Tekst: Johanne Flottorp
Neste helg er det kappleik i Seljord, med fylkeskappleik laurdagen og stor konsert for å markere 200-årsdagen til Leiv Sandsdalen på fredagen.
Aud Manheim er med i kappleiksnemda, som har arbeidd sidan tidleg i vår med å lage eit godt program for dei som tek turen til Seljord neste helg.
I år starta dei førebuinga tidleg, for det var ein stor konsert som skulle planleggast. Fredag kveld blir kappleiken sparka igang med Sandsdalen-konserten der Knut Buen, Alf Tveit, Magnhild Garnås Haugen, Lars Erik Skjøtskift Øygarden, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Ragnar Haugstøl og Sara Fjågesund Aase deltek. Dei skal spele, kvede og fortelje om Sandsdalen. Etter konserten blir det dans, noko det også blir etter kappleiken laurdag.
Årets utgåve av Seljordskappleiken er også fylkeskappleik for Telemark. Noko anna som er spesielt i år, er at folkemusikklaget i Seljord har overtatt 15 vandrepokalar frå Spelemannslaget Sullarguten, som arrangerte Jolekappleik i Høydalsmo kvart år fram til 2004. Sjølv om det er lenge sidan sist desse vandrepremiane blei delt ut, er det nokre av dagens aktive A-klassingar som har napp i dei, kan Aud Manheim fortelje.
I tillegg til pokalane, har Seljord folkemusikklag også ein anna gjæv vandrepremie. Det er ei fele laga av Ottar Kåsa, ei såkalla Smedal-fele. Felemakaren har sjølv eit napp i denne, og det har også fleire andre felespelarar frå Telemark. Same ordning gjeld for denne som for dei andre premiane; får du tre napp, får du fela til odel og eige.
Seljordskappleiken har vore arrangert i mange år. Aud Manheim kan ikkje hugse at det ikkje har vore kappleik i bygda.
– Eg var på kappleik for første gong på 60-talet. Då hadde me kappleik over to dagar, først med kappspel om laurdagen, så kappdans om søndagen. Då var det fullt køyr her i Seljord, med dans i to salar om kveldane, fortel Aud.
Tidlegare blei kappleiken arrangert på sommaren, i samband med Seljordspelet som var i månadsskiftet juni/juli. Men etter at det var slutt for det tradisjonelle spelet etter over 40 år, blei kappleiken flytt til hausten. Men det er to store ting ein må styre unna i Seljord. Dyrsku’n, som er eit viktig samlingspunkt for heile bygda og fleire titusentals tilreisande, og elgjakta.
– Me har krasja med elgjakta nokre gonger, og det er ikkje så lurt. Så nå er kappleiken helga etter Dyrsku’n og før jakta, seier Aud.
Namn: Aud Manheim
Fødd: 1947
Kjem frå: Seljord
Bur i: Seljord
Yrke: Ulike kontorstillingar i stat og kommunar i meir enn 40 år
Kvifor dansar du?
Det ligg vel litt både i blodet og i beina. Far min var god til å danse og interessert i musikk. Han lærte meg å danse heime på stovegolvet til Folkemusikkhalvtimen på radioen, og så rundt konfirmasjonsalder byrja eg å danse i ungdomslaget. Eg var med på den første lokalkappleiken min då eg var 15-16 år, og så bare fortsette det. Eg liker å danse og å møte andre gode dansarar i eit veldig fint miljø. Så eg har vore på absolutt alle landskappleikar sidan 1970.

Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Ein av dei siste skikkeleg store folkemusikkonsertane eg var på, var meisterkonserten i Eidfjord. Det skal noko til å måle seg med den. Men eg har også vore på Västanå teater i sommar, og nå nyleg var eg på konsert med Vesterveg her på Granvin kulturhus i Seljord.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Eg har høyrt mykje på Bjarne Herrefoss, Knut Hamre og Knut Buen. Men etter kvart har eg også høyrd mykje på Ottar Kåsa og Per Anders Buen Garnås. Når eg høyrer på dei kan eg ikkje site heilt stille, då må eg opp og danse litt. Dei er veldig gode dansespelemenn. Men eg har ikkje bare ei plate eg kan spele resten av livet. Det gjeng ikkje å velje, det.
Kva er den største kappleiksopplevinga du har hatt?
Eg kjem godt i hug Hallvard Bjørgum på Landskappleiken i Bø i 1988. Då var han på sitt beste. Det koka i salen då, men bevares, det er mange å velje i her også, og vanskeleg å trekke fram bare eit minne. Eg høyrde opptaket med Hallvard Bjørgum att på Folkemusikktimen nå på søndag, så då blei eg påminna denne opplevinga.
Om eg skal nemne noko der eg sjølv var med, så var det på Landskappleiken på Geilo i 1986. Då dansa eg med Kristian Hanto og Knut Buen spela for oss. Nokon gjorde eit amatøropptak, og det har dukka opp nokre gonger på Facebook. Det har vore grueleg moro å sjå det att. For det var heilt spesielt den gongen. Knut måtte også danse litt. Dei har sagt det dei to andre også, at det var noko spesielt som skjedde den gongen og at det gjeng ikkje an å gjere reprise av det.
Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?
Eg tenkjer på den bølgja som er nå, og som har vart eit par år. Eg merka det godt på Landskappleiken på Gol og i Lom og har trua på at denne bølgja kjem til å vare lenge framover.
Mange av dei unge spelar også saman med andre, og det trur eg blir ein lettare inngang for dei som ikkje er så vand med folkemusikk frå før. Då blir terskelen lågare for nye, og så nå dei først er innafor, så blir det mykje som er interessante å undersøke nærmare.