå, folk sat og tørka tårer og beit seg i leppa. Så den er eg ganske stolt av, og eg håper me får sjansen til å vise den fram fleire gonger, seier Mjelva og legg til:
– Men generelt er eg veldig fornøgd med at me har klart å halde på i 10 år. Det er mange festivalar for tida, og nokre går dukken. Men eg trur me har klart å etablere noko som kan bli her, seier han.

Vil nå breitt
Festivalen prøver å ha noko for alle, sjølv om det nok er mest for dei folkemusikkinteresserte. Likevel er det viktig for festivalen å ha nokre konsertar som er litt sjangerbrytande, som kan trekke til seg den vanlege rørosingen i gata.
– I år hadde me Bare Egil Spellemannslag her. Då kom lokalbefolkninga, og det var stappfullt hus og veldig stor stemning!
Noko anna festivalsjefen tek med seg før han skal inn i planlegginga av neste års festival, er at festivalen i år klarte å treffe dei litt yngre.
– Ved å inkludere dei yngre dansarane i jubileumsforestillinga, merka me at det var mange yngre på heile festivalen. Det er noko me set stor pris på, og noko me skal jobbe for å halde på framover, seier han.