Tekst: Johanne Flottorp
Førre veke disputerte Benjamin Rygh ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), campus Rauland. Han har i doktorgraden sin forska på norskbygde fiolinar før 1850.
– Korleis er det å vere ferdig med doktorgraden?
– Eg skjønner det intellektuelt, men det verker som kroppen ikkje har skjønt det enno. Eg har levd saman med denne doktorgraden så lenge, så det tek nok litt tid før eg blir vant til at eg ikkje treng å bruke all ledig tid på å jobbe med oppgåva, seier Rygh.
Han blei i 2014 tilsett som stipendiat med undervisingsplikt ved USN, og i fire år forska han og underviste i tillegg i 25 prosents stilling ved universitetet. Etter dette blei han tilsett som lærar på heiltid, og han er no ansvarleg for instrumentmakarlinja. Med 100 prosent jobb ved skulen, har han måtte fullføre doktorgraden på fritida.
– Ein treng nokre periodar der ein kan fokusere fullt og heilt på forskinga, og det har vore vanskeleg å få til i ein slik kvardag. Så eg har prøvd å kjøpe meg tid der eg har kunne, seier han.
Eigen laserscannar
Oppgåva har namnet «Norskbygde fioliner før 1850 – formspråk, konstruksjonmetoder og materialbruk i et europeisk perspektiv». Det er ei vidareføring av mastergraden til Rygh, der han studerte Amund Hansen, ein instrumentmakar frå Halden som verka på 1700-talet. Rygh kopierte ein citar av Hansen, men kom også over ein bratsj og ein fiolin han hadde bygd. Rygh forfølgte denne instrumentmakaren, og så utvikla det seg til å handle om norske fiolinar generelt. Dermed vaks prosjektet seg ganske stort, og i arbeidet har Rygh dokumentert 30 fiolinar, tre bratsjar, fire celloar og 20 hardingfeler. I doktorgraden blir åtte ulike instrumentmakarar og til saman 19 instrument presenterte.

Noko av det Benjamin Rygh har fått positive tilbakemeldingar på, er arbeidet han har gjort for å utvikle eigna analysemetodar.
– Det er to ting som er viktig i eit slikt prosjekt: at analyseverktøyet ikkje skadar instrumentet og at det er mobilt. Eg måtte kunne ta med meg utstyret rundt og dokumentere instrumenta på akkurat same måte alle stader.
Ein av metodane han har utvikla er ein laserscannar, som består av eit modifisert IKEA baderomsmøbel, ei akrylplate med lysopningar og ei vogn med laserlys. Felene blir lagt i scannaren, vogna med laserlyset blir køyrt manuelt. Så blir det heile fotografert med lang lukkertid.
– Eg meiner at folk burde bygge slikt sjølv og scanne fleire fiolinar. Det å sjå kvelvingar, det er kunnskap som berre fiolinmakarar og fiolinekspertar har, og det er ein litt utilgjengeleg type kunnskap. Men med denne metoden blir alle istand til å sjå formen på kvelvingane på fiolinar. Viss ein hadde dokumentert fleire fiolinar frå ulike byggetradisjoner på denne måten, trur eg på sikt dette ville bidra til eit nytt perspektiv på fiolinar og fiolinhistoria, seier Rygh.
Rett inn i undervisinga
Rygh har bakt inn mykje av arbeidet sitt i undervisinga. For tida held dei tre førsteårsstudentane på instrumentmakarlinja på med å gjere ferdig kvar si hardingfele, som er kopi av tre eldre modellar som Rygh har dokumentert i doktorgraden. Han og kollega Ottar Kåsa er samde om pedagogikken på utdanninga.
– I staden for å gje ut mange teikningar som studentane skal bygge etter, vil me at dei skal tenkje sjølv og skjønne form. Dei har mange bilde hengt opp i verkstaden, av formen og innvendige foto. Dei har også laserscanningane. Så dei må tolke dette materialet og snakke med Ottar og meg. Dei må ta stilling, og det meiner eg er eit viktig pedagogisk prinsipp. Det handlar om å løyse problem, og å vere kreativ viss du ikkje har ei teikning å jobbe utifrå, seier Rygh.
Felene skal stillast ut på skulen neste veke, og i dag skal dei gjere siste finpuss, med å tvinne eigentrekt sølvtrå på tarmstrengane som dei sjølv har laga av tarm frå lokale Vinje-geiter.

