Tekst: Johanne Flottorp.
Aslak Brimi har vore på FolkOrg-landsmøte før, men aldri som leiar. Han var på det aller første landsmøtet til dei to samanslåtte laga LFS og NFD, der det blei vedteke at organisasjonen skulle heite nettopp FolkOrg. Så blei det nokre år som styremedlem for han.
Les meir om aktuelle landsmøtesaker her.
– Ting har utvikla seg og det er mange år sidan eg har vore på landsmøtet no. Eg er litt spent, for nå har eg litt ansvar for at ting skal gå rett føre seg, seier han.
– Kva er rolla di denne helga?
– Det er styret som skal svare for landsmøtet, presentere årsmelding, rekneskap og så vidare, men eg sit jo sjølvsagt med mykje detaljert innsikt. Så eg skal bistå styret viss dei lurer på noko. Så skal eg ha presentasjon av rekneskap og budsjett, blant anna. Det er eit stort arrangement. Heldigvis har me Jorun Hagen som held i det, og ho har uendeleg mange landsmøte bak seg.
Brimi seier han er prisgitt kollegaen Hagen, som kan hjelpe han med alt han skal hugse på.
– Treng eg post-it-lappar, treng eg blodsukkersjokolade? Eg har det ikkje heilt under huda endå. Men det blir veldig spennande, det er voldsomt mange påmeldte, seier Brimi.
Det er rundt 130 personar som stiller på landsmøtet, som går føre seg i Oslo laurdag og søndag denne veka. Men allereie fredag startar det med ulike seminar og områdelagsmøte. I tillegg blir det fleire sosiale møtepunkt for dei tilreisande i løpet av helga.
Aslak Brimi
Fødd i 1983
Bur i Oslo
Kjem frå Lom
Kvifor spelar du?
Eg er oppvaksen i ein heim med musikk. Far min spelte og eg lærte av han først. Så det var nok ikkje eit indre ønske eg hadde som åtteåring, men det var ein tanke i heimen om at både eg og syster mi skulle spele fele. Det var eit godt miljø i Lom allereie då, med mange juniorar i kulturskulen. Mange datt av då dei var 14-15 år, men heldt fram med å låte. Eg syntest det var artig då, men eg har sjølvsagt hatt periodar der eg har lura på om eg ville drive med dette eller andre ting.
Bjørn Odde vart ein viktig læremeister for Aslak Brimi i oppveksten.
I dag speler eg fordi eg er veldig glad i tradisjonsmusikk og folkemusikk. Eg liker å ta pausar i livet og berre spele fele, og eg er glad i å ha prosjekt som utviklar og utfordrar meg. I tillegg føler eg litt på eit ansvar for å vere med på å vidareføre dette. Så eg gjer litt andre ting enn berre å spele, som å gje ut notebøker og slikt. Eg er heldig å ha ein far med mange jarn i elden, så han kan eg sparre med fagleg sett. Det er også viktig for meg å spele med musikarar eg trivst godt med. Det å spele for meg, det er også å vere sosial.
Kven har vore dei viktigaste lærarane dine?
Det er ikkje tvil om at det hovudsakleg har vore to. Den første er far min, Rolv Brimi, som eg hadde nokre år i starten. Men den stor læremeisteren, det er Bjørn Odde, med rausheita si og godlynnet. Eg spelte med han frå eg var 12-13 til 18 år. Men gjennom heile livet, så er det far som har vore den faglege støtta. Eg lærte aldri av bestefar min (Hans W. Brimi, journ.mrk), men eg har med meg ein musikalsk arv og tankegang frå han.
Sjå bestefar Hans og far Rolv i samspel i dette NRK-programmet frå 1978.

Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?
Eg høyrer ein del på musikk både når eg jobbar og slappar av. Ævestaden og Kanaan er ei som eg spelar mykje nå. Den Gånglåten, den er heilt meditativ og nydeleg. Eg har også høyrd ein del på Väntenätter av Mojna i det siste.
Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?
Det var Systerspel av Benedicte Maurset. Men eg driv på med ei notesamling med far min nå, og då les eg ein del litteratur, ikkje frå A til Å, men som oppslagsverk. Eg har akkurat bladd i boka om Fel-Jakup.
Kva var den siste konserten du var på?
For nokre helger sidan var eg på Distrikskappleiken på Riksscenen. Og då var det dansefest på kvelden.
Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
I det siste har eg hatt fokus på Ola Opheim, ein felespelar frå Vågå. Eg synest det ligg så mykje spennande i arkiva, og eg liker å samanlikne arkivopptak. Det er fort å ta eit opptak og seie «slik spelte han», men så kan ein høyre kva han gjorde 10 år etter og samanlikne det. Ola Opheim spelte litt annleis enn sine samtidige felespelarar, noko som har ført til at felespelarar i dag har ulike ideal. Det er det interessant å sitje og fundere på. Eg er lite glad i svart-kvitt-tankegang når det gjeld rytmikk, tonalitet og så vidare. Det finst veldig sjeldan ein fasit.
Skal eg trekke fram noko konkret, vil eg ta Gråkollin som Opheim spelar og som er gitt ut på Norsk folkemusikk-samlinga. Songmessig vil eg trekke fram Rønnaug Vangen. Både far og bestefar gjorde opptak av ho, så eg har mange opptak heime som eg har prøvd å overføre til fele.
Kva er di største kappleiksoppleving?
Det er eigentleg ikkje nokon tvil. Under Landskappleiken i Vågå i 2002 stilte eg i B-klassa med ein springleik etter Hans Holen frå Vågå. Han var ei av få, om ikkje den einaste, kjelda på den leiken. Eg hadde gjort om litt, for eg var i ein slik periode då. Eg skulle vel til å starte på Rauland. Eg hadde stilt fela annleis og endra litt oppbygging. Etter at eg hadde spelt, møtte eg Hans Holen utanfor. Eg var veldig spent på kva han tykte. Og så sa han: «Dette var godt låte!» Då pusta eg letta ut. Dette hugser eg som ein veldig fin respons på noko eg hadde laga sjølv.
Gudbrandsdølenes spelemannslag, der Brimi har vore mangeårig leiar, spelar ein halling dei kallar Hans Holen. Holen var ein god spelemann frå Skogbygda i Vågå, og kan mellom anna høyrast på denne Ta:lik-produksjonen.
I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?
Som dagleg leiar skal eg jo forholde meg til det styret seier, og eg skal utøve det styret og landsmøtet seier me skal gjere. Og det blir bra. Men eg er jo også ute og meiner ting, og noko av det eg synest er ekstra viktig, er det å vidareutvikle ein organisasjon der barn og unge får tilhøyrsle. FolkOrg i dag hadde hatt godt av å få med barn og unge inn heilt frå starten. Eg vil at det skal vere naturleg å vere med i organisasjonen og miljøet heile livet. At miljøet vårt er på tvers av generasjonar, er noko eg synest me skal dyrke. Me gjer mykje bra for å ha arenaer som gjer det naturleg for barn og unge å vere med. FolkOrg bør støtte opp om alle slike arenaer, som sommarkurs. Barn og unge er eitt av mange viktige punkt, og det er kanskje ekstra viktig. Dei må få møte folkemusikken og folkedansen tidleg.