Av: Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet

I regjering har vi i Senterpartiet sikra stabile og styrka løyvingar til FolkOrg og gjort tilskot til Landskappleiken og Landsfestivalen varige, og styrka dei med 1 million kroner. Det betyr at lokale arrangørar framleis kan halde tradisjonen levande – og at festivalane fungerer som uunnverlege møteplassar og rekrutteringsarenaer for nye generasjonar utøvarar.

Les ytringa til styreleiar Kristian Hanto her.

Likevel – det er ikkje berre scena som bærer kulturarven. Arkiv er livsviktig: FIOL-systemet – frå 1980-talet – står på kanten av kollaps, og utan midlar til eit nytt digitalt arkivsystem risikerer vi å miste unik kunnskap om slåttar, balladar, kulokkar og dans. For oss i Senterpartiet er det eintydig: Vi må berre finne pengane. Dette handlar om kulturarven vår.

Les ytringa til Knut Aastad Bråten om arkivsystem her.

Her står vi i skarp kontrast til Høgre og Frp. Der høyrer vi budsjettforslag med milliardkutt som vil råke både profesjonelle institusjonar og frivillige, distriktsorganisering og den heilt spisse sjangeren. Frp sitt forslag om å kutte 5,7 milliardar kroner set kulturarven vår på spel.

Senterpartiet vil ikkje svekkje – vi vil bygge vidare. Vi vil styrke festivalane, organisasjonane, spelemannslaga og ungdomslaga, støtte utøvarane, og sikre at arkiva blir halde levande gjennom eit framtidsretta digitalt system. Vi vil at barn og ungdom også i framtida skal kunne lytte til og lære folkemusikk og folkedans – både på dansegolvet, på scena og gjennom arkiva.

Eit eventuelt jordskjelv i kulturpolitikken blir det vi som demmar opp mot – ikkje minst gjennom offensive prioriteringar, tydelege kulturpolitiske løft og trygging av kulturarvens totale rammer.

Kulturarven vår er ikkje noko vi kan gamble med. Vi må ta vare på folkemusikken, folkedansen og alt dei rommar – på scena, i arkivet og i fellesskapet.

Dette er ei ytring. Ytringa gjev uttrykk for skribentens haldning. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til redaksjon@folkemusikk.no