Laurdag kveld blei Gåte ropt ut til vinnar av MGP. I finalen i Trondheim spektrum framførte dei låten Ulveham med ny tekst for første gong.

Den siste veka har det vore mykje skriveri om Gåte, etter at dei fekk beskjed om å gjere om teksten til bidraget sitt for å møte reglane til den europeiske kringkasteren EBU.

I dette intervjuet med Folkemusikk fortel Gunnhild Sundli om tekstendringane. 

Gåte var på førehand favoritt hos bookmakarane, og hadde ein odds på over 50 prosent for siger. Spådommane blei innfridde, men sigeren var ikkje så overlegen som mange hadde trudd.

Gåte vann MGP
Gåte vann laurdag den nasjonale finalen i MGP. Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Etter at poengsummane frå ti europeiske juryar hadde blitt delt ut, var det Keiino som låg på topp. Då poenga frå dei norske sjåarane skulle presenterast, blei Gåte lest opp nest sist og landa på 250 poeng. For å vinne, måtte Keiino frå 152 poeng frå folket. Dei fekk 146, og med det kunne Gåte sleppe jubelen laus.

Den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest blir arrangert i Malmö i mai i år. Årets norske MGP har vore prega av protestar og opprop mot Israels deltaking i den internasjonale finalen. Gåte har tidlegare uttalt til NRK at dei opplever det som problematisk viss Israel skal vere med i finalen slik situasjonen er no.

Noreg har plass i den andre semifinalen 9. mai. Det same har Israel.