Tekst: Johanne Flottorp
- Eg har prøvd å tenke at ein ikkje må ha dansa halling for å bli med på denne. Samstundes er det litt høgare nivå enn Blime-dansen, som dei fleste intuitivt skal klare. Men det er ikkje eit avskrekkande nivå. Dei fleste rørslene kan ein tilpasse etter dagsform og syklus, seier Silje Onstad Hålien.
Det er første gong at Dansens dager-dansen er forankra i folkedansen. Og no gler Hålien seg til å reise rundt og ha danseklasser der ho instruerer den nye koreografien. Men med hjelp av instruksjonsvideoane der dansen blir gått gjennom del for del, kan ein også lære seg den på eiga hand.
På Riksscenen på laurdag blir det premiere på den innspelte dansevideoen og dei tilhøyrande instruksjonsvideoane, pluss at dansen og musikken skal framførast live.
For det er ikkje berre ein koreografi som har kome ut av at Silje Onstad Hålien er årets ambassadør.
- Eg gjekk litt amok i ambisjonsnivået og fekk mange organisasjonar til å vere med å støtte prosjektet, slik at me kunne gå i studio og lage ein eigen låt som høyrde med. Det er noko av superkrafta i sjangeren vår, seier ho.
Erlend Viken har komponert låten der han har med seg Veslemøy Narvesen, Ellen Brekken, Thov Wetterhus og Silje Risdal Liahagen til å spele den. Hålien har fått låten oppkalla etter seg, og ho er også med og korar.
For Hålien var det også viktig å samle ein god gjeng med dansarar i mange ulike aldrar då ho skulle spele inn filmen. På dansefilmen er Martin Myhr, Solveig Hårdnes, Torkjell Lunde Børsheim, Olav Andreas Stræte Lie og Vilde Westeng med som dansarar i tillegg til Silje Onstad Hålien sjølv.