Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Saka stod på trykk i Folkemusikk 4/2024.
Jens Nyplass er vikarierande leiar i laget mens Mads Kuraas er ute i farspermisjon, og han er primus motor for det ambisiøse prosjektet laget har sett for seg. Han kan fortelje at Nyhus som 18-åring skar gjennom og fekk stifta eit spelemannslag.
- Det var fire-fem karar som var i familie som spelte litt saman. Dei høyrde Rättvik spelmannslag som gjekk på radio, og så fann dei ut at slik ville også dei gjere det.
Nyhus flytta etter kvart til Oslo og vart musikkstudent og musikar, men han fungerte framleis som forgrunnsfigur i samband med radioinnspelingar og kappleikar. Faren, Peder Nyhus, var kjelda og leiar i laget på heimebane.
Etter kvart kom laget ut med LP-plate i 1970, som også Sven Nyhus gjekk i bresjen for. Det vart rolegare til ut på 1980-talet, men då kom fleire ungdommar med, blant anna Nyplass og generasjonen hans. Øvingane gjekk føre seg på «Trollhauga», heimen til familien Nyhus på Glåmos. Peder Nyhus som då var i 80-åra, var midtpunktet sjølv om ungdommane i laget var i 20-årsalderen.
Nypass har seinare vore leiar i laget i 25 år. Det er fleire spelemannslag i traktene der, med ulike stilar og kvart sine kjernerepertoar. I tillegg til Glåmos er held både spelemannslaga Brekken og Ålen til ikkje langt unna.
- Det er også fellesrepertoar, vi møtest og spelar saman. Det er grenser mellom laga, men dei er nokså flytande.
Nyhus var ein pioner i noteskriving, og i verket hans «Pols i Rørostraktom» er det 175 polsar. Boka som kom på 1970-talet, skapte noko kontrovers i samtida, ikkje minst i Spelemannsbladet. Nokon følte seg litt forbigått, medan andre tykte notane var for avanserte.
- Før det var folkemusikken her skrive ned med enkle melodilinjer utan noko skildring av tempo og karakter. Det vart for mykje informasjon i notane for menge, meiner Nyplass.
Jubileumsprosjekt
I samarbeid med avisa Fjell-ljom på Røros skal dei markere jubileet med å sleppe éin ny lått kvar dag heile året på fjell-ljom.no Det blir ein kombinasjon av arkivopptak og nyinnspelingar som lesarane av lokalavisa og følgarane av Glåmos får høyre.
- Dette er ein så vill idé at dette hoppar vi på, var responsen frå lokalavisa.
Nokre av opptaka vil vere lydopptak, mens det i andre høve blir filmopptak. Under Rørosmartnan i år gjorde dei opptak med lyd og bilete, der dei fekk spelt inn 60 «leka». Likeins blir det ei innspelingsrunde under Martnan 2025 også.
- Kvar dag vil dagens «lek» kome opp på framsida til avisa Fjell-ljom og så vil spelemannslaget dele vidare i våre kanalar.
Det blir i tillegg supplert med stoff frå Spelemannslaget sine plater. Ein vil også få høyre gamle arkivopptak med Glåmos spelmannslag heilt attende til 1950-talet frå NRK, Norsk Folkemusikksamling og frå det lokale folkemusikkarkivet. Nokre dagar blir det soloinnspelingar, heile seks medlemmar i laget har ute soloproduksjonar. I tillegg vil ein få høyre mindre konstellasjonar med laget.
- Det er meininga å legge dei ut litt hulter til bulter, slik at vi får litt variasjon, seier.
Han meiner elles at dei skal greie å hoste opp om lag 300 forskjellige «leka». Dei som nødvendigvis blir repetert vil kome i heilt ulike «settingar».
- Det blir heile repertoaret med pols, vals, ringlender, hoppvals og bruremarsj. I tillegg kjem vi til å supplere med «leka» som ikkje nødvendigvis er brukt så mykje i laget.
Låttane finn du på denne sida.
- Nokon må halde litt att
Mange av medlemmane i laget har vore rundt og grave i arkiv og funne stoff i diverse samanhengar. Men Nyplass meiner sjølv at det ikkje støtt er like interessant stoff i gamle notebøkar.
- Dei finaste låttane har jo overlevd i kraft av seg sjølv, sjølv om det finst unntak. Men det er mange interessante trekk i utviklinga ein kan sjå.
Glåmos spellmannslag møtest kvar måndagskveld, og dei er på Røros. Utover 1980-talet utvikla Glåmos spellmannslag seg frå å vere eit familie- og Glåmos-basert lag, til å bli eit lag for dei som likar musikken etter Nyhus-karane. Dermed er det folk frå Røros, Orvos, Os i Østerdalen og Hitterdalen.
Når det gjeld rekruttering, så er det stadig tilvekst i kulturskulen, men ein slit med det same på Røros som mange andre stader. Ungdommen flyttar ut for å ta høgare utdanning, og det er litt tilfeldig kor dei endar opp seinare.
- Nokon seier vi er konservative i Glåmos spellmannslag, som held oppe den gamle musikken og berre spelar fele og harpeleik, men det er det vi liker, og eg synest vi skal halde litt att, for det er jo ein del motar og vindar som bles. Men vi er kanskje nokon stabeisar, skrattar Nyplass.
Høyr Jens Nyplass og Ann Kristin N. Feragen snakke om prosjektet her.