Tekst: Pressemelding

Førsteårsstudentane i Rauland arrangerer sin første kappleik i kappleiksfylket Telemark. Det trur dei vil gå veldig bra. Fjorårets Vinterkappleik i Rauland fekk rekordmange deltakarar frå inn- og utland. Kappleiken som har blitt ein av dei mest populære i landet.

- Vi satsar på at det blir slik i år også. Vi har allereie mange påmeldte, seier kappleiksgeneral Thea Myrjord Norheim.  

Her finn du informasjon om korleis du kan melde deg på.

Saman med Jonas Støre har bøheringen ansvar for at kappleiken går som planlagt. Det er første gong dei arrangerer kappleik, men dei har begge lang erfaring frå kappleikslivet.  

- Det er veldig spennende, lærerikt og litt skummelt, men det går overaskende bra. Vi er et veldig bra team, Norheim.  

Det å arrangere kappleik i tradisjonsfylket Telemark er ingen leik. Her tar folk kappleik på alvor. Det skremmer ikkje dei ferske generalane. Det viktigaste for dei er å skape ein arena der folk kan få vise fram det dei kan.  

- Det er både gøy å skummelt å arrangere kappleik i Telemark. Det er en stor kappleikstradisjon her og mange deltar, seier Norheim.  

Vinterkappleiken er ein del av Rauland Vinterfestival som går av stabelen 12.-16. Februar.   Vinterkappleiken tiltrekk seg deltakarar frå mange ulike stadar, og er kjent for å ha ei mangfaldig deltakarliste.

- Det gjer den meir variert enn mange andre kappleikar på same storleik, og ikkje minst i Telemark. Det er artig å delta når det er mykje variasjon. Og så har kappleiken ei veldig fin ramme med Vinterfestivalen, som gjer at det er mykje folk og god stemning heile veka, seier Støre.  

Du finn programmet for heile Vinterfestivalen her.