Tekst: Johanne Flottorp
Eir Vatn Strøm gav ut den andre plata med soloprosjektet Eir førre veke, medan Levina Storåkern slepper si første plate i eige namn denne fredagen.
– Er det tilfeldig at de slepper plate med ei vekes mellomrom?
– Det er vel ikkje heilt tilfeldig, for me veit jo når Ævestaden skal ut med ny plate. Så denne våren var ein slags friperiode, seier Levina.
Ævestaden skal gje ut plate på seinhausten, og før den tid skal også Kenneth Lien, trioens siste medlem, gje ut plate med Center of the Universe.
– Me har fått til ei god rekke med slepp før den neste plata til bandet, seier Eir.
Når dei to musikarane skriv musikk som ikkje skal spelast av Ævestaden, har dei ofte eit anna utgangspunkt. Eir tek meir utgangspunkt i synthar frå starten, og i tillegg seier ho at kjærleikslåtene som regel hamnar i soloprosjektet, medan det skikkeleg triste og mørke går til Ævestaden.

Soloprosjektet til Levina er i krysninga mellom musikk og poesi, der ho både syng og les tekstar. Så ho føler ikkje at soloprosjektet hennar konkurrerer om låtar som potensielt kunne ha blitt brukt av Ævestaden. Derimot har ho eit anna bandprosjekt, Diket, som ho også skriv mykje for. Når ho skriv ein låt, høyrer ho for seg kva arrangement den ville kledd. Og det er dette som bestemmer kva band ho tek den med til.
Til soloprosjektet har Levina brukt mykje av det ho lærte på låtskrivarkurs på Musikkhøgskulen med Sidsel Endresen. Det kurset har alle dei tre medlemmene i Ævestaden gått.
– Me fekk ei oppgåve av Sidsel, der me skulle lage noko i kollage-format, altså klistre og klippe i Abelton (musikkprogram, journ. mrk), og det fekk eg veldig kick av. To av låtene på albumet er med frå denne oppgåva på dette kurset. Så det var der det starta for meg. Tekst tek lengst tid, det er vanskeleg å presse fram. Men melodi, det klarer eg å bestemme meg for at eg skal sette meg ned og lage. Tekst har eg ikkje kontroll over på samme måte, seier Levina.
Levina fortel at det tok lang tid å innsjå at det som har blitt til albummet Månadsvill faktisk var noko som kunne bli gitt ut.
– Det tok lang tid for meg å forså at ein kunne gje ut noko så «merkeleg», seier ho.
Eir og Levina bruker kvarandre som sparringspartnarar også i soloprosjekta. Sjølv om dei ikkje har involvert den andre tidleg i prosjektet, har dei høyrt på kvarandres miksar, sparra om cover og litt på tekst. Kenneth Lien spelar også litt på plata til Eir, og Levina har lånt lyre av Eir til innspelinga si.
– Underbevisst har dei vore veldig delaktige, for eg henter inspirasjon frå dei uansett, seier Eir.
Levina seier seg einig.
– Eg har trengt hjelp frå Eir og Kenneth. Det er dei eg stolar mest på.
Namn: Eir Vatn Strøm
Fødd: 1997
Kjem frå: Oslo
Bur i: Oslo
Yrke: Musikar
Namn: Levina Storåkern
Fødd: 1998
Kjem frå: Mölndal i Sverige
Bur i: Oslo
Yrke: Musikar
Kvifor spelar og syng de?
Levina: Pappaen min, som er organist, arbeidde frilans då eg var lita, så musikk var alltid ein del av heimen på det viset. Eg blei oppmuntra til å gå i kulturskule og synge i kyrkjekor frå eg var lita. Eg trivdes ikkje så godt på skulen, så som tiåring fekk eg nyss i at ein kunne gå på korskule i Gøteborg. Det var ein time med buss frå der eg budde, og foreldra mine trudde ikkje eg skulle klare å reise dit. Men det gjekk, og frå å vere litt sånn, ja, kanskje til og med mobba, til å kome i ei klasse der alle song så fint, var snille og gjekk med fargerike klede, det var ei utrulig sterk oppleving for meg.
