Tekst: Kjellbjørn Karsrud.
Frå og med 2025 vil det vere tre dommarar i alle tevlingar i spel (kapittel 19 Tevling i spel). Denne endringa kjem av at det i følgje tevlingsreglementet ikkje er krav om at deltakarane må stille med komp i nokon klassar.
– I klassane der det tidlegare har vore ein eigen komp-dommar, skal kompkompetansa vere godt ivaretatt blant dei øvrige dommarane. I tillegg er det veldig krevjande å få på plass dommarpanel på fire personar, og ein ser at godt samansette dommarpanel på tre vil vere ei meir bærekraftig ordning i åra framover, heiter det frå FolkOrg.
Les meir om endringane i tevlingsreglementet her.
Kortare finalar og større breidde i låtterepertoar
Det er også gjort endringar i korleis finalane i seniorklassane skal gjennomførast (kapittel 21 Finalar i spel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk).
Grupper, lag og samspel senior skal i finalen spele fire slåttar til dans, i tillegg til ein lydprøve-slått på opp til 30 sekund. For nokre år sidan var praksis at ein spelte fem låttar og éi lydprøve i finalen. Samtidig var det då sjeldan meir enn fire finalistar – frå og med Vågå i 2022 vart det lagt fast at det skulle vere seks finalistar i lag- og gruppespel.
– Stor påmelding og mange klassar fører til lange finalekveldar. Dette er eit tiltak for å korte ned på finalane, med omsyn til både deltakarar og dommarar og for å gjere plass til anna dansespel under arrangementet. Deltakarane har alt spelt i kvalifiseringa og lydteknikarar seier at det ikkje er naudsynt med lange lydprøver i finalane, argumenterer FolkOrg-styret.
Samtidig blir det innført nytt krav om at melodiar brukt i kvalifiseringa ikkje kan nyttast i finalespelet i seniorklassane. I juniorklassane kan deltakarane framleis nytte same repertoar i både kvalifisering og finale.
– Sidan det no skal spelast berre fire slåttar i finalen, vil utøvarane få vist fram meir frå sitt repertoar ved å ikkje spele same slåttar som i kvalifiseringa, peikar FolkOrg-styret på.
Dette vil gjere det vanskelegare for laust samansette grupper med mindre repertoar å vinne fram om dei ikkje har øvd inn seks runddansslåttar. Konsekvensen vil også vere eit visst moment av taktikkeri – skal eit lag eller gruppe bruke opp dei «beste» låttane sine i kvalifiseringa på dagen, eller skal dei satse på at dei uansett kjem vidare og spare dei til finalen?
Det pleier å vere god kok på dansegolvet under finalane på Landsfestivalen. No må finalistane velje fire nye låttar for finalen som ikkje er brukte i kvalifiseringa. Her frå gruppespelfinalen i Vestnes i fjor, der Jutullaget vann.
Noteforbod i alle tevlingar
FolkOrg minner også om den sovande regelen om at det ikkje er tillate å bruke notar i tevlingane, korkje på Landskappleiken eller Landsfestivalen. Bak dette ligg tanken om at folkemusikk skal framførast utan skriftlege hjelpemiddel, det er heller ikkje lov å brukte hjelpetekst i vokalklassene til dømes.
– Vi ønsker også å minne deltakarane at ein ikkje kan nytte notar i tevlingane. Dette vart vedtatt i desember 2022 (kapitel 11 og 19 Tevling i spel), seier styret i Folkorg.
Årets Landsfestival i gammaldansmusikk går av stabelen i Oppdal frå onsdag 30. juli til sundag 3. august.