Namn: Benjamin Rygh
Fødd: 1977
Kjem frå: Horten
Bur på: Rauland
Yrke: Universitetslektor ved USN, institutt for tradisjonskunst og folkemusikk
Kvifor spelar og dansar du?
Då eg byrja som student på Rauland for 25 år sidan gav Ånon Egeland meg gamle noter frå Vestfold, men det slo ikkje inn før 10 år etterpå. Den gongen ville eg berre spele slåttar etter Torleiv Bjørgum. Men ti år seinare budde me i Vestfold, og då byrja eg å samle inn slåttar derfrå. Eg har studert notebøker frå 1800-talet, og har prøvd å tolke noter, rytme, tempo og så vidare. Så har eg prøvd å overføre dette til dansen igjen.
For nokre år sidan byrja eg å rekonstruere ein springdans frå Vestfold. Det finst ein versjon frå før, men den er også rekonstruert. Eg fann nokre andre kjelder som viste at dansen kanskje var litt meir livleg og fri. Då eg blei kjend med Stian Roland, blei han med som ein slags konsulent i arbeidet med å gjere dei ulike taka og turane truverdige. Han pusha meg og kona mi Andrea opp på kappleiksscenen med denne dansen. Så prosjektet har vore å rekonstruere ein truverdig, folkeleg dans, som er bygd på det kjeldematerialet som finst. For meg handlar det om musikken og dansen saman.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Eg bruker ikkje å gå så mykje på konsertar. Det er fordi eg som regel kjeder meg og ikkje blir utfordra. Som publikum blir ein ofte undervurdert. Konsertar ser eg på som ei borgarleg oppfinning frå 1800-tallet og nokre gonger tenkjer eg: Er me ikkje litt ferdige med dette formatet? Dansekonsertar, derimot, det liker eg. Viss eg høyrer godt dansespel på ein lyttekonsert, blir eg nesten litt provosert av at eg ikkje får danse.
I mitt tidlegare liv dreiv eg mykje med friimpro/støymusikk, og der handlar det om å utfordre publikum litt. Det handlar om å ta stilling til noko, i mange høve til om det ein høyrer i det heile kan kallast musikk. Det er vel det eg liker litt, ikkje bare å få servert ei ferdigtygd formidling.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Changes med Keith Jarret Trio. Den har inspirert meg mykje. Det er særleg viss eg køyrer over eitt eller anna fjell at denne plata passar veldig bra. Ein kan tenkje lange tankar i denne musikken. Det er musikk som ikkje prøver på noko anna enn å vere musikk.
Kva var den siste musikklitteraturen du las?
Det siste, som eg las nå nettopp, var ein artikkel som heiter «Roman and Neapolitan Gut Strings 1550-1950», av Patrizio Barbieri, fordi eg var ute etter å finne tjukkelsen på sølvtråden som skal spinnast rundt strengane me har laga med studentane.
Kva er den største folkemusikkopplevinga du har hatt?
På ein lærarkonsert under Nordtrad på Voss i 2018, kom ein lærar frå Litauen, Rytis Ambrazevičius, fram på scena. Han blei spurt om han skulle mikkast opp, og nei, det skulle han ikkje. Så sette han igang med å synge, og eg fekk kjensla av at heile Osasalen var som ein resonanskasse, og at me som sat der var inni ein instrumentkropp. Den mektige stemma og songen fylte heile rommet. Det var ei heilt utruleg oppleving.
Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?
Som lærar og som del av ein institusjon, så overfører ein eigne ideal og perspektiv om verda, folkemusikken og folkedansen til neste generasjon, noko som er ein litt kinkig ting. Så ein treng å bryte ut av mønsteret av og til. Det eg håper, er at ungdommen har funne andre kvalitetar som dei har klart å ta med inn i sine liv. At dei klarer å forme dette sjølv, uavhengig av alle desse tankemønstera eller ideologiane som følgjer med som nissen på lasset. Det ein gjer med å ta det til klubbar og slikt nå er bra.
Eg håper at det kan halde fram slik. At folkemusikken og folkedansen kan følast fresh på ein anna måte. Eg er fanga i tankane mine og kjem sikkert til å vere ein sinna gammal gubbe om 20 år. Men om eg er det, er det bra, for då har ungdommen gjort det her til sitt, og funne nye kvalitetar i materialet. Om eg er fornøgd, då har det gått gale.