Tekst: Kjellbjørn Karsrud
– Det snør ikkje i dag, og det skal heldigvis bli betre vêr neste helg! fortel Gjeldokk då Folkemusikk slår på tråden fredagsmorgonen.
– Korleis går førebuingane?
– Det ser greitt ut! Det hadde ikkje vore festival om det ikkje var litt kaos. Det er mykje som er på stell, men det er mykje å drive med. Det går mykje i Excel og diverse liste no.
– Kva kan du fortelja om årets program?
– Det er eit program som er variert. Me har ein god del tradisjonelle og solistiske konsertar, som er viktig for oss. Kvedaren Martin Steinum Brun frå Vågå, fjorårets unge folkemusikar har solokonsert. Det blir hardingfelekonsert med Sindre Tronrud og Åsmund Jøtun. Plateaktuelle Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg kjem. Det blir også ein durspelkonsert med Ingunn Stræte, Håkon Tveito og Lisbeth Haraldsen. Dei lærte alle av Embrik Bergaplass, og det er 100 år sidan han vart fødd i år.

– Det blir vel også noko meir moderne uttrykk?
– I tillegg til det solistiske har me for eksempel Valkyrien, Reolô, Revolver og Skurken på dansegolvet, så det blir i andre enden, med arrangert folkemusikk. Sven Nyhus kvartett med dottera Åshild i front kjem, det er stas at denne gruppa har gjenoppstått! Dei skal ha konsert og spela til dans.
Heile programmet for festivalen finn ein her.
– Ja, det blir mykje sosialt på kveldstid?
– Det blir dansefest på hotellet, fredagen er det lagt opp til mykje dans på Sundrehall med blant anna Madam Jam sitt plateslepp. Det blir også slåttestafett i samband med dette. Det blir mykje dansbart, også americana, så det blir høve for å danse swing for dei som vil det!
Ein annan del av programmet er kurs i song og dans, det blir også bokslepp og føredrag om hovudplagg i Hallingdal.
– Det blir stas med boksleppet til Anders Lunden Herfoss. Det er ein imponerande innsats han har lagt ned med å samle inn det som er av opplysningar om spelemenn frå Ål. Blir både liveopptak og arkivopptak. Det er ekstra artig at dette blir på forsamlingshuset Solhov.
Den tradisjonelle Fanitulltevlinga er venta å trekke fleire gode utøvarar også i år.
– Det er ei tevling der hardingfele og fele tevlar i same konkurranse og formidlinga av låttane er viktig. Det er ein viktig post på programmet som samlar mange gode spelmenn på Ål. Det er også ei superfin konsertopppleving!
Kyrkjekonsertane har vore med sidan festivalen starta opp.
– Det er opningskonserten vår, og i år er det organisten i Ål Vemund Olav Aukrust saman med Ingrid Lingaas Fossum som skal ha ei avdeling. Det blir også langeleik, bukkehorn og toradar.
Fakta:
Solfrid Nestegard Gjeldokk
f. 1987
Oppvaksen på Geilo, bur i Ål.
Dagleg leiar i Folkemusikkveka i Ål
Kvifor syng du? Kor ofte driv du med dette?
Det har eg aldri tenkt på. Eg har sunge store delar av livet, og begynte i barnekor og deretter ungdomskor. Eg har hatt det som hobby, samtidig som eg har vakse opp med folkemusikken. Det har vore ein naturleg del av livet. Eg har høyrt at bestemor mi song heime, men eg har eigenleg ingen kvedarar i slekta.
Eg syng mykje når eg køyrer bil og heime, men ikkje når det er folk rundt meg. Det blir ikkje så mange konsertar, eg har jo laga ei plate som er veldig sesongbasert – Solhov. Kanskje det er på tide å få ut ei ny med eit anna konsept?
Plata Solhov var ei av dei som vart nominerte til Spellemann i klassa tradisjonsmusikk i år.
Kven er dei fremste læremeistrane dine?
Eg har nok ikkje hatt så mange direkte læremeistrar, men då eg gjekk på Ole Bull hadde eg Gunnlaug Lien Myhr, og då eg budde i Bø song eg med Agnes Buen Garnås.
Gunnlaug Lien Myhr var lærar for Gjeldokk då ho studerte på Ole Bull.
Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?
Den siste eg høyrde på i bilen var Triakel – Sånger från 63° N.
Solfrid Nestegard Gjeldokk vil tilrå denne om lag 20 år gamle plata av den svenske gruppa Triakel.
Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?
I samband med Olav Sletto-arrangementet me skal ha under Folkemusikkveka, har eg lese i boka 50 år med folkemusikk av Rolf Myklebust.
Kva var den siste folkemusikkonserten du var på som publikummar?
Det var på Blodklubb på Riksscenen i april med Marit Karlberg, Øyonn, Silje Liahagen, Martin Steinum Brun og Arve Moen Bergset. Veldig bra, alltid veldig kjekt på blodklubb, både konserten og festen.
Kva for folkemusikkarrangement står på planen for sommaren?
Eg skal iallfall på landskappleik og Jørn Hilme-stemnet, så får me sjå. Eg skal gifte meg i august, så eg trur ikkje det blir tid til så mykje meir!
Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk?
Det var meisterkonserten på Landskappleiken i fjor. Det var Ulf-Arne Johannessen, Ingunn Stræte og Margit Myhr sin dans med Hekate som song. Det var ein heilskapleg innertiar! Det var som eit lite gløtt inn i ein magisk verd!
For andre gong i Fredagspraten blir hallingspringaren til Margit Myhr, Ingunn Stræte og Ulf-Arne Johannessen trekt fram som fjorårets folkemusikalske høgdepunkt.
Kva for ynskje har du for folkemusikken og -dansen framover?
Eg skulle ynskje det hadde ein større plass i alle sin bevisstheit og ein meir naturleg del i folks liv. At fleire visste om folkemusikken og sette pris på han, slik at det ikkje var ein nesten hemmeleg sjanger, men at det er naturleg å danse og vera med!