Eir: Å synge og spele er det beste som finst. Det er det einaste eg alltid har hatt lyst til å halde på med. Eg har blitt oppmoda til det sidan eg var lita. Eg liker å vise fram noko eg har laga sjølv, då føler eg at eg sit på ein hemmelegheit, noko bare eg har fasiten på. Og så blir folk nysgjerrige på kva som er fasiten.
Kva var den siste konserten de var på som publikummarar?
Levina: Eg var på Lankum på Rockefeller i førre veke, då spelte me support med Diket. Eg har hatt veldig lyst til å sjå det bandet live lenge, og det var veldig, veldig bra. Ein morosam måte å blande folkemusikk inn i moderne arrangement.
Eir: Building Instrument på Victoria (Nasjonal jazzscene). Det var heilt sjukt bra. Eg trur eg nesten aldri har sett noko så bra. Dei er berre tre, men høyres ut som dei er ein million. Eg blei skikkeleg inspirert.
Viss de bare kunne høyrt på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Eir: Closing Time med Tom Waits. Den har eg høyrt på heile livet og endå ikkje blitt lei. Det er bare fordi det er så fine tekstar og melodiar, og kvar gong eg lyttar kjem det fram noko nytt eg ikkje har fått med meg før.
Levina: For meg må det bli Martin Langlis EP Østerstaus. Det er ei av platene eg høyrer mest på, og det har eg gjort veldig lenge, så eg veit at den tåler å bli spelt mykje. Den har ei kjensle i seg som gjer at eg kjenner meg både tøff og trøysta når eg har høyrt på den.
Kva er den største folkemusikkopplevinga de har hatt?
Eir: Ein gong eg gjekk på vidaregåande, før eg fylte 18, fekk eg lov til å reise på konsert med Valkyrien Allstars på Riksscenen. Eg var så fan, men hadde aldri sett dei live før. Eg fekk også «stole» til meg ein øl, og då eg stod der følte eg meg vaksen og veldig som del av miljøet. Det var ei ganske sjuk oppleving då.
Levina: Første gong eg høyrde nokon spelte kuhorn, det var på eit spelstämma i Delsbo og mannen var Bengt Jonsson, då visste eg at eg måtte lære meg det. Eg tenkte at om eg lærer meg å spele kuhorn, så kjem eg aldri til å vere lei meg igjen i heile mitt liv.
Men eg har også mange fine opplevingar frå morgonkvisten på Landskappleiken eller på spelstämmer, der nokon spelar solo, så ekstremt fint. Eller som backstage på Tuvas blodklubb nå i april, då me sat rundt eit bord og høyrde Magnhild Garnås Haugen synge heilt solo. Det er nok ei av dei sterkaste opplevingane eg har hatt på veldig lenge.
Viss me ser inn i spåkula: Korleis trur de folkemusikken og folkedansen ser ut om 20 år?
Eir: Då trur eg folkemusikken er den vanlegaste musikken. Det er den som blir spelt på radio, og på festar er det meir pardans. Alle veit veldig godt kva folkemusikk er, og det er mange band som spelar det. Me har blitt game travarar som fortsatt held på, og kanskje kjem folk bort til oss og spør om me kan undervise på NMH eller noko.
Levina: Eg trur det har vore fleire bølgjer innan då. Men kva er det då som er den hippe, moderne folkemusikken? Kanskje kan det blir eit endå meir konservativt ideal, endå meir nerding på tonalitet, gammalt solospel, og at modernisering ikkje er like hipt. Det er ikkje nødvendigvis bare det eg ønsker, men eg kan sjå for meg at det kan skje. Det som skjer nå for tida, er at folk søkjer seg tilbake. Dei vil relatere til det indre i seg, i bruset som me lever i. Og jo meir brus det blir, kanskje blir det endå meir interesse for det heilt tradisjonelle.