Magne Maurset (1824–1915) er eit kjent namn i folkemusikksamanheng, og det blir arrangert ein konsert til ære for han i Skogstjerna, Markane fredag 27. september i samband med 200-årsjubileet hans.
På konserten vil ein bli betre kjent med livshistoria til denne ungkaren og spelemannen som budde på Maurset, og det blir framført slåttar som kan knytast til han både i solo og samspel.
Me får tak i Arne Sølvberg som har eit stramt program for tida. Han står på farten til å ha danseundervisning på ungdomsskulen på dagen og dansespel på eldreheimen om kvelden, sjølv om han er midt oppe i festivalførebuingane.
– Kva har Magne Maurset hatt å seie for Nordfjord-spelet?
– I si levetid var han den mest ettertrakta spelemannen. Han hadde unge elevar som Jon Rosenlid, Samuel Bergset og Jens Maurseth, og dermed vart han ei viktig kjelde for ettertida. Når det gjeld spelestil, hadde han dette totrengsspelet i motsats til dømes Anders Reed, som brukte éin streng i større grad, fortel Sølvberg.
Høyr Jon Rosenlid spele springar etter Magne Maurset her:
– Er det notar etter han, eller er det læresveinane hans som er kjelder?
– Det er begge delar. Rasmus Vik lærte ein del av Magne og skreiv ned på notar. Ola Ryssdal frå Sandane var lektor i Trondheim, men når han var heime, nytta tida til å skrive ned slåttar og teikne gamle hus. Han var flink til å få med detaljar, og er rekna som ein av dei mest pålitelege nedskrivarane på denne tida. Nokre av desse vart skrivne ned i O. M. Sandvik sine utgjevingar, kan Sølvberg informere om.
Den kjende folkemusikksamlaren Catharinus Elling gjorde visst også eit forsøk, men han fekk ikkje noko skikk på det. Maurset ville nemleg ikkje stoppe opp undervegs medan han spelte slåttane, så Elling fekk ikkje med seg noko særleg. Dermed er det berre éin slått etter han i Elling sine nedskrifter, men denne skal spelemannslaget spele på konserten på fredag.
Maurset hadde plukka opp slåttar frå mange av dei beste spelemennene ein kunne kome i kontakt med i levetida hans, sjølv om det ikkje var alle som støtt var så villige til å lære frå seg. Han skal ha lært noko av Fel-Jakup frå Skjåk, og Hanne og Synne Kjøk vil derfor ta turen frå Ottadalen og demonstrere nokre slike.
Laurdagskvelden skal det vere konsert i Fjellvarden med Honndalstausene. Dei spelar også til dans etterpå. Men på dagtid laurdag er skal det vere kurs i fleire disiplinar. Hanne og Synne Kjøk held felekurs, medan Torunn Raftevold Rue rettleier vidarekomne på hardingfele. Einar Eimhjellen held kurs i munnspel for nybyrjarar. Festivalen kan opplyse om at interesserte som eventuelt ikkje eig munnspel, kan få kjøpt det når dei kjem på kurset.
Seinare på dagen underviser Eimhjellen vidarekomne på munnspel. Elin Grytting har eit songkurs der det ikkje er nokon kvalifikasjonskrav, Liv Fridtun lærer bort hardingfele til dei unge, medan danseentusiastar kan få seg ein leksjon i Nordfjordsspringar av festivalsjefen sjølv og kona Asbjørg.
– Korleis er det med aktivitet hjå dykk for tida?
Det er nesten for mykje av det gode. No er det snart Vestlandskappleiken på Skei og Jermias-festivalen på Sandane i tillegg til Fjelljomfestivalen. Dette er ein liten festival, som blir arrangert for tiande gong i år, fortel Sølvberg
Han er litt usikker på kor lenge dette kan gå. Det har vorte meir stress å arrangere kurs, samtidig som det er tyngre å få folk til å melde seg på no mot for før.
– Det var eg som kom drog i gang festivalen, men eg begynner å merke alderen. Dei unge har eit godt tilbod på kulturskulen, og er dermed kanskje ikkje så interesserte i kurs lenger. Men det er viktig med den sosiale biten ein kan oppleve på eit slik kurs, i staden for å gå åleine på ein kulturskuletime, meiner Sølvberg.
Sølvberg kan elles fortelje at Fjelljom er eit av dei få laga som dyrkar båe feletypane. Då Sølvberg var ung, var det berre hardingfele gamlekarane spelte der, men så innsåg dei etter kvart at det var vanleg fele som var det gamle, og dermed tok dei også oppatt dette. I år gjorde dei det så bra på Landskappleiken som dei aldri har gjort det før, med 6. plass. Denne gongen med hardingfele. Laget møtest og spelar éin gong i veka, og cirka to gonger i månaden er øvinga dansespel.
Spelemannslaget Fjelljom frå Landsfestivalen 2022 i Vågå:
– Korleis er det med rekrutteringa?
– Eg synest vi slit litt på rekruttering i spel. Vi har elevar i kulturskulen med fyrsteklasses tilbod med Ingrid Stuhaug, men eg skulle gjerne sett at vi hadde fleire elevar. Det er vel Spelemannslaget Fjelljom som bergar aktiviteten i Stryn og områda rundt, legg Sølvberg til.
Det er framleis mogleg å melde seg på kurs i helga. Ein gjer dette ved å ta kontakt med Arne Sølvberg:
Tlf. 481 51 317
E-post: arnesoelv@online.no
Kursavgifta er på 150,– for vaksne, medan alle under 20 år får gratis kurs, konsertar, lunsj og middag.