Tekst: Johanne Flottorp
Vegar Vårdal fylte 50 år denne veka, og i bursdagsgåve til seg sjølv, har han tatt initiativ til prosjektet Alumni, der han har med seg fire tidlegare studentar som han har gitt kvar si utfordring, og som har utfordra han tilbake.
– Dette er inspirert av filmskaparen Lars von Tirer sine fem beinspenn, der vennene hans Jørgen Leth ville sørge for at Trier fekk nokre utfordringar, samtidig som han laga dokumentarfilm om det. Til dømes måtte han lage teiknefilm, som han hatar. Men han tok utfordringa og skapte noko nytt – ingen har laga teiknefilm som han har gjort. Eg tenkte at noko slikt kunne vore bra for meg også, seier Vårdal.
– Eg ville ha nokon som fungerte godt saman, og så var det viktig å ha med nokre av dei første elevane eg hadde på Vinstra vidaregåande skule. Bjørn Kåre, Sigrid og Sivert er alle blant dei. Bjørn Kåre jobbar eg mykje med i dag, Sigrid har eg følgt opp på master og hatt mykje å gjere med i samband med Heme dine, og Sivert gav eg mange samtidsmusikkutfordringar på Vinstra, så det visste eg ville bli gøy. Så ville eg også ha med nokon frå Ole Bull Akademiet, så då valte eg Ingrid med langeleiken. I tillegg syng ho, så det blei topp.
Vegar Vårdal vart utfordra av Sivert Holmen til å lage ein tradisjonell telespringar.
Det er to år sidan Vårdal ringte rundt til musikarane i prosjektet og spurte om dei ville vere med. Så har han og kona Mette Vårdal jobba med å få på plass finansiering, og i oktober i fjor møttest musikarane og fekk utdelt utfordringane sine. Dei hadde samling igjen i januar for å øve inn utfordingane saman, før dei spelte på festivalen Innpuls og så gjekk i studio. Nå er turneen avslutta, og plata lever sitt eige liv der ute.
Mette Vårdal har laga ein kortfilm om prosjektet.
Faktaboks
Namn: Vegar Vårdal
Fødd: 06.05.1975
Bur i: Vågå
Kjem frå: Eg er fødd i Lofoten. Nokon seier at eg er frå Bærum eller Finnskogen, men eg har budd mesteparten av livet i Vågå.
Kvifor spelar du?
Eg spelar fordi eg såg opp til far min som spelte, og eg ville vere som han. Eg kan hugse at eg sat og leika med bilbane medan han spelte, og det gav meg så mykje ro og tryggleik. I dag speler eg fordi at om eg slutter, så er det som om ein del av meg forsvinn. Eg trur ikkje eg klarer meg utan. Det er heilt nødvendig for meg å spele.
Sven Nyhus var ein av dei fremste læremeistrane til Vegar Vårdal. Sjå blant andre Vårdal heidre Nyhus i denne 90-årskonserten på Riksscena for nokre år sida.
Kven har vore dei fremste læremeistrane dine?
Pappa var den viktigaste for å få meg opp og gå som felespelar. Så hadde eg Anne Berit Halvorsen, og ho var den som fekk meg over kneika i ungdomstida. Og så hadde eg Sven Nyhus først eit år på Rauland og så seks år på Musikkhøgskulen.
Kva var den siste plata du høyrde på?
Eg har høyrt på veldig mange bra plater i det siste. Men den siste til Erlend Apneseth, Song over støv, er veldig kul. Eg liker konseptet hans.
Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?
«How Equal Temperament Ruined Harmony (and Why You Should Care)» av Ross w. Duffin. Eg les den fordi det er jo sant. Pianoet som er temperert har øydelagt harmoniar. Ta ein reinstemt feleslått – tenk deg om nokon spelte hardingfele temperert. Dette høyrer me i popusikken i dag, og det er derfor den musikken er flat. Det er gøy om me i folkemusikken kan tenke endå meir på dette og jobbe meir med reinstemt skala. Ta Ingrid i Alumni-prosjektet. Med henne må me stemme reint, elles funker det ikkje.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Det var splitkonsert på Munchmuseet med Masåva og Erlend Apneseth Trio. Veldig gøy, altså.
Kva for arrangement står på planen for sommaren?
Eg skal på Landskappleiken, Landsfestivalen, og i dag har me diskutert og kome fram til at me nok må på Hilme også. Det eg skal spele på, er Stämmoveckan i Boda, eit vekskurs, og så skriv eg tingingsverk til Telemarkfestivalen som skal framførast der i august.
Vegar Vårdal frå Landsfestivalen i Vestnes i fjor.
Kva er det beste du har funne i eit arkiv så langt?
Eivind Groven sin kladd til feleverket, det er skikkeleg gull. Elles vil eg tipse om Gardar Jakobsson, som eg har funne i det islandske arkivet. Han speler så heftig og fandenivolsk, bare gønner på heile tida.
Kva ynskje har du for folkemusikken og -dansen framover?
Me i Kultivatorpodden har hatt ein idé om at folkemusikken skal ta over verda, og det har den byrja å gjere nå, så det ønsket er halvvegs innfridd. Men eg har også eit anna ønske for folkemusikken og folkedansen, og det er at me klarer å halde på særpreget som finst i alle tradisjonane overalt i Noreg.